Talet på samdrifter har gått drastisk ned dei siste åra. I toppåret 2008 var det registert 1973 samdrifter i Norge. I år er talet 1112. (Foto: Frank May, NTB scanpix)

Bønder slit med samarbeidet

Nokre bønder slit så mykje med å samarbeide at dei flyr på kvarandre. Slikt påverker stemninga i heile bygda, seier forskar.

Samdrift i landbruket

Samdrift i landbruket er organisert samarbeid mellom to eller flere gårdsbruk om felles produksjon.

Gårdsbrukene er fortsatt selvstendige enheter, samarbeidet er tidsbegrenset og berører ikke eiendomsretten.

Maskiner, dyrebesetninger og bygninger kan enten leies eller eies av samdriften.

Fordeler ved samdrift er bedre utnyttelse av gårdens ressurser, bedre tid til annet arbeid, mulighet for ferie og fritid og større sikkerhet ved sykdom.

Kilde: Store norske leksikon

– For enkelte fungerte samarbeidet på garden så dårleg at det enda med dritslenging og slagsmål, seier førsteamanuensis Therese E. Sverdrup ved institutt for strategi og leiing på Norges Handelshøyskole (NHH).

Saman med professor Vidar Schei og tidlegare NHH-stipendiat Bjørn Gunnar Hansen har ho undersøkt korleis samarbeidet fungerte på tolv gardar som var organisert som samdrifter. Det vil seie gardar som samarbeider om drift av gardane. 

Forskarane ville finne ut kva som kjenneteikna dei samdriftsteama som samarbeidde best. Forskarane meiner den psykologiske kontrakten mellom medlemmene i teamet kan vere med å forklare korleis det går med bøndene. Dette er ein uskriven kontrakt som handlar om dei forventningane kvar av medlemmane i teamet har til kvarandre.

Oppstarten er viktig

24 bønder vart intervjua om oppstartsfasen og vidare utvikling, og forskarane fekk vere med rundt på gardane for å få eit inntrykk av korleis drifta fungerte.

– Vi ser at oppstartsfasen er heilt kritisk for å få samarbeidet på gardane til å fungere. Her må ein bruke tid på å avklare forventningar til arbeidsinnsats og vere spesifikk på kva kvalitet det skal vere på arbeidet som skal gjerast, seier Sverdrup.

Set klare rammer

Ifølgje Richard Hackman, ein sentral forskar innan teamforskinga, kan 30 prosent av korleis eit team presterer forklarast med arbeidet som blir gjort i oppstartsfasen. Samdriftene som ikkje fungerte, konsentrerte seg for det meste om spørsmål om korleis driftsbygningen skulle sjå ut og korleis dei skulle løyse alle dei tekniske krava. Dei snakka i liten grad om korleis samarbeidet skulle fungere.

– Det er vanskeleg å seie nøyaktig kor formalisert ein må gjere det i oppstartsfasen. Men for samdriftsbønder er det snakk om samarbeid som skal vare opp mot 25 år. Då kan det vere nyttig å skrive ned nokre punkt som ein blir einige om. Ein må sette nokre rammer, men ein må samstundes ikkje regulere det så sterkt at ein blir meir opphengd i dei små detaljane, seier professor Vidar Schei.

Eit grundig førearbeid gjer det også lettare å ta tak i ting som ikkje fungerer, ifølgje forskarane.

Rause med kvarandre

– Dei vellukka teama evnar å stoppe opp og stille seg spørsmålet om korleis dei eigentleg fungerer saman og om måten dei gjer det på i dag er den mest hensiktsmessige. Det er dette vi på fagspråket kallar refleksivitet, seier Sverdrup.

– Vi ser at dei som brukar god tid på å avklare forventningar i oppstartsfasen, også er rausare med kvarandre. Dei stiller til dømes opp for kvarandre i periodar der enkelte ikkje har anledning til å kunne jobbe, seier Schei.

Nedgang i samdriftsgardar

Talet på samdrifter har gått drastisk ned dei siste åra. I toppåret 2008 var det registrert 1973 samdrifter i Noreg. I år er talet 1112.

Ei forklaring på dette kan vere at frå 2015 vart særreglane for samdrifter avvikla i kvoteregelverket. Dette inneber at samdriftsføretak og andre typar mjølkeproduksjonsføretak no er likestilte i kvoteregelverket. Ei anna endring i regelverket som kan ha påverka talet på samdrifter, er reduksjon av driftstilskotet til samdrifter, opplyser Landbruksdirektoratet.

Forskarane er likevel overtydde om at dårleg samarbeid er ein viktig grunn til at mange har gitt opp samdriftsprosjekta.

– Det er ganske fortvilande for mange bønder fordi det står så mykje på spel. Dei har investert store summar i prosjektet, og dårleg samarbeid kan påverke stemninga i heile bygda dei bur i. Du kan ha det vanskeleg i andre yrker også, men du tek ikkje med deg problema heim på same måte som ein bonde gjer. Det å vere bonde er ein livsstil meir enn eit yrke, seier Schei.

Mange team slit

Sverdrup og Schei forskar på korleis ein får team til å fungere, og meiner funna frå samdriftene gir nyttig innsikt i korleis teamarbeid bør organiserast.

– Eit team kan definerast som to eller fleire menneske som er avhengige av kvarandre for å nå felles mål. Ein stor del av arbeidsstyrken jobbar i team, og vi ser dei same utfordringane i andre bransjar også. Mange team slit med å få ut potensialet. Teammedlemmer slit generelt med manglande motivasjon, dei manglar eit felles mål, og er dårlege til å koordinere seg, seier Sverdrup.

Ho trur likevel det er muleg å få til ein ny start for team som ikkje fungerer.

– Men det er klart at det krevst veldig mykje. Det viktigaste er at alle involverte må ha motivasjon for å ta tak i det. I bøndene sitt tilfelle såg vi at det på enkelte gardar hadde gått så langt at det ikkje var muleg med ein ny start, i alle fall ikkje utan hjelp frå andre.

Referansar:

Therese E. Sverdrup og Vidar Schei: «Cut me some slack»: The Psychological Contracts as a Foundation for Understanding Team Charters. The Journal of Applied Behavioral Science 2015, Vol. 51 (4) 451-478.

Vidar Schei, Bjørn G. Hansen og Marcus O. Selart: Can Lonely Riders Become Three Musketeers? Creating Effective Joint Operations among Farmers. International Journal of Business and Management; Vol. 7, No. 23; 2012

Powered by Labrador CMS