Ei arktisk enigma

I 1974 fiska den britiske trålaren "Gaul" i Barentshavet. Fredag 8. februar forsvann båten med eit mannskap på 36. Trålaren gjekk ned så brått at mannskapet aldri rakk å sende noko nødsignal. Vraket blei ikkje funne før 1997, og årsaka til forliset er framleis uklar.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Ein stor redningsoperasjon blei koordinert av redningssentralen i Bodø frå 11.-15. februar, for det meste i veldig dårleg ver, og utan resultat. Ei formell etterforsking blei sett i gong, og konkluderte med at trålaren kantra og gjekk ned på grunn av store bølgjer.

Men mangelen på bevis skapte diskusjon. Rykte byrja å gå om at “Gaul” var torpedert, eller fanga av den sovjetiske marinen som eit spionskip, og nokre av familiane fatta håp om at mannskapet kanskje framleis var i live ein eller annan stad i Sovjetunionen.

Britisk-norsk ekspedisjon

Britiske myndigheiter var ikkje i stand til å tilbakevise desse rykta med konkrete bevis, og det blei lagt press på styresmaktene for å få i gong søk etter “Gaul” og mannskapet. Ulike private initiativ kom fram med forslag til søk, men framleis utan resultat.

I August 1997 reiste ein ekspedisjon finansiert av den britiske tv-kanalen Anglia Television saman med NRK til Barentshavet for å søke etter vraket. Det blei lokalisert ca 55 nautiske mil nord for Nordkapp, på om lag 280 meters djup. Ein dokumentarfilm utløyste ny interesse frå britane si side.

Etterforskinga opna på nytt

I 1998 gjorde så britiske myndigheiter ei undersøking av vraket med kamera. Rapporten gitt ut i april 1999 konkluderte med at Gaul forliste fordi vatn hadde fått strøyme inn gjennom opne dører og luker, etter å ha fått gjennomgå av fleire svært store bølgjer. Men den 15 august 1999 blei den formelle etterforskinga opna på nytt.

I september 2000 rapporterer britiske The Guardian at etterretningstenesta MI6 var kopla til den forliste trålaren. Avisa melde også om frustrerte og sinte pårørande, som heile tida hadde mistenkt at trålaren blei senka av russarar medan den var på spionasjeoppdrag for den britiske marinen. Ei ny undersøking av vraket av trålaren skal bli gjennomført i sommar, i samband med gjenopninga av den formelle etterforskinga av forliset. Eitt av måla er å leite etter bevis i samband med skuldingane om at Gaul var involvert i spionasje.

Den norske meteorologiprofessoren Sigbjørn Grønås er no i ferd med å rekonstruere vêret i Arktis den 8. april 1974, og resultata så langt støttar klart teorien om at “Gaul” blei overraska av dårleg vêr i form av ein arktisk front.

Offentleg informasjon om trålaren Gaul

Ingressfoto: Frank Cleveland, Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen

Powered by Labrador CMS