Men er det litteratur?

Det handlar om vår eksistens. Om kva som er og ikkje er. Det dreier seg om kva vi trur på, håper på, om våre ideal. Det er science fiction.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Den som har teke seg tid til å vandre omkring i ein gjennomsnitts norsk universitetsbokhandel, vil sjå at hyllene merka Science Fiction (SF for dei innvigde) og Fantasy er meir velassorterte her enn i dei fleste vanlege bokhandlar.

Her finn vi klassikarar som Henlein og Asimov, Clarke og Aldiss. Dei skriv om galaktiske imperium, om tidsparadoks, om maskiner som tenker, og om fryktelege diktatorar. SF er populær hyllevare bland akademikarar.

Men er det litteratur? Her strides både dei lærde og dei ikkje fullt så lærde.

- Det handlar om vår eksistens. Om kva som er og ikkje er. Det dreier seg om kva vi trur på, håper på, om våre ideal. Det er science fiction.

Star Wars - ikkje SF

For den som fekk Obi Van Kenobi og lasersverda hans inn med morsmjølka (og vart grundig avvend på vegen), kjem dette kan hende som eit sjokk: Star Wars er ikkje science fiction. Ikkje eigentleg.

Doris Lessing skriv i føreordet til science fiction-romanen sin “Shikasta” om pripne vaktarar av den litterære kanon; om deira nedlatande haldning til hennar lefling med SF-sjangeren. Sjølv valde forfattaren å omdøype den til «Space Fiction» fordi ho meinte det hadde meir med verdsrommet enn med vitskap å gjere.

Det hjelpte ikkje.

Cowboy og indianar i verdsrommet

Litteraturfundamentalistar let seg ikkje lure. Lessing skreiv SF-romanane sine samstundes med at Steven Spielberg og Geroge Lucas kom med dei første to Star Wars-filmane. At Star Wars eigentleg var cowboy og indianar-filmar flytta ut i verdsrommet, var vanskeleg, for ikkje å seie uråd, å kommunisere til SF-skeptikarane.

Slike filmar er venteleg ei viktig forklaring på kvifor mange etablerte forfattarar kvir seg for å la seg bli assosiert med denne sjangeren. Science fiction er og blir kiosklitteratur. Nokre tek likevel sjansen - som Margaret Atwood, nå sist med “Oryx og Crake”, og Marge Piercy med “En fantastisk mann”.

Litteraturvitaren: SF er idélitteratur

Knut Ove Eliassen er professor i litteratur ved NTNU og dermed per definisjon trufast vaktar av den litterære kanon - dei udiskutable meisterverka. Men professor Eliassen har ingen kvalar med å vedkjenne seg si interesse for sjangeren.

"Knut Ove ELiassen."

- Med idélitteratur meiner eg at ein nyttar fortellargrepet til å teste ut ein idé: Kva om det og det var mogleg, kva ville skjedd då? Kva om menneske og maskin vart eitt; kva om vi kunne krype gjennom svarte hol; kva om telepati er mogleg. Kva skjer då? Her kan ein spekulere fram ulike scenario, forskjellige ting som kan skje, seier professor Eliassen.

Men er det litteratur?

- Eg meiner at SF som idélitteratur fell utanfor det tradisjonelle litteraturomgrepet. Dette vert meir som vitskapsjournalistikk forkledd som forteljingar, seier Eliassen.

Litteratur handlar om å utfordre form - om å eksperimentere med kva som er mogleg å uttrykke gjennom språket. Det er dette dei store meistrane gjer, seier han: James Joyces Ulysses gjer det, Paul Celáns Dødsfuge òg.

- Slikt er ikkje SF-sjangerens greie, meiner Eliassen.

Derfor vil han helst ekskludere Lessing & co. frå sjangeren.

Få unnatak

- Unnatak finst, men dei er få, seier Eliassen.

- Eitt glitrande unnatak er novella Flowers for Algernon av Daniel Keyes.

- Mange trur at SF handlar om å spå om framtida? Det er feil. SF handlar om samtida vår, om kva vi trur på og håper på, om våre idear. Orwells 1984 er eit instruktivt døme på det: Orwell skreiv romanen i 1948 og bytta om på dei to siste sifra, seier professor Eliassen, som har eit greitt svar på kven som fann opp sjangeren:

- Det var han som fann opp omgrepet science fiction: Hugo Greensback.

Humanisten: likar det uventa

Sissel Lie er prodekanus ved Det historisk-filosofiske fakultetet og professor i fransk. Ho lærte seg engelsk som tenåring, gjennom å lese science fiction.

"Sissel Lie."

- Eg har aldri hatt så stor interesse for krim, det vert for oppskriftsmessig. Eg likar det leikande, det uventa i SF-sjangeren, seier professor Lie, som samstundes markerer avstand til fantasy-sjangeren, som ho meiner er ein mykje flatare og eindimensjonal type historieforteljing.

- Men ein svært god ting med både fantasy og SF er at dei appellerer til gutar og unge menn, får dei til å lese: Mange går etter kvart over til meir generell litteratur. Dette er bra.

Ei god historie er ei god historie

Professor Lie har førelest om SF for studentane sine.

- Eg nærma meg tekstane som alle andre litterære tekstar, seier ho.

Men finst det «ordentlig» litteratur innanfor sjangeren?

- Det kan vel hende. Men då er ikkje dette med sjanger så viktig: Då er det berre god litteratur, god historieforteljing. Les du ei god historie, bryr du deg ikkje om sjanger.

Forfattaren: SF er vitskapskritikk

- Medan annan litteratur er skriven slik at folk skal kunne kjenne seg att og få stadfesta kva dei meiner frå før, fører science fiction lesaren inn i heilt nye og uvante problemstillingar. Stygt sagt kan vi si at medan ein vanlig roman er ein slags sutteklut, så gir god science fiction lesaren ei utfordring.

Det seier SF-forfattar Tor Åge Bringsværd. Han meiner at SF er den einaste vitskapskritiske litteratur vi har.

- I det legg eg at science fiction er den einaste litteratur vi har, som drøftar kva for moglegheiter - og grøftekantar - dagens forsking gir oss.

- Moderne vitskap endrar samfunnet, og den endrar kvardagen til vanlege mennesker heilt ned på detaljplanet. Likevel har eg til gode å sjå dette synleggjort i dei kommersielle bokklubb-bøkene. Det finst framleis langt fleire traktorar enn pc-ar i norske romanar!

- Samfunnskritisk

- SF er også den mest samfunnskritiske litteraturforma. Det er den einaste litteraturforma som bryr seg om hypotetiske spørsmål, som etter mi meining er dei mest vesentlege spørsmåla ein kan stille. Politikarar nektar som regel å svare på slikt.

- Eg saknar evna til kritisk tenking slik at vi også kan åtvare kvarandre når vi aner at vi er på veg inn i ei blindgate, seier Tor Åge Bringsværd.

Powered by Labrador CMS