Bonus for velferd

Bedrifter i Dar es Salaam byggjer no opp bonusordningar for å sikre velferda for sine tilsette. Det er noko heilt nytt, fortel Anne Ryen ved Universitetet i Agder.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Illustrasjonsfoto: iStockphoto)

Tanzania


 

Offisielt navn: Jamhuri ya Muungano wa Tanzania (swahili), United republic of Tanzania (engelsk)
Norsk navn: Den forente republikk Tanzania
Statsform: Forbundsrepublikk i Afrika
Areal (km²): 885 800, 947 300 (ink sjøer og vann)
Innbyggertall: 49 253 000 (2013)
Innbyggere per km²: 56
Hovedstad: Dodoma
Offisielle språk: Swahili, engelsk
Religion: Kristendom, islam, lokale religioner
Nasjonaldag: 26. april
Mynt: Shilling à 100 cents

(Kilde: Store norske leksikon)

Mzumbe University

Starta som Institute of Development Management i 1972.

Ligg 2,2 mil sørvest for Morogoro. Blei det fjerde offentlege universitetet i Tanzania i 2001. 3 474 studentar (2006/2007). Fem fakultet Har campus også i Mbeya og Dar es Salaam.
 

Anne Ryen og kollegaen hennar ved Mzumbe University i Tanzania, Eulalia Temba, forskar på kva ytingar tilsette i private bedrifter får utanom ordinær lønn. Dei har og ein phd-student fra Mzumbe som er knytt til prosjektet.

- Vi går inn i eit felt som er i sterk endring. Bedrifter byggjer no opp bonusordningar. I dette inngår mange ytingar og det begynner å bli systematisk bruk av det, seier Ryen, som er førsteamanuensis og sosiolog ved Universitetet i Agder.

Forskarane har valt ut fem bedrifter innanfor bank- og forsikringssektoren i Dar Es Salaam, med frå 30 til eit par hundre tilsette.

Dette er den såkalla formelle sektoren, der arbeidskrafta er registrert, og kan påverkast av regjeringane sine reguleringar. I uformell sektor er arbeid uregistrert, uorganisert og uregulert.

- Einaste anna forsking om dette i Tanzania er frå tidleg 1990-tal, i ein rapport av min kollega frå Mzumbe, Rafael Habi, og meg. Då var det ikkje bruk av bonusordningar og velferdsytingar i særleg grad. Tanzania har lite statistikk om frynsegode og godtgjersler. Vi har jobba mykje med å få fram det som finst, seier Ryen.

Helse, reiser og mobil

Døme på bonusordningar og frynsegode kan vere helseforsikringar for tilsette, ektefelle og barn, tilgang til klinikk for svangerskapskontrollar og fødsel, og utgifter til briller. Av andre døme på godtgjersler nemner Ryen mobiltelefon, pendlarreiser, drivstoff, gravferder, reise til gravferder og eigen bil med sjåfør.

- Det er ein omfattande bruk av godtgjersler av ulike verdiar og storleikar. I enkelte bedrifter er det opp til 20 ytingar ved sidan av lønna. Mange av desse er viktige for velferda til folk der ein ikkje har offentleg velferd som hos oss, og desto meir interessant for arbeidsgjevar å gje sine tilsette, seier Ryen.

Dei kan også ha konkurransar i bedrifta kor gevinsten er sosiale arrangement for familien, for eksempel ein hotellweekend. I fleire bedrifter betaler bedrifta skatten for dei tilsette på somme skattepliktige ytingar.

Kva med kvinnene?

- Vi veit at kvinner oftare enn menn blir råka av fattigdom. Difor har vi også sett spesielt på kvinnene sin situasjon i eit slikt system med bonusordningar. Kva skjer med kvinnene? Kvar er dei i bedriftshierarkiet?

- Når det gjeld kjønn og godtgjersle ser vi på heile lønnspakka. Tre av dei vi har snakka med er kvinner, to av dei er personaldirektørar, mens den tredje er administrerande direktør, seier Ryen.

Ryen understrekar at dei har sett på privat næringsliv i denne studien. Dei vil utvide utvalget til fleire næringar seinare.

- Kvinnene i formell sektor jobbar fulltid, og ikkje deltid slik vi ser i Noreg. På nokre område er difor fordelinga mellom kjønna meir lik enn i Noreg.

- Men vi veit at Tanzania er eit veldig patriarkalsk samfunn, og i uformell sektor er tilhøva heilt annleis. Kvinnene er i fleirtal, og sektoren er prega av låge lønningar, dårlege arbeidskår, høg risiko, og få eller ingen sosiale gode eller vern, seier Ryen.

Referanse:

Forskingsprosjektet er ein del av programmet Governance, Gender and Scientific Quality, som er finansiert av Norad for 2007 - 2011. Neste artikkel blir publisert i Journal of Comparative Social Work.

Powered by Labrador CMS