Er dette verdas beste dyne? Dyna er laga av ærfugldun i E-huset på Vega. (Foto: Morten Günther)

Er dette verdas dyraste dyne?

På Vega-øyene vert det produsert eksklusive, berekraftige dyner av ærfugldun med pris på nærare 50 000 kroner. No ynskjer fleire å vere med på å halde denne gamle tradisjonen i live.

Artikkelen er produsert og finansiert av NIBIO - Les mer

Fact: Click to add text

Fakta om ærfugl

Ærfugl er ei marin dykkand som finst langs kysten av Nord-Amerika, Nord-Europa og langs den nordlege kysten av Russland.

Tidlegare var ærfuglen svært vanleg i utbreiingsområda. Men i dei siste 50 til 100 åra har den opplevd ein dramatisk tilbakegong i enkelte land som Grønland, Canada og Noreg (Svalbard) og har til og med forsvunne heilt i mange område. Tendensen ser heldigvis ut til å snu fleire stader, særleg der forvaltinga av ærfugl er berekraftig og sett i fokus.

Ærfugldun har vore og blir framleis sett på som det beste ein kan oppdrive som fyllmasse i dyner.

Fakta

Biomasse

Alt biologisk materiale, slik som trær, skogsavfall, planter, tang, alger, fiskeavfall, slakteavfall, gjødsel osv kan i teorien bli brukt som biomasse til å lage produkter og energi. Store Norske Leksikon definerer biomasse slik: «Den totale massen av alle levende organismer i et område. Biomassen omfatter både produsenter, konsumenter og dekomponenter. Biomassen kan enkelte ganger beregnes som volum».

Bioøkonomi

Bioøkonomi innebærer at biomasse blir utnyttet i bærekraftige kretsløp i produksjon av mat, produkter og energi. For Norge kan det bli en overgang fra oljeøkonomi mot en mer langsiktig og bærekraftig økonomi. Vi kan bli mer uavhengige av olje ved at vi erstatter produkter som blir laget av olje med produkter som er laget av biomasse. Norge har naturgitte fortrinn gjennom store havområder, mye skog, og lange landbrukstradisjoner. I Norge fins det også mye kunnskap om ressursforvaltning, bioteknologi, materialer og energi.

Bioteknologi

Bioteknologi er navet i bioøkonomien som gjør at de mange mulighetene kan bli utnyttet. Det er en samlebetegnelse på teknologi som bruker mikroorganismer, plante- eller dyreceller til å framstille, modifisere eller forbedre produkter, planter og dyr, eller utvikle mikroorganismer for spesifikke anvendelser. Industrien bruker bioteknologi i framstilling av bl.a. farmasøytiske produkter, matvarer, dyre- og fiskefôr, biodrivstoff, finkjemikalier og til rensning og disponering av avfall.

(Kilde: Snl.no)

Ærfugldun har vore og blir framleis sett på som det beste ein kan oppdrive som fyllmasse i dyner. Det er fordi ærfuglduna har unike eigenskapar som du ikkje finn i gåsedun eller tilsvarande syntetiske materiale. Kanskje ikkje så rart at vår eigen kong Harald og dronning Sonja tar nattesøvnen under slike dyner.

I dag blir det sanka ærfugldun på Island, i Canada, Noreg og på Svalbard i tillegg til litt på Grønland. Island står for omtrent 70 prosent av all produksjon av ærfugldun på verdsbasis.

Langs kysten i Noreg har ein bevis på at vi har utnytta ærfugldun allereie tilbake i vikingtida. Faktisk blei det funne slik dun i Osebergskipet. Men tradisjonen har dessverre gått veldig tilbake i seinare år. Men så fekk produksjonen ei oppblomstring på 2000-talet. Då fekk nemleg Vega-øyene UNESCO verdsarvstatus - og ein av hovudgrunnane var nettopp dunværtradisjonen.

Produksjon i Vega

– Du skal ikkje lenger tilbake i tid enn 50 år så var produksjonen av dun 10 gonger så stor som den er i dag. Dei store væra hadde gjerne 2000 til 3000 reir kvar, seier ærfuglspesialist Thomas Holm Carlsen, som er forskar ved Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO). Han har i fleire år arbeidd med å revitalisere produksjonen av ærfugldun i fleire nordiske land.

Carlsen seier verdsarvstatusen i Vega har redda tradisjonen her i Noreg og fortel at interessa har vore smittsam. Fleire av nabokommunane til Vega har no også tatt opp igjen produksjonen i nedlagte vær.

– Eg har også hatt mange samtalar med folk frå andre Helgelands-kommunar og til og med frå Vesterålen og Trøndelag som ynskjer å ta opp igjen denne aktiviteten. Det skjer sakte, men sikkert. Potensialet er der.

