Digitalt kaos i klassen?

Korleis undervise elevar som gøymer seg bak pc-en og heile tida vekslar mellom Word, Facebook, Wikipedia og Twitter? Lærarkvardagen har endra seg totalt dei siste åra.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Leif Harboe er norsklærar på Bryne vidaregåande. Og ein av dei som ikkje nølermed å ta i bruk digitale læremiddel. (Foto: Elisabeth Tønnessen)

Digital tekstkultur i skulen

Elevane ved vidaregåande skular har i dag hatt tilgang til pc gjennom heile skulelivet
sitt.

Det er likevel mykje som står att før ein kan seie at skulen fullt ut nyttar dei moglegheitene som dei digitale ressursane gjev.

Vi treng ei betre forståing av digitale tekstar og digital tekstbruk og kva som står på spel når vi går frå den trykte tekst- og kunnskapsteknologien og meir og meir over til den digitale tekstkulturen.

Forskarane hjelper blant anna til med nye teoretiske omgrep for å hanskast med eit heilt nytt tekstomgrep og ein ny kunnskapsteknologi.
 

Det er fredag på ein vidaregåande skule. Læraren skriv opp ti oppgåver på tavla, og elevane tastar dei inn i word-dokumenta på dei berbare maskinene sine.

Samstundes googlar dei svara på Internett, og idet læraren set punktum for den siste oppgåva, har elevane alt funne fram til løysinga, skrive eller limt det inn i word-dokumenta og publisert dei ferdigløyste oppgåvene på It’s learning.

Leksa som dei skulle ha med seg heim over helga, er alt gjort og lasta opp då det ringjer ut.

Ny klasseromssituasjon

Det er store skilnader mellom korleis det var for berre ti år sidan, og no i klasserommet. Elevane i den vidaregåande skulen sit med kvar si berbare maskin og har oppe kva program som helst utan at læraren nødvendigvis kan halde oppsyn med det.

Både elevar og lærarar – for ikkje å seie læreplanar, lærebøker og lærarutdanningane – har dei siste åra vorte utfordra når det gjeld å finne ut korleis ein skal ta i bruk dei digitale ressursane på best mogleg måte i klasserommet.

– Mange lærarar held seg oppdaterte og er flinke til å trekkje den digitale kunnskapsutviklinga inn i undervisinga.

– Men skulen i dag manglar forståing og verktøy samt støtte i læreplanar og eksamensforskrifter for å møte den digitale tekstkulturen som er på frammarsj, seier Arne Olav Nygard. Han er stipendiat i lesevitskap ved UiS.

Observerer digital tekstbruk

Då norsklærar Leif Harboe byrja med blogging i norskfaget, byrja elevane å skrive meir. (Foto: Elisabeth Tønnessen)

For tida observerer han elevar og den digitale tekstbruken deira i skulekvardagen på to ulike vidaregåande skular. Han har gjort fleire intervju og følgjer enkelte elevar gjennom sosiale medium som Facebook og ulike bloggar.

Forskaren har blant anna merka seg at elevane i løpet av ein skuledag vekslar mellom mange ulike lese- og skrivesituasjonar.

Eleven kan i den eine augneblinken svare på eit spørsmål frå læraren, i den andre fyre av ei melding på Facebook til ein ven og den tredje sende ein sms til far sin.

– Når eleven skriv eit svar til læraren, tek ho omsyn til verdisystema til skulen og læraren og bruker akademiske formuleringar – formuleringar ho har lært på skulen. Når ho skriv ei melding på Facebook, er det med stutt kommentar, forkortingar og med smilefjes.

– Og når ho skriv heim, er det gjerne utan smilefjes og med heilt andre kodar enn dei som blir brukte til vener. Dette er tre forskjellige tekstar skrivne i tre ulike situasjonar i ein og same klasseromstime.

– Men det er berre den eine teksten som er direkte knytt til undervisninga, og som får anerkjenning frå læraren, fortel Nygard.

På tide å endre tekstsynet

Nygard påpeiker at skulane tradisjonelt har skilt mellom god lesing og dårleg lesing, god skriving og dårleg skriving. Korleis ein ser på dette, er mellom anna knytt til teknologien og til verdiar i samfunnen.

– No er det på tide at skulane endrar tekstsynet. Omgrepa frå papirverda gjeld ikkje lenger. Skulane må bli meir opptekne av at kunnskap blir ordna i nye samanhengar, med følgjer for korleis vi tenkjer om lesing og skriving, meiner Nygard.

Forskaren er særleg oppteken av at elevane deltek i ein stor og rik tekstkultur som skulen ikkje har språk for slik det er i dag.

– Vi kan ikkje lenger sjå på tekst og kunnskap som noko låst, slik det har vorte gjort all den tid lagring og spreiing av kunnskap har skjedd i form av trykt materiell, forklarer Nygard.

