Abelprisen til ungarsk matematikar

Den ungarske matematikaren Endre Szemerédi får Abelprisen for 2012 for sitt arbeid innafor kombinatorikk og grafteori.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Endre Szemerédi, årets abelprisvinner. (Foto: Abelprisen)

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK. 

Abelprisen

Abelprisen blir utdelt for framifrå vitskapeleg arbeid i matematikk.

Prisen er oppkalt etter den norske matematikaren Niels Henrik Abel (1802-1829) og vart oppretta av Stortinget i samband med 200-års jubileet for Abels fødsel.

Prisen blir utdelt av ein komité innstilt av Det Norske Vitenskaps-Akademi. Den er i år på 6 millioner kroner.

Desse har tidlegare fått prisen:

  • 2011: John Milnor
  • 2010: John Torrence Tate
  • 2009: Mikhail Leonidovich Gromov
  • 2008: John Griggs Thompson og Jacques Tits
  • 2007: Srinivasa S. R. Varadhan
  • 2006: Lennart Carleson
  • 2005: Peter D. Lax
  • 2004: Sir Michael Francis Atiyah og Isadore M. Singer
  • 2003: Jean-Pierre Serre

(Kjelde: Abelprisen)

Abelprisen 2012 går til den ungarske matematikaren Endre Szemerédi for hans arbeid innan det matematiske feltet kombinatorikk, grafteori og talteori.

Han får prisen spesielt for Szemerédis teorem og det såkalla Szemerédis regularitetslemma.

– Innan fagfeltet kombinatorikk er det Szemerédi som fortener å få prisen, seier matematikar Arne B. Sletsjøe ved Universitetet i Oslo til NRK Ekko.

Abelprisen er ein internasjonal pris for framifrå vitskapeleg arbeid i matematikk. Prisen blir ofte omtalt som matematikkens Nobelpris.

– Szemerédi har nok vore i diskusjonen i ei viss tid, fordi han er ein klar kandidat, seier Sletsjøe.

 

________________________________

Les hele saken på NRK.no

 

Powered by Labrador CMS