Angrepa på fylkeskommunen er eit særnorsk fenomen

Noreg synest å stå utanfor dei regionalistiske straumdraga som har prega andre nordiske og europeiske land. Mens det har vært sagt mye kritisk om fylkeskommunen dei seinare åra, særlig fra den regionale statsforvaltninga, har utviklinga i Norden og Vest-Europa elles faktisk vore å styrkje eller byggje ut det folkevalte mellomnivået eller regionnivået

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Debatten om fylkeskommunen har i seinare år mest dreia seg om rolla som tenesteytar. Denne debatten har vore heller kritisk og har fokusert einsidig på oppgåvene som sjukehuseigar. Det har vore meir stille om rolla som regionbyggjar, i alle fall i den allmenne debatten og utanom snevre fagmiljø.

I Europa elles er det nettopp oppgåver i regional utvikling som er med på å fornye regionane, og som gir innhald til slagordet «Regionanes Europa», forteller professor Harald Baldersheim.

Baldersheim har samanlikna fylkeskommunanes rolle i Norge med andre land, for mellom anna å kartlegge korleis fylkeskommunane kan fungere som regionbyggjar. Han har også granske i kva grad dei maktar dei å fylle denne rolla, kva stengsler dei står overfor, og kva som kjenneteiknar vellykka utviklingsprosjekt.

Fylkeskommunane er regionbyggjarar

- Svaret på det første spørsmålet er at fylkeskommunane i mange land definitivt må oppfattast som regionbyggjarar. Og denne rolla er svært variert: Kompetansesenter, PR- og lobbyagent for regionen, stifinnar for staten, er nokre av utviklingsrollene fylkeskommunen ivaretar. Stengslene ligg i at fylkeskommunen må drive utviklingsarbeidet i samspel med relativt uavhengige regionale statsetatar og i eit visst konkurranseforhold til dei større bykommunane. Dessutan er statsforvaltninga, både nasjonalt og regionalt, gjennomsyra av sentralistiske haldningar og praksis.

- Vellykka utviklingsprosjekt er sterkt avhengige av forvaltningsentreprenørar med visjonar og pågangsmot. Fylkespolitikarane er ikkje særlege synlege i utviklingsarbeidet, seier Baldersheim.

Baldersheim si gransking tyder på at den norske fylkeskommunen har god funksjonsevne og er i stand til å løyse oppgavene den er tiltenkt. Dette kjem ikkje minst til syne i utdanningssektoren, der gapet mellom fylke og landsdelar i tilgangen til vidaregåande utdanning er sterkt redusert etter 1975.

- Reform 94 var faktisk ein prøvestein på den fylkeskommunale handlingsevna, og gjennomføringa har stort sett gått etter programmet, seier Baldersheim.

Feilplassert kritikk

- Fylkeskommunen er mest kritisert for dei problem som knyter seg til helsevesenet, særleg sjukehussektoren, men kritikken er for det meste feilplassert. Når vi ennå har sjukehuskøar, er det ikkje fordi fylkespolitikarane er påhaldne og ikkje vil løyve meir pengar til sjukehus. Tvert om, dei vil gjerne prioritere sjukehusa, men har blitt tvinga av staten til å prioritere andre kostbare oppgaver, peiker Baldersheim på.

- Kritikken av fylkeskommunen har mykje preg av ei motebølgje som har skapt sin eigen dynamikk. Om vi skulle gå bort frå eit folkevalt fylkesting, blir likevel ikkje politikken borte. Det må framleis prioriterast mellom vegar, skolar og sjukehus. Det må framleis takast stilling til kvar vegtrasear og sjukehus skal leggjast.

Uten fylkespolitikarar til å ta stilling til slike spørsmål, må anten Stortinget gjere det, og risikere og bli nedsylta i lokale spørsmål og lokale konfliktar. Eller så flytter politikken inn i regionforvaltninga, og da kjem nok regionpolitikarane etter, advarer Baldersheim.

Powered by Labrador CMS