Kronikk: Korleis stimulere til regional innovasjon?

Innovasjonar er generelt prega av usikkerheit. Slike kan derfor vere vanskeleg å styre. Forskingsrådprogrammet VRI (Virkemiddel for regional innovasjon) prøver likevel å gjere det. Dette har vist seg å by på utfordringar.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Foto: Colourbox)

Vilkår for nyskaping har fått aukande merksemd i næringspolitikken på 2000-talet. Ei rekkje nye innovasjonsvirkemiddel er introdusert og kva som fører til innovasjonar har såleis blitt eit avgjerande spørsmål både i næringspolitikk og -forsking.

Ideen om regionale innovasjonssystem (RIS) spelar ei viktig rolle i denne diskusjonen. Denne byggjer på to føresetnader: For det første at innovasjonar ikkje er resultat av isolerte hendingar knytt til individ og verksemder, men av eit samspel i eit funksjonsdelt system som kan omfatte bedrifter, finansinstitusjonar, styresmakter og kunnskapsinstitusjonar.

For det andre at samspelet er geografisk avgrensa der det regionale nivået er viktig og der nærleik mellom aktørar blir sett på som avgjerande.

Samtidig lir eksisterande regionale innovasjonssystem ofte av manglar; at eitt eller fleire element som bør inngå i slike system, er for svakt utvikla i regionen. Oppgåva til styresmaktene blir å rette opp dei svake sidene ved regionale innovasjonssystem med dertil eigna virkemiddel.

Det nasjonale forskingsrådprogrammet VRI (Virkemiddel for regional innovasjon) er eit slikt virkemiddel, eller rettare det er ei samordning av ei rekkje virkemiddel med dette formålet. Siktemålet med VRI er først og fremst å rette opp det som blir opplevd som eit svakt samspel mellom regionale forskingsmiljø og næringsliv.

VRI, som blei sett i verk i 2007, har fungert som ein prøveklut for å gje regionale aktørar ei meir sentral rolle i innovasjonspolitikken. Fire forskingsmiljø, Møreforsking, Vestlandsforsking, SNF og IRIS, har samarbeidd om å analysere iverksetjinga av VRI i dei fire vestlandsfylka. Programmet har generelt hatt problem med å finne sin plass i innleiande fasar. Fire forhold har vore spesielt utfordrande.

Styrt ovanfrå – likevel

VRI starta ut med store ambisjonar om regional kontroll. Men dei sentrale retningslinjene for programmet la sterke føringar på korleis dei regionale initiativa skulle utformast. Dette har skapt eit virkemiddel som ikkje alltid er like godt tilpassa røyndommen i dei ulike fylka.

Manglande finansiell ryggrad har dessutan verka til at programmet ikkje har fått den dominerande rolle som det var tiltenkt. Like mykje har manglande regionale prioriteringar generelt skapt eit profilsvakt program som slit med å kome til syne.

Trass dette har VRI gitt fylkeskommunen ei meir aktiv rolle i innovasjonspolitikken i alle vestlandsfylka. Dei regionale initiativa i programmet skulle bygge på fylket sine eksisterande prioriteringar. Samtidig var det eit krav at minst 50 prosent av finansieringa blei dekt gjennom ulike typar regionale midlar. Begge delar har styrka posisjonen til fylkeskommunen samanlikna med tidlegare program.

Bordet var dekka frå før

VRI sette ut med ambisjonar om å bli det nye samordnande virkemiddelet for regional innovasjon. Realiteten blei noko meir smålåten.

VRI måtte finne seg ein plass blant mange innovasjonsvirkemiddel, som ARENA og NCE, som òg skal bidra til auka samhandling om innovasjon og meir bruk av forsking i næringslivet.

At det kom til nok ein aktør, skapte både forvirring og frustrasjon. Rett nok har VRI etter kvart funne fram til fungerande samarbeid med andre, men utan at VRI har fått ein dominerande posisjon i noko vestlandsfylke.

Lunka forskingsinteresse

Til no har VRI slitt med å skape den heilt store samhandlinga mellom næring og forsking. Grunnen er dels at ikkje alle fylka har forskingsmiljø som dekkjer dei prioriterte satsingane i VRI.

Men det er òg eit resultat av at forskingsmiljøa generelt ikkje interesserer seg nemneverdig for å utføre aktuelle VRI-oppdrag. Slike gjev lita utteljing i form av akademisk meritterande publisering. Universiteta i Bergen og Stavanger har såleis vist lita interesse for i VRI. Dessutan har VRI små midlar til å finansiere forskingsprosjekt direkte. Slike skal finansierast frå andre kjelder.

Det er likevel variasjonar i dette biletet. I Møre og Romsdal har ein peika ut satsingsområde som i utgangspunktet hadde ei skjeringsflate mellom FoU og næringslivet i fylket. Dette gjev ei god samhandling.

Rogaland valde derimot medvite bort VRI-satsing for petroleumsnæringa i frykt for at denne ville bli for dominerande. Dermed skar ein òg over banda til dei mest utvikla næringsretta forskingsmiljøa i fylket.

Koordineringsproblem

I tråd med programplanen frå Forskingsrådet har regionane etablert ein organisatorisk modell med ein regional partnarskap som styringsgruppe, prosjektleiar og temaleiarar.

Dette er ein komplisert organisasjonsmodell som involverer eit stort tal institusjonar og aktørar. Koordinering er vanskeleg. Derfor kan etablerte lokale nettverk i stor grad bruke VRI for eigne formål utan særleg omsyn til dei overordna måla til programmet.

Trenden viser likevel ei gradvis betre samordning internt i prosjekta.

Korleis styrkje virkemiddelet?

VRI prosjektet kan ikkje aleine bidra til utvikling av regional innovasjon og regionale innovasjonssystem. Gjennom å leggje til rette for samhandling og utvikling kan VRI likevel gje eit viktig bidrag i ei større samordna satsing for økt regional innovasjon.

Målet for dei regionale prosjekta må vere å danne grobotn for utvikling av regionale innovasjonssystem i eit langsiktig perspektiv, ikkje å generere spesifikke resultat på kort sikt.

For å få til dette har VRI programmet i oppstartfasen vore prega av for detaljerte og standardiserte instruksjonar for korleis dei regionale prosjekta skal gjennomførast. Dette hindrar skreddarsaum i regionane, sjølv om dette ikkje har vore intensjonen.

VRI programmet bør derfor i større grad erkjenne at det er forskjellige føresetnader i regionane og at regionale aktørar dessutan har avgrensa erfaring med å leggje til rette for og drifte omfattande regionale innovasjonsinitiativ. Ein må derfor ta tida til hjelp for å få på plass velfungerande regionale prosjekt.

Powered by Labrador CMS