Meiner dubbing gjer barna dårlegare i språk

Stadig fleire av dei utanlandske fjernsynsseriane for born blir dubba. – Dårlegare språkkompetanse blir konsekvensen, meiner forskar.

Sjølv skandinaviske seriar for barn er blitt dubba til norsk. (Foto: colourbox.no)

Saman med Nederland er Norge kjent som eit land der folk tradisjonelt har hatt sterk engelskkompetanse.

Dette blir sett i samanheng med at vi har teksta utanlandske program, medan ein i andre land dubbar.

– No er vi i ferd med å miste dette fortrinnet, seier førsteamanuensis Marita Kristiansen ved institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon ved NHH.

Sender berre dubba program

Bortsett frå enkelte program på kveldstid er det konsekvent dubbing på dei kommersielle barnekanalane, ifølgje Kristiansen.

Men langt verre meiner ho det er at også statskanalen NRK sender fleire dubba program. Til si store forundring oppdaga ho at sjølv danske seriar er blitt dubba.

– Når dei dubbar skandinaviske seriar frårøvar dei ungane sine sjansar til å opparbeide seg språkkompetanse, seier Kristiansen.

Marita Kristiansen er førsteamanuensis ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon på NHH. (Foto: NHH)

– Dubbing pasifiserer lyttesansen og fører til mindre ferdigheitstrening i lesing. Ambisjonsnivået blir lagt veldig lågt på borna sine vegne. For nordmenn har det aldri vore ei problemstilling å forstå dansk og svensk, men born vil no vere i dårlegare stand til å forstå folk i våre naboland.

Enorm læringskapasitet

Kristiansen underviser til dagleg i engelsk på NHH og er uroleg for språkkompetansen til den oppveksande generasjonen.

– Når det gjeld framandspråk viser forsking at barn har ein enorm læringskapasitet fram til dei er rundt 12 år gamle. Etter dette går læringskapasiteten sterkt ned. Når så mange program blir dubba, fører det til at skulen må ta eit enno større ansvar, seier ho.

At dubbing sikrar at også yngre barn kan følgje med på programma, meiner Kristiansen ikkje er eit gyldig argument.

– Då synst eg dei undervurderer ungane. Dei startar trass alt å lese og skrive på skulen når dei er seks år gamle, seier ho.

Ber NRK rydde opp

Sjølv om dagens ungdommar blir eksponert for meir engelsk enn tidlegare, meiner Kristiansen det ikkje er nokon grunn til å kvile på laurbæra.

– Vi ligg framleis godt an i europeisk samanheng, men forsking som er gjort på lesekompetansen i dei vidaregåande skulane viser at vi ikkje er så flinke som me trur me er, seier Kristiansen.

– Elevane er flinke i generell engelsk, men overgangen blir ofte stor når ungdomane skal sette i gong med lesing av engelskspråkleg pensum på universitet og høgskular.

Ho meiner det er fleire grunnar til at tekstinga må tilbake.

– Det at norsk er eit lite språk er ein viktig grunn til at engelskkompetansen er viktig. Mange av dei andre europeiske landa har eit større språk som gjer at dei klarar seg betre utan bra engelsk, seier Kristiansen.

Arbeidslivet blir stadig meir internasjonalt, og ein god språkkompetanse vil også gjere det lettare å ta jobbar utanlands, meiner forskaren.

No ber ho spesielt NRK ta ansvar for mindre dubbing av program.

– NRK skal ikkje kaste seg på det dei kommersielle kanalane gjer. Dei må ha eit bevisst forhold til dette, og dei har eit ansvar for den oppveksande generasjon, seier ho.

Powered by Labrador CMS