Produsent Jøran Wiig og Åge Jørgensen i NIBIO med dei første søtkirsebæra eller morellene som blei hausta i veksthuset 2. juni i år. (Foto: Jon Schärer)

Vil utvida den norske morellsesongen

Dei norske morellane kjem stadig tidligare. Ny dyrkingsteknikk kan gi lengre sesong, større avlingar og betre kvalitet.

Artikkelen er produsert og finansiert av NIBIO - Les mer

Fact: Click to add text

Om prosjektet

Prosjektet «Søtkirsebær dyrka i potter i veksthus og tunnel» skal utvikle lønnsame metodar for intensiv dyrking av morellar. Blant anna skal det prøvast ut ulike søtkirsebærsortar, ulike vekstmedium og gjødselvatning, samt bruk av biologisk plantevern for å minimalisera bruken av kjemisk plantevern.

Gartnar Andreas Wiig frå Klepp er prosjekteigar. Han har med seg sju andre veksthusgartnarar frå Rogaland og to tunneldyrkarar frå Hordaland. Prosjektet varer i tre år og er finansiert av Regionalt forskningsfond Vestlandet. Prosjektet er eit samarbeid med marknadsaktørane Coop og Bama.

Prosjektleiar er næringutviklar Åge Jørgensen ved NIBIO Særheim, medan seniorforskar Mekjell Meland, NIBIO Ullensvang vil vere FoU-partnar. Dei vil  også samarbeide med FoU-partnarar i Europa og USA.

Morellar

Morellar er steinfrukter og i slekt med plommer. Botanisk er morellen eit surkirsebær med mørk saft. Men morellar og kirsebær omtalast ofte om kvarandre.

Søtkirsebær eller fuglekirsebær, i Noreg vanlegvis (feilaktig) kalla morell, Prunus avium, veks vill i Vest-Asia og Europa, i Noreg langs kysten til Nord-Trøndelag. Gamal kulturplante; i Noreg dyrka frå midten av 1700-tallet.

Søtkirsebær er den av våre frukttreartar som tåler minst frost over jorda. Dyrkinga er difor særleg utbredt der normaltemperaturen om vinteren er omkring 0 °C.

I Noreg blir det dyrka mest søtkirsebær i indre Hardanger. Søtkirsebærtrea blømer tidleg og er difor utsette for frostskade i blomen. Treet kan bli stort og gamalt. Søtkirsebær har ein mild og søt smak.

Kjelde: Store norske leksikon, Nibio

I fjor planta Jøran Wiig 580 trær i eit eldre veksthus. Tomatplantane vart bytta ut med søtkirsebær, eller morellar som folk flest seier i Noreg. Haustinga starta 2. juni, og Wiig vart dermed den første til å levere norske morellar i år.

Produsenten i Klepp kommune er ein av elleve produsentar i Rogaland og Hordaland som deltek i eit nytt forskingsprosjekt, der målet er å utvikle lønnsame metodar for å dyrke morellar i veksthus og tunnel.

– Vi har forska på tomatar i 70 år, men intensiv veksthusdyrking av søtkirsebær har vi berre prøvd i tre år, seier prosjektleiar Åge Jørgensen ved NIBIO. Han synest resultata så langt har vore svært lovande og meiner norske morellar bør ta ein del av marknaden utanom vanleg sesong.

– Eg ville aldri rådd nokon til å byggje nye veksthus for å dyrke morellar. Men det er ei god ressursutnytting å bruke eldre anlegg, som ikkje held dagens energikrav for å dyrka tomatar og andre varmekrevjande kulturar. Me treng ikkje tilføre energi for å produsere søtkirsebær i veksthus. Samstundes utnyttar me dei andre fordelane og teknikkane vi har her, seier Jørgensen. 

) I veksthuset står trea med søtkirsebær tett i potter. (Foto: Jon Schärer)

Startar forsiktig

Bygda Orre på Jæren har eit svært aktivt landbruk med grønsakdyrking både i veksthus og på friland. Her driv Jøran Wiig 20 mål med tomatar i veksthus. Nå prøver han ut ulike morellar i eit av dei eldre veksthusa.

– Det er både interessant og spennande å prøve nye kulturar. Vi er veldig entusiastiske, og det kan ein jo leva lenge på, seier Wiig. 

Han og de andre produsentane startar forsiktig og det er ein lang veg fram, men Wiig har fleire eldre veksthus som kan vere aktuelle å dyrke søtkirsebær i.

Åge Jørgensen meiner alternativ utnytting av eldre veksthus er ei rimeleg investering.

– Eit ferdig planta morelltre med potte og jord kostar rundt 200 kroner. Om ein haustar tre kilo per tre det første året, er produksjonsapparatet i hovudsak betalt. Kor lenge vi kan ha treet i produksjon, har vi ennå ikkje fått prøvd ut, men vi håper på sju til åtte år, seier Jørgensen.

Kan endra dyrkingspraksis

Målet med det nye prosjektet, som er finansiert av Regionalt forskingsfond Vestlandet, er å utvikle lønnsame metodar for å dyrke søtkirsebær i både veksthus og tunnel.

I dag skjer det meste av produksjonen på friland med plastdekke og i plasttunellar. Her blir trea planta rett i bakken. I det nye prosjektet skal ein dyrke trea i 35 liters potter og blant anna teste ut ulike sortar, grunnstammer og klimastyring og gjødselvatning. Medan ein planter rundt 150 morelltre per dekar i vanleg produksjon på friland, gjer ein i veksthus forsøk med inntil 1000 tre per dekar.

– Eg trur vi kan overføre mykje av veksthustankegangen til dagens produksjon i tunellar.

Det seier seniorforskar og forskingsansvarleg i prosjektet, Mekjell Meland ved NIBIO Ullensvang. Han trur vi kan øke mykje av dagens dyrking ved å dyrke i potter med dryppvatning for å gi best mogleg tilførsel av vatn og næring. Det vil også gi betre utnytting av arealet.

Seniorforskar Mekjell Meland i NIBIO. (Foto: Nibio)

Klare til 17. mai

Den store fordelen med veksthus er at morellane kan henge lenger på trea før hausting. For jo lenger dei heng, desto større og søtare blir dei.

– Vi klarer ikkje å konkurrere med tyrkarane på pris, så vi må satse på kvalitet, med store, velutvikla, ferske og kortreiste morellar, meiner Jøran Wiig.

– Sjølv om vi i veksthus kan få til modne morellar allereie til 17. mai, er det kanskje i siste del av sesongen vi har dei største marknadsmogligheitene, meiner Åge Jørgensen. 

Powered by Labrador CMS