Ingen kur for kjærleik

Leonard Cohen har truffe svært mange med sine melankolske songar om sliten og komplisert kjærleik, men kor gode er eigentleg tekstane hans?

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I boka “Love itself. Et essay om Leonard Cohens sanglyrikk” diskuterer litteraturprofessor Erling Aadland Cohen som lyrikar, og kva det er med Cohen sin kjærleik til kjærleiken. Aadland er ikkje, som ein kanskje skulle tru, ein stor Cohen fan, men har sans for Cohen sine songar.

- Formålet med å skrive denne boka var å gje ei lett tilgjengeleg, samstundes fagleg velgrunna vurdering av Leonard Cohens songlyrikk. Men dette er ikkje nokon hyllest til Leonard Cohen. Eg har eit kritisk blikk på tekstane hans, understrekar Aadland.

Mørkt

Leonard Cohen hadde sikkert kjent seg heime på Aadlands kontor på Institutt for allmenn litteraturvitenskap. Han slepper helst inn så lite lys som mogleg og vil helst ha gardinene trekt føre.

- Eg har sett det før, seier Aadland lakonisk og nikkar mot vindauget. Og like mørkt som det er på kontoret hans er tekstane til Cohen. Eller er dei ikkje det?

- Alt hjå Cohen handlar om kjærleik, men nesten aldri om lukkeleg kjærleik. Han er mest kjend for den betraktande kyniske posituren, den desillusjonerte mannen som har sett og høyrt det meste.

- Det er alltid eit moment av avstand i Cohen sine tekstar. Han skriv like ofte om å skrive om kjærleiken. Det vert ein slags metapoesi, der poesien er med som eit tema som er vikla inn i hovudtemaet kjærleik.

I boka si skriv Aadland at Cohen “nesten manisk kretser omkring to store temaer, kjærlighet og poesi. Poesiens ettersøkte er kjærligheten - i alle dens varianter og variasjoner - og dette innebærer et gjensidig forhold mellom de to: Ingen poesi uten kjærlighet, ingen innsikt i kjærlighet uten poesi”.

Mang slags kjærleik

- Leonard Cohen har skrive ei rekke songar som er henvendt til ei muse, til ei inspirasjonskjelde som har kvinneleg form. For kjærleiken han skriv om eksisterer på mange plan, til kvinna, til det kroppslege, men også til det åndelege. Kjærleiken er grunnkomponenten som er innerst inne og ytterst ute, fortel Aadland som meiner det slett ikkje alltid er lett å tolke Cohen.

"Litteraturprofessor Erling Aadland ville sjå nærare på poesien i Leonard Cohen sine songtekstar."

- Det er ein styrke at når han prøver å seie noko om kjærleik, at sjølv om det er klart, så er det likevel mangetydig, særleg kan denne blandinga av det høge og det lave gjere det meir utilgjengeleg.

- I dei beste tekstane, som Bird on the Wire, framstiller han noko som du ser veldig klart føre deg, samstundes har det eit mangearta meiningsinnhald. Cohen si styrke er at han har evne til å forbinde veldig mange motiv i få strofer, på sitt beste. Men på sitt verste, når han ikkje klarer å halde seg i skinnet, kan dette bli patetisk.

For noko av det som er mest særmerkt for Cohen er hangen til å blande høgt og lågt i same tekst.

- Han brukar dette grepet nokså konsekvent i sitt forsøk på å trenge inn hovudtemaet kjærleiken. Han blandar det ureine med det sakrale; blod, sæd, vievatn, kyrkje og horehus er samanstilt. Av og til kan dette verke som effektive kontrastar, men det kan og verke maniert og pubertalt, seier Aadland.

Var dårleg på 1980-talet

Cohen har skrive svært gode tekstar både tidleg OG seint i karriera, på 1960- og 1970-talet og på 1990- talet. På 1980-talet, derimot, var det verre.

- 1980-talet var ein poetisk bølgedal for Cohen, men musikalsk fungerte det som berre det, seier Aadland som meiner “I’m your man” er den dårlegaste plata til Cohen når det gjeld lyrikken. Her kan ein snakke om lyrisk forfall, meiner litteraturprofessoren. 1980-talets Cohen-songar var prega av kynisme og desillusjon, og Aadland ser ikkje bort frå at dette kunne forklarast med eit blikk på Cohens liv, men han har ikkje interessert seg for Cohen sin biografi i boka - og les tekstane uavhengig av mannen bak.

Aadland nemner (på oppfordring) følgande fem songtekstar som døme på Cohen på sitt beste. Bird on the Wire (1969), Famous Blue Raincoat (1971), Chelsea Hotel # 2 (1973), Light as the Breeze (1992), Love itself (2001)

Er folkeleg lik dårleg?

- Kvifor gidd du som litteraturprofessor å engasjere deg i noko så folkelig som populærmusikk?

- Eg liker det folkelege, hevdar Aadland med eit smil, likevel meiner han at det er feil å assosierere folkeleg med ikkje-kunst.

- Framleis er det slik at boklyrikken uansett kor dårleg den måtte vere er høgkultur, medan songlyrikken uansett kor god den måtte vere har noko lågt fest ved seg. Derfor har det vore gøy å skrive om det, og få vist fram at Cohen er ein fin lyrikar og ein god lyrikar, seier Erling Aadland, som tidlegare har skrive om Bob Dylan sine tekstar.

- Det er ikkje nokon naturleg motsetnad mellom kunst og underhalding. Kunst kan vere underhaldande. Men det er klart at innanfor det folkelege fins det både godt og dårleg, og innanfor populærmusikken fins det svært mykje møl. Men det fins neppe samtidslyrikarar som har påverka fleire generasjonar meir enn slike som Cohen og Dylan, seier Erling Aadland, og bestemmer seg for å la gardinene vere fråtrekt resten av dagen.

Powered by Labrador CMS