Kronikk: Fargerik juletid

Innsikt i rammene og symbola for jul kan gjera oss audmjuke for større samanhengar, men symbola er mangetydige, skriv Anne Kalvig i denne kronikken.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Englane daler ned i skjul, som ikkje er bak vedskjul, slik mangt eit barnesinn førestiller seg det, men i løyndom, og lønnlig iblant oss de går. Dette er eit godt bilete på jula sine magiske og okkulte side. (Foto: Colourbox)

Jula er ei deilig tid for mange i vårt samfunn. Dei som distanserer seg frå jula, kan ha sine religiøse, ideologiske eller kanskje bittert erfarte grunnar til dette.

Me som synst jula er gledeleg og frydefull, er heller ikkje utelukkande hylla inn i magisk fortrylling i desember – jula inneber mykje arbeid, og kanskje nokre skuffande eller sorgtunge stunder også.

Men stort sett kjennest førjul, jul og romjul som ei god og forunderleg tid, inkluderande, krevjande, masete og fredfull, i ein pakke. Ho er alt frå julekalender og julebord til julefred og juleenglar.

Kor kjem denne kakofonien av jule-assosiasjonar og jule-merkelappar frå?

At jula er ein miks av spiritualitet og kommers, av det åndelege og materielle, det overflatiske og det inderlege, er temmeleg openbart. Denne blandinga er ein del av suksess-oppskrifta til fenomenet “jul”, som er importert av land som i utgangspunktet ikkje ville gjort eit stort nummer ut av å feira Jesu fødsel.

Krybba med Jesusbarnet er heller ikkje hovudfokus i juleutstillingane i våre heimlege byrom, eller i statskanalen sine jule-tv-kalendrar for den saks skuld.

Fredsfyrstens fødsel

Om enn der finst eit butikkutstilt stall-tablå her og der, finn me fredsfyrsten sin fødsel på barne-tv stort sett som eit metaforisk poeng gjennom andre graviditetar og fødslar. Den danske tv-kalenderen “Jesus og Josefine” som i fjor blei sendt på NRK, var eit særsyn i så måte.

Der Jesussymbolikken er ganske avdempa, drys julestjernene ned i hopetal i desember – det er vel meir logisk å ha lysande stjerner i vindauget, enn glødande spedbarn.

Stjerna er i kristen tyding sjølvsagt Betlehemsstjerna, som lyste for dei heilage tre kongane, eller astrologane og magikarane, så dei fann vegen til Menneskesonen si ringe seng.

Krybba med Jesusbarnet er ikkje hovudfokus i statskanalen sine jule-tv-kalendrar. Årets julekalendar på NRK er Julekongen. (Foto: NRK)

Kor blei det av fredsbodskapen i dette salige symbolrotet?

For den kulturkristne eller aktivt ikkje-kristne, fungerer jo også stjerner – for høvet julestjerner – som peikande mot kosmos, lys, det vakre, kanskje åndeleg rettleiande.

Klassikaren “Reisen til julestjernen”, handlar ikkje om å finna Jesus, men om ei reise for å finna sjølve jula og jula sine verdiar, symbolisert i stjerna som har forsvunne, slik også dronninga og dottera hennar er blitt borte i denne soga. Her er parallellane til før-orientalske gudinnemytar openbar, men den patriarkalske nissen i forteljinga avbalanserer det heile.

Englene daler ned i skul

Også englane glitrar i desember. Engleskolen Astarte Education (oppkalt etter ei fororientalsk gudinne som hadde stjerna som symbol) blir kanskje oppfatta som skurrande elles i året, men til jul er det engleamnesti!

Men englane daler ned i skjul, som ikkje er bak vedskjul, slik mangt eit barnesinn førestiller seg det, men i løyndom, og lønnlig iblant oss de går. Dette er eit godt bilete på jula sine magiske og okkulte sider. Ikkje alle vil synast slike ord passar til julefred og julehygge, men det er ein del av pakka.

Den jula som har funnest som vintersolvervsfeiringar i ulike område ennå før tydinga av Jesu fødsel tok til å bli feira, har innlemma det mørke og farefulle i større grad enn kva nåtidas jul gjer.

Julebukk er eit vagt minne om dette. Slike “raid” i mørket kan fagleg kallast “The Wild Hunt”, og refererer til ulike paganistiske rite for å stiga ned i og la seg forvandla av mørket. Midtvintersdykket ned i mørket har innlemma døden, angsten og minnet om slekta mellom dei levande, slik at feiring av lyset, livet og fruktbarheita skjer med fornya innsikt. Halloweenfeiringa representerer opphavleg desse tydingane.

Julenissen er ein magisk fyr som kan fly

Det er ein heil periode som ligg i uttrykket jul/jól, og hos oss greidde ein ikkje heilt erstatta heidensk juletid med feiring av barnefødselen/messe for frelsaren (Navidad/Christmas).

Julenissen er nok eit herleg juleblandingsprodukt: Han er ein magisk fyr som kan fly, som barna får tru på og be til (ønskeliste) ein kort periode i livet. Han er inspirert av ein gåvmild, gresk biskop frå 300-talet, Sankt Nikolas, allminneleggjort av Coca Cola, og hos oss delvis smelta saman med småfolket, særleg fjøsnissen.

Nokre hevdar at nissen også kjem frå den nordsibirske sjamanen som kraup ned ljoren under midtvinterfeiringa med tørka fluesopp og, som sjamanar flest, kunne “fly”.

Kor blei det av fredsbodskapen i dette salige symbolrotet? Romersk saturnaliafeiring og vikingane sin tradisjon med å drikka jól poengterte fred og fruktbarheit og ligg innbakt i det globale juleminnet, saman med den kristne fredsbodskapen.

Nå som før er jula som utskilt tid ein periode der me samlast som familie, et i saman, gjev gåver og minnast nokre verdiar, ønske og håp som lett kan koma i bakgrunnen i kvardagsstrevet.

Innsikt i rammene og symbola for jul kan gjera oss audmjuke for større samanhengar, men symbola er per definisjon mangetydige. Såleis har jula ein kraftig fredsbodskap til dei som trur kultur og samfunn er reine, statiske storleikar, det stemmer ikkje: me er alle blandingsprodukt.

Powered by Labrador CMS