Vil plukke fleire plommer

Fruktnæringa på Vestlandet vil plukke fleire plommer. Både til norske forbrukarar og andre land. Oppskrifta er å utvide sesongen, helst med ein månad. Men det krev betre lagrings- og pakkemetodar.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Av dei fruktslaga ein dyrkar i Norge, er plommer det produktet ein mest tydeleg ser at forbrukaren føretrekke norske varer framfor importert. (Foto: Eivind Vangdal)

Plommeprosjekt:

Prosjekttittel: Haldbare plommer for jamnare tilførsel til marknaden, utviding av salssesongen og utnytting av eksportkvotar.

Prosjektperiode: 2009-2011
Prosjektleiar: Hardanger Fjordfrukt v/dagleg leiar er John Lyngholm.
FoU-ansvarleg: Eivind Vangdal, Bioforsk Vest Ullensvang

Deltakarar:
Hardanger Fjordfrukt BA (v/ styreleiar Amund Måge), i samarbeid med Innvik Fruktlager PL, Sognefrukt BA og Ullensvang Fruktlager PL, Bama-gruppen, ICA og Nordgrønt/COOP.

Kostnad: Totalramme 10, 5 millionar. Finansiert frå Forskingsrådet tre millionar, og 7,5 frå deltakarene.

FoU-samarbeidspartnarar i Noreg:
Institutt for plante- og miljøfag (IPM), Universitetet for Miljø og Biovitenskap.
Senter for klimaregulert planteforsking (SKP).
Matforsk AS, Nofima Mat.

 

Dei norske plommene let vente på seg i år. Sein vår og litt kjølig vêr får skulda for det.

Men gunstige forhold den siste veka gjer at både produsentar og forbrukarar er nøgde med kvalitet og utbod.

Midtvegs i sesongen ligg det an til eit normalår med vel tusen tonn norske plommer.

Det kan minst doblast, forventar næringa. Svak økonomi i dyrking av eple og pære gjer at ein no satsar mykje på plommer i alle fruktdyrkingsområda i Noreg.

Sterkt prispress

– I gode plommeår med store avlingar har det i periodar vore sterkt prispress og nær samanbrot i marknaden. Samstundes konkurrerer norske plommer svært godt med dei utanlandske.

– Av dei fruktslaga ein dyrkar i Noreg, er plommer produktet der ein mest tydeleg ser at forbrukaren føretrekk norske varer framfor importerte.

Det seier Eivind Vangdal ved Bioforsk Vest Ullensvang i Hardanger.

Han har forskingsansvaret for eit prosjekt der plommedyrkarane, fruktlagra og omsetningsorganisasjonane har gått saman for å få meir haldbare plommer som kan brukast i ein utvida sesong.

Prosjektet gjeld heile Vestlandet, men det er også eit samarbeid med aktive plommedyrkarar på Austlandet.

– Kunnskapen kjem difor alle norske plommedyrkarar og omsetjarar til nytte, poengterar Vangdal.

Seine sortar

Forskar Eivind Vangdal ved Bioforsk Vest Ullensvang. (Foto: T. Vangdal)

Dyrkarane har allereie lagt grunnlaget for ein utvida sesong gjennom å plante mykje seine sortar.

Utfordringa no blir å utnytte potensialet for norske plommer, og næringa meiner det er grunnlag for å tenkja eksport.

– Noreg har eksportkvotar gjennom EØS-avtalen, men hittil har det berre vore prøvd små parti. Dersom ein har meir haldbare produkt, vil det kunne vera interessant å utnytta eksportkvotane, seier Vangdal.

Den totale eksportkvoten er på 600 tonn, som utgjer ein verdi på 10 millionar kroner. Men eksport krev haldbare plommer og god innpakning. Dette er den største utfordringa for ei slik ferskvare.

Testar lagringsemne

– Gjennom prosjektet prøvar vi ut metodar og utstyr for å gjere plommene meir haldbare og tilgjengelege i ein lengre salssesong. Det er gjort lagringsforsøk tidlegare, men vi kjenner lite til eigenskapane for dagens sortar.

Ved Bioforsk Vest Ullensvang og SKP på Ås gjennomførast kontrollerte lagringsforsøk for de mest aktuelle plommesortane.

Tett plast gjev dårlege resultat, og ein prøver no ulike typar laserperforert plast. Med litt luft slepp ein ut både oksygen, CO2 og vatn, noko som gjer at frukta held seg fastare og friskare.

Sårbar ferskvare

Betre innpakning er viktig for å auke haldbarheita for plommer til eksport. (Foto: Eivind Vangdal)

Plommer er ei lite haldbar frukt. Dermed er det i stor grad klimaet som avgjer kor mykje plommer som til ei kvar tid vert marknadsførde.

Med betre kunnskap om handtering og lagring av norske plommer kan ein få ei meir haldbar vare som vil gjera det mogleg å halda attende plommer i veker med stor tilførsel, og dermed sikra jamnare tilførsel av norske plommer og unngå prisfall eller samanbrot i marknaden.

– Hovudmålet er å betra økonomien i plommedyrkinga og omsetninga med betre marknadstilpassing, utvida salssesong og eksport, seier Vangdal.

Forskaren har difor stor tru på auka plommeproduksjon både i Hardanger og resten av plommedistrikta her i landet.

Powered by Labrador CMS