Fisk styrer sinnet

Innsette i Bergen fengsel har veldig lite omega 3 i blodet, viser nye data. Dette kan vere med på å forklare manglande impulskontroll.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Regnet siler ned over Bergen fengsel når vi kjem dit. Bak den lilla porten held over 200 innsette til.

50 av dei er med i eit prosjekt som skal teste effekten av meir feit fisk i kosthaldet. Forskarane ser om dette påverkar kognitive funksjonar, med andre ord evna til å resonnere, planlegge og ta avgjerder.

Halvparten av fangane som tek del, et som vanleg, medan den andre halvparten et solide porsjonar med feit fisk tre gongar i veka, i tillegg til fiskepålegg.

Sjekkar effekt av omega 3

Vi slepp inn i fengselet gjennom ei slags sluse, leverer frå oss mobiltelefonen og identifiserer oss for ein smilande kar. Bergen fengsel ser ganske hyggeleg ut. Nokre innsette snekrar på eit hus, nokre jobbar på storkjøkkenet, medan andre står under tak utanfor avdeling C og røyker.

Om det ikkje var for tryggingstiltaka kunne dette ha vore nesten kvar som helst. Men det er det ikkje. Her er det vinningskriminelle og voldsdømte. Menn som i gitte situasjonar kan vere farlege.

Mange av dei innsette har det til felles at dei lett misser kontrollen, og gjer impulshandlingar som kan bli skjebnesvangre. Feit fisk kan kanskje bøte på det? Eller er det veldig naivt å tru?

Hjerterate

I kantina for dei tilsette møter vi Anita Hansen, postdoktor i psykologi, Lisbeth Dahl, forskar og ernæringsfysiolog , og Lene Bakke, masterstudent i human ernæring,

"Anita Hansen, Lene Bakke og Lisbeth Dahl driv prosjektet i Bergen fengsel som skal teste om innsette får betre impulskontroll av å ete feit fisk."

Dei tre driv prosjektet som starta i vår, med midlar frå programstyret i ernæring ved Universitetet i Bergen. Ideen om å teste ut feit fisk på fangar kom frå Lene Bakke. Ho jobba tidlegare som kokk i Bergen fengsel. Der byrja Bakke å undre om betre ernæring kunne ha ein positiv effekt for fangane.

- Korleis kan kosthald verke inn på åtferd?

- Vi veit frå før at det er ein samanheng mellom såkalla hjarterateviabilitet (HRV) og kognitiv funksjon. Fysisk trening er ein faktor som verkar inn på hjarterateviabilitet, og dermed fører til at ein fungerer betre kognitivt.

- No studerer vi om det er samanhengar mellom omega 3 og hjerterateviabilitet (HRV). Vi trur at fangane kan gjere nytte av kognitiv terapi på ein betre måte dersom dei får eit sunnare kosthald. Sagt med andre ord, er vi ute etter samanhengar mellom aktiviteten i nervesystemet og personlegdom.

- Det har vist seg at dei med høg aktivitet i det parasympatiske nervesystemet har best impulskontroll, seier Anita Hansen.

I verdspressa

- Vi håper å skape eit medvit hjå dei innsette om at det kan vere positivt for dei å ete betre, og vi trur også at dei betre kan gjere nytte av dei ulike programma dei får tilbod om i fengselet dersom dei et sunt og godt. Kanskje kan vi bremse noko antisosial åtferd, som mange av desse har problem med.

Dei fortel at det som skil dette frå tilsvarande prosjekt er at ein gjev fangane fisk. I andre prosjekt har det vore vanleg å gi kapslar med omega 3, for så å måle effekten av det. Fangane i Bergen fengsel er nesten blitt verdsberømde for å ete feit fisk. Islandske Morgenbladet har skrive om dei, det same har BBC, Boston Herald, og nederlandske og argentinske media.

Har ete lite fisk

- Poenget med å gje dei fisk og ikkje berre kapslar, er at dei får i seg alle næringsstoffa fisken inneheld, som mineralar og sporstoff, men det har også den positive effekten at det tek bort noko anna, nemleg eit kjøtmåltid, seier Lisbeth Dahl.

Fangane får servert makrell, kveite, laks, ørret, sild eller andre feite fiskeslag i porsjonar på 300 gram.

Forskarteamet tok blodprøve av dei innsette som deltek i prosjektet ved oppstart, og så skal dei ta nye prøver ved prosjektslutt i november. Blodprøvene frå ei tidlegare studie vi har gjort viser at omega 3-statusen til fangane er svært dårleg.

