Julestjerner i sopptrøbbel

Nyleg har forskarar ved Bioforsk Plantehelse identifisert ein ny rustsopp på julestjerne som ikkje tidligare er registrert i julestjerne, verken i Europa eller Amerika.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

"Julestjerner blir ei populær salsvare når jula kjem stadig nærmare."



Julestjerne er den viktigaste blomsterkulturen i Noreg, med omlag 6 millionar planter produsert av norske gartnarar til jul kvart år.

Ho kjem opphavleg frå Mexico og Guatemala, og veks som ein eviggrøn busk som kan bli fleire meter høg. Planta er foredla over mange år og finnes i dag i fleire ulike farger, former og variantar.

- I september i år mottok vi ein interessant prøve av julestjerne av sorten Cortez White, fortel forskarane Brita Toppe og Venche Talgø ved Bioforsk Plantehelse.

Planta hadde lyse, nekrotiske flekkar omkransa av ein raud kant på oversida av blada og karakteristiske gul-oransje rustflekkar på undersida. Undersøkingar viste at skaden var årsaka av rustsoppen vortemjølkrust, med det latinske namnet Melampsora euphorbiae.

- I julestjerne er sjukdommen frå før berre rapportert frå India, Tanzania og Mauritius. Soppen er difor ikkje tidlegare registrert i julestjerne, korkje i Europa eller Amerika.

Ikkje grunn til julestjerne-panikk…

Trass i et uvanleg soppfunn; sjukdommen vil ikkje føre til tomme potter hjå folk i jula 2006.

- Så langt eg veit, vil det ikkje bli dramatisk for tilgangen på julestjerner i år, seier Brita Toppe.

- Men sidan soppsjukommen er ny, er det viktig at vi grip tak i saka no, for å hindre problem i sesongar framover, held Toppe fram.

"Forskar Venche Talgø på laboratoriet. Foto: Erling Fløistad"

Også braktéane (dei farga blada under blomane) får angrep, og skadeomfanget kan vera stort i enkelte gartneri. I Noreg er soppen no påvist i 11 julestjernesortar i fleire ulike gartneri, sju totalt. Størst skade er registrert i sorten Cortez White, der vortemjølkrust er funnen på alle plantene i enkelte hold.

Skadeomfanget på enkeltplanter varierar frå nokre få rusthopar på undersida av eldre blad, til markert flekking på alle blada, også høgt oppe i planta. Salsverdien vert sterkt redusert når dei nekrotiske flekkane kjem til syne på bladoversida.

- Vi har sett skade på opptil 13 blad på enkeltplanter, fortel Toppe.

I andre sortar har skadeomfanget jamt over vore mindre. Men vi har så langt ikkje grunnlag for å seia om variasjonen mellom sortar skuldast varierande motstandskraft, eller om sjukdomsutviklinga i andre sortar vil verta tilsvarande den i Cortez White over tid, fortel forskarane.

Skadeomfanget varierar og frå gartneri til gartneri. Hjå nokre produsentar har angrepet stoppa opp utan bruk av kjemiske middel, medan andre opplever rask spreiing.

Ulik luftråme i veksthusa kan truleg forklare noko av denne variasjonen.

Smittekjelder

Rustsoppen vortemjølkrust er kjent frå ulike delar av verda der han lever på ei rad Euphorbia-artar. I Noreg kjenner vi han frå fem artar av vortemjølk (i naturleg vegetasjon eller kultivert i park/hage).

"Gul-oransje sporemassar av vortemjølkrust på undersida av eit blad av julestjernesorten Cortez White. Foto: Erling Fløistad."

Rusten er ofte påvist i ugraset åkervortemjølk (Euphorbia helioscopia L.) og er kjent nord til og med Nord-Trøndelag på denne vertplanta.

Så langt veit ikkje forskarane om rustsoppen har kome med importerte småplanter eller frå infisert vortemjølk i naturleg vegetasjon i nærleiken av gartneria.

Tiltak

- Det viktigaste tiltaket for å redusera skaden av soppen er å halda den relative luftråmen så låg som mogleg, helst under 75 prosent. Høg luftråme og/eller fritt vatn på plantene gir gode tilhøve for infeksjon og sjukdomsutvikling.

- Vi har tilrådd å bruka bestemte soppmiddel for å redusera skadeomfanget. Ved sprøyting seint i kulturen må ein prøva seg fram med sortane for å unngå skadar på braktéane, fortel Brita Toppe og Venche Talgø

- Dersom veksthuset vert godt reingjort, og alle julestjerner vert fjerna, er det liten risiko for at smitten skal kunna overleva i gartneriet til neste sesong, seier Toppe og Talgø.

Slik sett er det ingen grunn til å frykte at ikkje gartneria skal kunne tilby friske norske julestjerner til forbrukarane også i åra som kjem.

Forskaranes funn vil publisert i det amerikanske tidsskriftet Plant Health Progress.

Powered by Labrador CMS