Handrensing av ærfugldun på Vega. (Foto: Thomas Holm Carlsen)

– Ærfugldun er heilt unikt - både produktet i seg sjølv, men også  tradisjonen med sanking av ærfugldun. Det er god berekraftig utnytting av ein naturressurs. Reira blir hausta etter at ærfuglen og ungane har forlate dei. Det er eit biprodukt som elles ville ha blitt blåse til havs og forsvunne, påpeikar han.

Mykje arbeid

Den norske tradisjonen er at fuglevaktaren bygg ærfuglhus for å få den til å hekke på deira eigedom. Når dei har lukkast med det, og fuglen har funne seg til rette i huset og byrja å ruge egg, kjem den i gong med å produsere dun for isolasjon og komfort.

Etter at egga er klekte, forsvinn både mor og barn relativt kjapt. Fuglevaktaren kjem då og tek ut duna med ein gong fuglane har forlate reiret.

– Etter kvart som ærfuglane kjenner seg trygge, kjem fleire og fleire og legg seg i området. Mange av dei som driv på har hatt ein stor vekst i talet på fuglar. Du får betaling for tryggleiken deira i form av dun som dei elles mister. Det er ein fantastisk måte å utnytte ein ressurs på – og er ein vinn-vinn situasjon, meiner forskaren.

Men det er ikkje til å stikke under ein stol at dette er tid- og arbeidskrevjande:

Ærfuglhus på Vega. (Foto: Morten Günther)

– Det kan ta fleire år før ein får etablert tryggleik mellom folk og fugl om ein ikkje har ein stamme som er vane med folk. Og det er eit omfattande arbeid som skal til. Husbygginga tek tid og du må vere til stades heile sesongen, elles kan mink, kråke e.l. kome og øydeleggje.  Når du har fått samla duna, er det ein stor jobb å reinske ho. Det er handreinsking som gjeld i Noreg. På Island blir duna maskinreinska, men så produserer islendingane 3000 kilo dun, medan produksjonen i Noreg er på rundt 100 kilo.

Ein hobby

I Noreg er det 60 til 100 personar som driv med ærfugldun i ei eller annan form. Dei har frå 4 til 1000 reir. Men dette er ikkje noko ein kan leve av, seier Carlsen.

– Det er ein bi-geskjeft eller ein hobby. Ein må like å halde på med det og ha tilgang til eit område. Til og med på Island, der ein har opp mot 6000 reir per ærfuglvær og eksport av dun som bringer inn 30 til 40 millionar kroner i året, er det nesten ingen som har det som heiltidsarbeid.

Edderdunsvottar. (Foto: Morten Günther)

– Gjennomsnittsalderen på fuglevaktarane i Noreg er høg så det vil bli spennande å sjå om dunsankinga vert vidareført av neste generasjon, seier forskaren.

Verdas beste dyne

Ei dyne krev eit kilo dun, og for nokre er dette heile årsproduksjonen. Tradisjonelt sett er det dyner som blir laga av duna, men det er også interesse for nye produkt. I Vega er det mellom anna også blitt laga dunvottar, suvenirar og babydyner.

– Ei dyne er dyr. Gjennomsnittleg pris i Noreg er på mellom 40 000 og 50 000 kroner. Det synest eg er riktig. Ærfugldun skal prisast høgt. Det er ein heil sommarsesong med arbeid som ligg bak ei dyne. Den skal ikkje vere på billegsal. Den kan ikkje konkurrere med gåsedun på pris, men overgår den i kvalitet og ikkje minst på berekraft, seier han.

I Noreg er kundane gjerne turistar som kjem til plassen og kjøper dyne direkte. På Island er det Tyskland og Japan som er dei store importørane.

Ny forsking har vist at den norske dyna, der dunet har blitt handreinska, kan vare for evig og alltid viss den blir behandla riktig. Dyna går gjerne i arv i generasjonar. Maskinreinska dun får litt hardare påkjenning og blir litt lausare i konsistensen. Dette gjer at kvaliteten er litt lågare. Men den har også svært lang levetid.

Ærfuglhunn med unge. (Foto: Morten Günther)

– Eg har ikkje sjølv ei slik dyne, men eg hadde gleda av å sove under ei slik dyne på ei kald mai-natt ute i Lånan i i Vegaøyene. Det var ei fantastisk oppleving, fortel Carlsen.

God bioøkonomi

Framtidas økonomi må basere seg på fornybare og berekraftige ressursar, seier Alvhild Hedstein, administrerande direktør i NIBIO. 

Prosjektet med ærfugldun, som har hatt som mål å fremje den tradisjonsrike dun-næringa og ærfuglkulturen i nabolanda våre, er eit godt døme på grøne næringar vi bør satse på og som gir god bioøkonomi, meiner ho.

– Dette prosjektet har ikkje berre lagt grunnlag for vekst og grøn næringsutvikling, det har også vore med på å skape inspirasjon og entusiasme for ein heilt unik og svært gamal tradisjon vi var i ferd med å miste, seier Hedstein.

Powered by Labrador CMS