Nye tider for journalistikken

Journalistikken er sett under press og må grunngje sin eksistens. Løysinga er å vise til samfunnskontrakten, meiner professor Martin Eide.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Illustrasjonsfoto: iStockphoto)

Journalistiske nyorienteringar

Prosjektet vart starta opp av forskingsgruppe for journalistikk ved Institutt for informasjons- og medievitskap hausten 2010.

Allereie i 2009 kom boka Journalistiske nyorienteringar som ein tjuvstart på forskingsprosjektet.

Prosjektet har fått FRISAM-midlar frå Noregs forskingsråd og har knytta til seg ei stipendiat- og ei post doc-stilling.

Forskargruppa har knytta seg til Nordisk nettverk for journalistikkforsking og arrangerer ein internasjonal konferanse i november.

Bloggarar blir mediekjendisar og nettaviser oppfordrar lesarane til å levere nyheitsstoff. Grensene mellom den tradisjonelle journalistikken og andre skriftlege bidrag er i ferd med å bli uklare.

– Spørsmålet om kva journalistikk er, er vanskelegare å svare på enn nokonsinne, seier professor og medievitar Martin Eide.

Han leier forskingsprosjektet ”Journalistiske nyorienteringar”, som vart starta opp ved Universitetet i Bergen hausten 2010. Målet med prosjektet er å gå myter og etablerte sanningar kring internettet sitt inntog i journalistikken nærare etter i saumane.

– Dette er eit myteomspunne felt fullt av store ord. Vi ser ei stor grad av idealisering og romantisering i høve til kva slags rolle publikum skal spele, seier Eide.

Aktivt publikum

For det er særleg tilhøvet mellom journalistikken og publikum som har blitt endra. Publikum har blitt meir aktive og meir kompetente. Medier flest ønskjer å spele på lag med sitt publikum og oppfordrar til dialog.

Som eit døme har nettavisa ABC-nyheter hatt ein seksjon der dei inviterer lesarane til å levere journalistiske produkt. Den såkalla borgarjournalistikken har vore i vinden.

Men mykje av den brukargenererte journalistikken tek meir form av lesarbrev enn journalistikk, ifølge Eide. Folk flest er heller ikkje så opptekne av om det dei driv med blir kalla journalistikk, dei er meir opptekne av å få fram si meining.

– Å seie at vi alle er journalistar er like tullete som å seie at alle er legar fordi vi spør kvarandre korleis vi har det i dag, seier han.

Må møte krav

Professor Martin Eide.

Dei endra føresetnadene for journalistikk gjer det endå viktigare at journalistikken framhevar kontrakta den har med samfunnet, ifølge Eide.

Samfunnskontrakten er idéen om at journalistikk skal handle om det som er vesentleg i samfunnet, og at somme typar journalistikk, som til dømes nyheits- og kommentarjournalistikk, er viktige for demokratiet.

Eide understrekar også nødvendigheiten av at journalistikken også framover blir sett på og behandla som ein profesjon.

– Journalistar blir ansvarleggjorde og kan stillast krav til. Dei må mellom anna halde seg til Ver Varsam-plakaten. Slike krav kan ein ikkje stille til bloggarar eller brukargenerert journalistikk, seier han.

Powered by Labrador CMS