- Vi har ikkje gode representative data frå den norske befolkninga som vi kan samanlikne med, men frå det at dei innsette har lite fettsyrer i blodet kan vi tolke at dei har eit lågt inntak av sjømat.

- Marine feittsyrer er svært viktige for sentralnervesystem og membranar. Det er mange som ikkje et fisk i det heile, og særleg hos desse vil helseeffekten vere stor, dersom dei går frå ingenting til bitte litt. Det neste vi skal sjekke ut, er om auken av fettsyrer i blodet gjer utslag på hjarteraten og dei kognitive funksjonane.

Egg er populært

Fysisk trening, spesielt kondisjonstrening, har også effekt på hjarterateviabilitet. Dette er allereie prova i fleire forskingsprosjekt, mellom anna i doktorgraden til Anita Hansen. Forskarane skal no sjå særskilt på omega 3-nivå i blodet, og om dette aukar hjarterateviabiliteten og dermed evna til å resonnere, planlegge og ta avgjerder.

Trass i låge verdiar av omega 3 er det ikkje slik at dei innsette i Bergen fengsel ikkje bryr seg om kva dei puttar i munnen. Det har blitt meir søkjelys på mat dei seinare åra. Innsette i Bergen fengsel bestiller mat etter eit poengsystem. Før kosta det fleire poeng å få ein pose eple enn å bestille bacon. No har dei endra noko på dette forå få fangane til å ete sunnare.

Mange av dei innsette trener, dei er opptekne av å bygge musklar. Overraskande mange er opptekne av ernæring, men dei er nok mest fokusert på proteiner. Egg er ofte veldig populært, fortel forskarteamet.

Populært prosjekt

Forskarane har inntrykk av at deltakarane har hatt glede av å vere med på prosjektet. Både fengselet og andre involverte har vore svært positive til denne forskinga, seier forskarane til Hubro.

Dei innsette som er med i fiskeprosjektet har også hatt fleire sosiale samankomster i lag med forskarane. Dei innsette som deltek kjem frå alle avdelingar i Bergen fengsel, inkludert avdelinga på Ulvsnesøy.

Kriteriet for å delta er at dei sonar ein dom på minst eit halvt år.

Regnveret har letta over fengselet, der murane rundt er forma som eit hjarte. Vi får tilbake mobiltelefonen og går ut att gjennom slusa og den lilla døra. Så spørs det berre om dei innsette fortset å ete feit fisk når dei forlet fengselet, slik at det blir færre knuste ruter og mindre umotivert vald i framtida.

Impulsstyring dempar kriminalitet

Assisterande regiondirektør for Kriminalomsorg region Vest, Leif Waage, er spent på prosjektet. Ifølge Waage tyder internasjonale undersøkingar på at 80 prosent av alle kriminelle handlingar har ei planleggingstid på mindre enn 15 minutt.

- Vi veit at ein del av våre gjengangarkriminelle har kognitive veikskapar når det gjeld framtidsplanlegging, konsekvenstenking og egosentrisitet. Forsking gjort i England viser at omega 3 dempar aggresjonsepisodar i fengselet, seier Waage, som tidligare var fengselspsykolog.

- Vi trur at fiskefettsyrer også kan ha ein positiv effekt på våre gjengangarar og hindre uheldige impulsar som fører til brotsverk. Samfunnskostnadane og lidingane er så store at einkvar effekt betyr noko, og ofte ser vi at ulike effektar forsterkar kvarandre, seier han.

Håper fangane blir meir medvitne om kosthald

Han meiner at det mest spennande blir å sjå om dei innsette legg om kostvanane når dei kjem ut. Han trur det absolutt er mogleg, sjølv om det er vanskeleg. Så langt er dei både motiverte og positive til prosjektet, fortel Waage.

Det er ikkje aktuelt å få ein fast meny med feit fisk i Bergen fengsel, der skal det vere friviljug kva ein et.

- Vi gjer dette for å redusere kriminaliteten ute i samfunnet, vi håper at dei vert meir medvitne om at eit godt kosthald kan hjelpe dei, seier Waage. Han understrekar at dette er eitt av fleire forskingsprosjekt i Bergen fengsel, og at det er mange program som verkar saman i eit forsøk på å minske kriminalitet.

Powered by Labrador CMS