Skulen og fryktbransjen sine nyttige idiotar

Kronikk:Datamaskina sitt inntog i skulen har skapt panikk blant ein del lærarar og politikarar. Mange roper på Facebook-forbod og stenging av Internett i klasserommet. Det er heilt feil veg å gå.
22.3 2011 05:00


(Illustrasjonsfoto: Colourbox)

Det er frå grekarane ein skal ha det. I dialogen Faidros fortel Platon sin hovudprotagonist Sokrates ei segn om den egyptiske kongen Thamus.

Thamus blir vitja av guden Theuth, som tenkjer å gje Thamus alfabetet i gåve. Denne gåva vil gje folket i Egypt kapasitet til å hugse alt. Kongen reagerer med skepsis og hevdar at alfabetet vil verke motsett.

I staden for å fremje minne vil skrifta fremje gløymsle, av di folk vil hente minnet sitt frå framande teikn utanfor seg sjølv, ikkje innanfrå. Dette er ei utvikling og ein teknologi kongen ikkje ønskjer, og Sokrates sluttar seg utan vidare til dette.

Det går ei linje frå denne segna til dagens diskusjonar om kunnskap og teknologi. Med jamne mellomrom står engstelege lærarar fram og fortvilar over at dei har mista kontrollen over klasserommet, og dei gjev datamaskina, og særleg sosiale medium som Facebook, skulda.

Eit fiendebilete av teknologien

Frå før kjenner vi diskusjonar frå heile landet om elevar og studentar som bruker datamaskina og Internett til å lappe saman oppgåver frå nettet. No sist har frykta innteke Sunnmøre, der både pedagogikkprofessorar, politikarar og lærarar gjev Facebook skulda for alt frå manglande kontroll i klasserommet til fråfall i skulen.

Ved å spele på frykt for dårlege skuleprestasjonar, juks og moralsk forfall teiknar desse lærarane og politikarane eit fiendebilete der teknologien kjem utanfrå og inn i skulen for å øydeleggje for læring og meiningsfylte aktivitetar. Løysinga på dette problemet lèt alltid til å vere den same i alle diskusjonar: å hindre tilgang, å filtrere vekk bestemte nettsider eller beint fram å slå av tilgangen til Internett.

Det er lett å gjere eit poeng av at denne måten å freiste å få tilbake kontroll på er i slekt med metodar vi den siste tida har vore vitne til i land som vil slå ned opprørarar. Og her er òg ein tydeleg parallell til forholdet mellom frykt og kontroll som ulike myndigheiter speler på i dagens diskusjon om datalagringsdirektivet.

Viker unna utfordringer

Utfordringar i klasserommet handlar i denne diskusjonen ikkje lenger om lærarrolla, om fag, om danning eller om gjensidig respekt, samarbeid og tillit. Dei pedagogiske utfordringane blir til spørsmål om kontroll over ein kaotisk situasjon, og kontroll blir her forstått som tiltak, verktøy og programvare for å minimalisere skadar og redusere trugsmåla utanfrå.

Slik vik ein unna dei reelle utfordringane i klasserommet og reduserer faglege og menneskelege spørsmål til spørsmål om teknologi. Å jukse og å snike seg unna handlar ikkje lenger om å bryte tilliten til læraren, foreldra eller medelevane, men om å finte ut barrierane og kome rundt teknologien.

Dette lærer elevane den første veka på skulen, og sidan dei ikkje må stå til ansvar verken for medelevar eller lærarar, treng dei ikkje eingong ha dårleg samvit. Ein har med dette på det mest naive viset dytta nokre av dei viktigaste sosiale og pedagogiske spørsmåla vi står overfor i dag, ut av skulen og over i ein kald, teknologisk sfære.

Eleven en juksemakar?

Eit langt meir alvorleg poeng er likevel synet på eleven som blir snikinnført i dette regimet av plagiatkontrollar, overvaking og filtrering. For det er eit ope spørsmål om den skulen vi endar opp med på dette viset, er i stand til å møte eleven som eit menneske som kan reflektere over og ta ansvar for eigne val.

Snarare er eleven a priori mistenkeleggjort, ein juksemakar som berre ikkje er teken enno. Uavhengig av om eleven faktisk kjem til å jukse eller ikkje, er dette svært alvorlege signal å sende, og det er eit passande spørsmål å stille om det er ein slik skule og eit slikt samfunn vi vil sende ungane våre ut i.

Lever av moralsk frykt

Bak heile diskusjonen om plagiatkontroll og overvaking av datamaskiner står sjølvsagt ein svær programvareindustri klar med løysingar på problem dei sjølve tener grovt på, og jamvel langt på veg har skapt.

Denne bransjen lever godt av denne moralske frykta som har festa seg i skulen, og som blir formidla til alt folket av desse lærarane som står fram i avisene med opptrekte skuldrer og prøver å finne unnskyldningar for si eiga faglege og pedagogiske hjelpeløyse.

Det dei kan trøyste seg med, desse, anten dei no er professorar, politikarar eller lærarar, er at dei iallfall gjer ein god figur som nyttige idiotar for fryktbransjen.

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg.

Disse vesenene var blant de aller første dyreartene og dominerte  verdenshavene i sin storhetstid. 

Er du pasient eller kunde på et sykehus? Vil du ha pleie eller service? Behandlingslinjer er på vei inn i helsevesenet.