Han viser til at no for tida skjer mykje av lagringa og spreiinga av kunnskap digitalt, og at dei digitale tekstane har den eigenskapen at dei er i stadig endring og utvikling.

Nygard nemner blant anna Wikipedia, som er brukarstyrt, og der kven som helst kan definere og samarbeide om å skape kunnskap over tid.

– Klypp-og-lim-praksisar er vanlege tekstpraksisar blant ungdom i dag. Dette må ikkje automatisk bli sett på som dårleg tekstpraksis, men tvert imot bli teke på alvor ved å gje dei rette utfordringane.

– Ber du elevane om ein analyse av Faderen, veit du kva du får. Som norsklærar kan ein heller vurdere andre oppgåvetypar. Ein kan til dømes gje oppgåver der elevane må samanlikne og vurdere.

– Då kjem dei ikkje unna med å reprodusere gammal lærdom, seier forskaren, som har forelese om den unge digitale tekstkulturen for lærarar på skular rundt om i heile landet dei siste to åra.

Lærarane manglar støtte

Stipendiatane Arne Olav Nygard og Magne Rogne ved Lesevitskap ved UiS kan gje oss ei betre forståing av digitale tekstar og digital tekstbruk og kva som står på spel når vi går frå den trykte tekst- og kunnskapsteknologien og meir og meir over til den digitale tekstkulturen. (Foto: Karen Anne Okstad)

Som del av doktorgraden sin i lesevitskap ved UiS har Magne Rogne analysert læreplanar med særleg vekt på tekstomgrepet i norskfaget.

Han konkluderer med at norskfaget har endra seg i takt med samfunnsutviklinga når det gjeld kva type tekstar det er viktig å arbeide med, men at læreplanane er svake når det gjeld krava til det å meistre digital tekstproduksjon.

– Den digitale tekstproduksjonen i norskfaget er ikkje i samsvar med utviklinga i samfunnet generelt. Det er få krav om at elevane skal produsere digitale tekstar, til dømes ein blogg, og slik vere deltakarar i tekstkulturen, fortel forskaren.

Om Rogne i artikkelen «Mot eit moderne norskfag» finn at læreplanane er noko svake, så er det endå verre stilt med lærebøkene, som ein annan artikkel i avhandlinga tek føre seg.

– Lærebøkene ignorerer nærmast feltet digitale tekstar, seier Rogne.

Han meiner at digital tekstforståing og kunnskap om digital tekstbruk må mykje tyngre inn i lærarutdanningane. Han viser til at etterutdanningsreforma knytt til Kunnskapsløftet skulle sikre at lærarane vart skodde for å møte den digitale tekstkulturen.

Men det har skjedd berre i liten grad. Rogne meiner at det burde ha vore langt meir strukturerte og målretta ordningar, slik at lærarane fekk vidareutdanning på dette feltet.

– Når det gjeld nordiskfaget, som er det viktigaste utdanningsgrunnlaget for norsklærarar i den vidaregåande skulen, så har det skjedd svært lite. Ingen av universiteta har i dag eit nordiskfag som dekkjer dei digitale tekstane godt nok, seier forskaren.

Læraren er likevel eksperten

På kort tid har Twitter, Facebook, Nettby, YouTube og MySpace vorte ein del av kvardagen til den yngre generasjonen – også i skuletida. Ikkje rart at læraren blir ei sinke i den digitale verda.

– Det stemmer ikkje, seier Nygard og avlivar ein myte.

– Det er ikkje slik at elevane kjem inn i klasserommet og tek rotta på læraren. Elevar flest er flinke på eit smalt felt. Dei kan spele nokre spel og er kjappe deltakarar i sosiale medium. Men ber du dei om å løyse ei oppgåve der dei skal bruke kjelder, kan det hende dei manglar kunnskap om korleis ein søkjemotor fungerer.

– Det nyttar nemleg ikkje å google seg fram til all verdas kunnskap. Skal ein vere ein god informasjonssøkjar på nettet, krevst det både språkleg presisjon og allmennkunnskap. Og her kjem læraren inn med sin ekspertise.

Nygard kjenner til fleire lærarar som er aktive når det gjeld å ta i bruk det nye digitale kunnskapsfeltet. Då har han meir å utsetje på norskeksamen, som han meiner er eit kroneksempel på ein anakronisme.

– På ein norskeksamen skal ein sitje i eit avlukka rom i fem timar og løyse ei kompleks problemstilling utan at ein får innspel eller får diskutert saka med andre.

– Skulen måler kor godt elevane meistrar ein fiktiv sjanger, men måler ikkje den tekstkompetansen som er viktig, nemlig evna til å finne informasjon, vere kritisk til kjelder, setje saman teksten på ein god måte og samarbeide om teksten. Tekst og tekstskaping er sosiale storleikar, og det aspektet forsvinn heilt i eksamensstilen.

– Skulen kan ikkje lenger oversjå at det å skrive og lese er kopla til det sosiale, teknologiske og historiske, meiner forskaren.

Powered by Labrador CMS