I Noreg er bonden, vegleiaren, industrien og forskarane opne om kor potetål-smitta finnast. I andre land vil dei ikkje diskutere med kvarandre, og det eksisterer ikkje kart som viser tydeleg kva som er smitta. (Foto: Tore Meek, Scanpix)

Er opne om sjukdom – held potetane friske

I Noreg er alle opne om kor potetane blir sjuke. Det er med på å hindre meir sjukdom, trur forskar.

PCN i nord

Studiar av PCN Globodera spp. i nordlege område.

Hovudmål har vore å kjempe betre mot PCN.

Prosjekt leia av Bioforsk Plantehelse.

Partnerar: Julius Kühn-Institut-Bundesforschungsinstitut für Kulturpflanzen, Rothmasted Research, Universidad Autonoma de Madrid, Mattilsynet, Maarud, Gartnerhallen, Norges Bondelag, Settepotetdyrkernes landslag, Norsk Landbruksrådgjeving og Potetforum.

Finansiering: Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, Styret for forskingsmiddel over jordbruksavtalen, Maarud, Gartnerhallen, Mattilsynet.

I Noreg er det mykje mindre av den aggressive sorten av potetsjukdommen potetål enn i resten av Europa. 

– Vi har den same potetsjukdommen som resten av Europa. Men vi har mykje meir av den minst aggressive sorten, fortel Ricardo Holgado. Han er seniorforskar på Bioforsk Plantehelse, og har studert potetcystenematodar (PCN) – potetsjukdommen som òg er kjend som potetål.

Kvit potetål. (Foto: Bioforsk)

Gul PCN er mykje enklare å nedkjempe enn den kvite varianten. I Noreg er 98 prosent av potetålen av den gule sorten. I andre land er 98 prosent kvite.

Store kostnader til kjemikaliar

I EU skal areala som brukast til setjepotet og planter til vidare dyrking, ha ein offisiell dokumentasjon av PCN-statusen. Bønder får ikkje bruke smitta område. I dag er det få EU-land som har areal frie for potetål.

Dei siste 60 åra er norske setjepotetar kontrollert og sjekka for sjukdommen. – Heile området der vi produserer setjepotet, er fritt for sjukdommen, og vi har aldri brukt kjemikaliar. Andre land bruker kjemikaliar som er svært giftige, forklarer Holgado.

Britiske potetprodusentar bruker nesten 600 millionar kroner i året for å sikre potetproduksjonen. Halvparten er kostnader til slike kjemikaliar – nematicid.

Nematicida har truga miljøet. Til dømes har fleire land problem med grunnvatnet. Bruken av kjemikaliane vil bli enda meir avgrensa når eit EU-direktiv om plantevernmiddel setjast i kraft, og dei fleste ventast å bli forboden i år.

Ricardo Holgado har brukt mikroskopet for å kartleggje potetcystenematodar. (Foto: Georg Mathisen)

Eit mogleg resultat kunne vera at Noreg kunne eksportere setjepotet til resten av Europa. – Slik det er nå, har vi ikkje nok til eigen bruk. Men her er potensialet stort, trur Holgado.

Graderte potetsortar

Prosjektet hans har ikkje handla om setjepotet, men om å kjempe mot PCN meir generelt.

Eit av tiltaka er ny gradering av potetsortar etter kor mottakelege dei er for smitte. Skalaen går frå 1 til 9, der 9 er heilt resistente. Så langt er det berre Noreg av av dei nordiske landa som har testa sortane som finst på marknaden.

– Av 26 sortar vi har kartlagt, er det funne grad 9 i tolv sortar og grad 8 i fem sortar, fortel Holgado. Det vil seia at fleirtalet av potetsortar i Noreg står seg godt mot PCN-smitte.

– Vi rår bønder til å veksle kvart fjerde år mellom meir og mindre resistente sortar, seier han.

Det er nemleg ikkje så enkelt at det er berre å dyrke dei resistente sortane. Gjer bonden det i år etter år, kjem sjukdommen til å utvikle seg slik at dei kan gå på dei sortane som er resistente i dag.

40 år i karantene

Dei områda der det er funne kvit eller aggressiv gul PCN i Noreg, er sette i karantene i 40 år. Dei eldste felta hadde vore i karantene i 32 år da forskarane tok prøver av dei. Framleis er det nok smitte i jorda til at potetålen kan blomstre opp igjen.

– Spørsmålet frå Mattilsynet var om vi kunne redusere karantenetida. Vi har funne ut at nei, det kan vi ikkje, men det ser ut til at 40 år er lenge nok, seier Holgado.

Han legg vekt på at i Noreg er bonden, vegleiaren, industrien og forskarane opne om kor PCN-smitta finst. I andre land vil dei ikkje diskutere med kvarandre, og det eksisterer ikkje kart som viser tydeleg kva som er smitta.

– Eg trur det er den største forskjellen - at vi er opne om dette her, seier Holgado, som trur det gjer det enklare å stoppe potetålen.

Powered by Labrador CMS