Dei politisk uinteresserte koplar seg av

Nordmenn med lita interesse for politikk nytta 46 minutt på å sjå politiske nyhende på TV-en i 2002. Åtte år seinare er talet nede i 37 minutt.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Foto: iStockphoto)

Før var det ei allmenn oppfatning at det var folket sitt eige ansvar å følgje med på nyhende på fjernsynet for å halde seg informert om politikk og samfunn.

No ser det ut som eit aukande tal av innbyggjarar ignorerer nyhenda som finst, og i staden vel rein underhaldning når dei skal sjå fjernsyn.

– Nedgangen er betydeleg både i gruppa med politisk interesserte og dei med lite interesse for politikk, men størst blant sistnemnde gruppe – som vi ser også koplar seg meir og meir av no samanlikna med åtte år etterpå, seier professor Toril Aalberg ved Institutt for sosiologi og statsvitenskap ved NTNU.

– Ser mindre nyhende

Saman med Arild Blekesaune frå NTNU og Eiri Elvestad ved Høgskolen i Vestfold har Aalberg i arbeidet basert seg på eit amerikansk studium. Forskarane har sett på 31 europeiske land for å sjå om ein kan finne noko likskap med resultata frå det amerikanske studiet.

Resultata viser at politisk interesserte nordmenn i snitt nytta 68 minutt dagleg på nyhende og program om politikk og samfunn i 2002. I 2010 var talet 62 minutt, ein nedgang på 6 minutt på 8 år.

Toril Aalberg. (Foto: NTNU)

Dei politisk uinteresserte nytta i snitt 46 minutt i 2002 på politiske nyhende, og i 2010 var talet nede i 37 minutt. Ein nedgang på 9 minutt på 8 år. Denne nedgangen skjer ifølgje Aalberg parallelt med at tilbodet og talet politiske program og debattar har auka.

Ein gjennomsnittleg europear nytta i 2002 46 minutt dagleg på nyhende og aktuelle hendingar, og 112 minutt på TV generelt. I 2010 var nyhendeforbruket 41 minutt, medan den generelle tida ein såg på TV hadde auka til 115 minutt.

Større gap

Aalberg peiker på motivasjon samt politisk interesse som viktige faktorar for å få med seg nyhende og aktuelle samfunnsprogram på TV i dag.

– Det er også interessant at informasjonsgapet mellom dei politisk interesserte og uinteresserte aukar mest i Norge av alle landa som er med i forskingsarbeidet, då denne skilnaden tradisjonelt har vore liten, seier ho og legg til at den største konkurrenten til politiske nyhende er underhaldningsprogram som det også har vore ein stor auke av.

Fjernsynet er i dag framleis sett på som ei viktig kjelde for å få med seg politiske nyhende, og tida nordmenn bruker på TV har ikkje gått ned, samstundes som at nyheitstilbodet har auka betrakteleg.

– Den amerikanske studien viser at i ei tid med kabel-TV og internett, er det lettare for folk å fjerne seg frå politisk kunnskap og handling enn tidlegare, vi ville sjå om dette også var tilfelle i Europa, og korleis forbruket av nyhende kontra underholdning har utvikla seg her det siste tiåret, seier ho.

– Negativ effekt

NTNU-professoren meiner resultata som viser at politiske uinteresserte nordmenn koplar seg av, kan ha ein negativ effekt med tanke på stortingsval.

– Tidlegare studium viser at det å følgje med på politikk gjev oss ei forståing for kva som føregår, og gjer det lettare for folk å delta i demokratiet. At ein ikkje følgjer med i politikken, kan føre til større variasjon og dårlegare samsvar mellom haldningane ein sjølv har og partiet ein stemmer på har.

At dei politisk uinteresserte får med seg stadig mindre informasjon om politikk og politiske parti, kan også føre til at dei har for lite kunnskap til å nytte seg av stemmeretten.

– Indirekte kan dette vere ein av følgjene, ja. Det har vist seg at jo meir kunnskap og informasjon ein sit på, jo meir aktiv er ein i demokratiet, seier Aalberg.

Nedgang blant uinteresserte

At også dei politisk interesserte ser mindre på politiske nyhende på TV enn før, er ikkje like kritisk, ifølgje professoren.

– Det er urovekkande at det er dei minst politisk interesserte som koplar seg av her i Noreg.

– I andre land som Tyskland og Ungarn er nedgangen størst blant dei politisk interesserte, men dette er mindre problematisk då dei mest truleg oppsøker andre mediekanalar for å tilfredstille sin politiske interesse som aviser, internett og radio enn dei som ikkje er politisk interesserte, seier Aalberg.

– Flinkast i klassen

I eit internasjonalt perspektiv er likevel eksponeringa for nyhende og program om politikk og samfunnsspørsmål høg i Noreg, som er kjent for å vere ”den flinkaste i klassen”. TV-forbruket av nyhende er høgare i Norden enn store delar av resten av Europa.

Nordmenn nyttar eksempelvis åtte minutt meir på nyhende enn spanjolar og seksten minutt meir enn tyskarane, og sjølv nordmenn som ikkje er politisk interesserte vert relativt godt informert samanlikna med andre europearar.

– Sånn sett er dette gode nyhende, men eg er likevel kritisk til om det kjem til å halde seg slik med tanke på den trenden vi ser at dei uinteresserte koplar seg frå.

– Om det held fram slik, er det ikkje gitt at nordmenn kjem til å vere like oppdaterte i framtida eller at uinteresserte nordmenn vil verte fanga inn i nyhenda, seier Aalberg.

Fangsteffekten

I sitt arbeid har forskarane sett nærare på den sokalla «fangseffekten» som tidlegare har synt at dei som ser mest på TV, generelt nyttar meir tid på å sjå TV-nyhende enn dei som nyttar mindre tid framfor apparatet, fordi nyhenda kjem innimellom populære underhaldningsprogram i beste sendetid.

– Vi fant bevis som syner ein redusert ”fangsteffekt” i fleire av dei europeiske landa, og tydelegast i Norge og Storbritannia.

– Blant dei med høgt TV-forbruk, er det mindre truleg at dei vert ”fanga” inn nyhende og aktuelle saker berre ved å sjå mykje på TV slik som før, seier Aalberg.

Menn får i større grad med seg nyhende enn kvinner, og eldre meir enn dei yngre. Også dei med høgare utdanning held seg meir oppdaterte, viser resultata.

–  Dei som er mest uinteresserte er unge kvinner, i alle fall om vi legg sjølverklært interesse til grunn. Dette gjeld likevel ikkje valdeltaking, då unge kvinner har delteke litt meir enn yngre menn dei siste åra, seier Aalberg.

Avislesarar ser meir nyhende

Studia har også teke for seg bruken av internett som ein uavhengig variabel, og resultata viser at dei daglege brukarane av internett nyttar mykje mindre tid på å sjå TV, og at den daglege bruken av internett også har ein negativ effekt på tida ein nyttar på å sjå nyhende på TV.

– Før nytta ein internett som supplement i staden for eit alternativ til tradisjonell nyhendeforbruk. Populariteten som er knytt til det nye mediet vil i større grad erstatte tradisjonelle medium i framtida, seier ho.

Eksponering for aviser derimot har ein positiv samanheng. Dei som les aviser nyttar også meir tid på å sjå TV-nyhende enn dei som ikkje les gjer det.

Referanse:

Aalberg, Blekesaune & Elvestad: Media Choice and Informed Democracy: Toward Increasing News Consumption Gaps in Europe? The International Journal of Press/Politics, May 2, 2013, doi: 10.1177/1940161213485990.

Powered by Labrador CMS