Meir antioksidantar i mørk sjokolade

Mørk sjokolade inneheld meir antioksidantar enn blåbær og tranebær, har engelske forskarar funne ut. – Grønsaker er ei betre og sunnare kjelde til antioksidantar, seier norsk professor.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Mørk sjokolade er ikkje berre godt, det inneheld også meir antioksidantar enn blåbær og tranebær viser ny forsking. (Foto: Colourbox)

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

Ei gruppe engelske forskarar har samanlikna innhaldet av antioksidantar i mørk sjokolade med fruktpulver og jusar av såkalla “superfrukt”, frukt og bær som er rekna som spesielt gunstige for helsa.

Dei kom fram til det oppsiktsvekkjande resultatet at det er meir antioksidantar i mørk sjokolade enn i fruktene som var med i studien.

Forskarane er rett nok tilsett ved sjokoladefabrikanten Hershey, men studien er publisert i det seriøse tidsskriftet Chemistry Central, noko som ikkje gir oss grunn til å tvile på resultata.

 

______________________________

Les hele saken på NRK.no

 

Powered by Labrador CMS