Utlendingar gjorde Norge til Norge

Namnet Norge er truleg laga av folk som har budd lenger sør og aust i Europa.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Landsnamnet Nóregr er nemleg eigentleg eit ferdselsnamn som tyder «vegen nordetter». Ei eldre form er Norðvegr.

- Namnet er truleg laga av folk som har sigla mot nord og vest når dei skulle til landet. På 800-talet er det skrive Nortuagia i ei kjelde på latin og Norðweg i eit gamalengelsk skrift, fortel professor Inge Særheim ved Universitet i Stavanger.

Særheim har skrive om norrøne stadnamn i Handbok i norrøn filologi som kom i ny utgåve i januar 2013.

Det finst også ein annan teori om tydinga av førsteleddet Nór:

- Ei anna, men mindre rimeleg forklåring, er at føreleddet nór tyder trongt sund, som i gardsnamnet Nórheimr, med bakgrunn i at seglleia langs landet går gjennom tronge sund, seier Inge Særheim.

Ósló

Ein skipsferd langs norskekysten i norrøn tid kunne gjerne ta til i Víkin (Vika) – den store havbukta inn til Oslo. I vestnorske kjelder finn ein ofte namneforma Ásló.

- Etterleddet i Ósló, -ló, tyder «open plass i skog, grasslette». Føreleddet er áss, men det er usemje blant forskarar om tydinga er «ås, bergrygg» eller «ås, gud», fortel Særheim.

Namnet Fold, som omfattar ytre delen av Óslóarfjǫrðr, inneheld ordet fold som tyder «slette, flate». Her er det brukt om den breie, opne fjorden – på same måte som i Follo, Vestfold og Østfold.

På austsida av fjorden ligg kjøpstaden og borga Borg, som har gjeve namn til Borgarþing.

- Det nyare namnet Sarpsborg inneheld fossenamnet Sarpr (Sarpsfossen), som er tolka som «sveljaren», forklarar Særheim.

Vest for fjorden finn ein Drafn, nytta om inste delen av Drammensfjorden, og Drǫfn, opphavleg brukt om Drammenselva. I skaldekvad er ordet drǫfn nytta i tydinga «bølgje».

Túnsberg og Grenmarr

Lenger ute i vika ligg Túnsberg (Tønsberg). Namnet siktar truleg til eit festningsverk på Slottsfjellet, med ordet tún i den eldre tydinga «gjerde, inngjerd stad».

Kaupangr (Kaupang), som ligg heilt sør i Vestfold, var ein viktig handelsstad i vikingtida.

Tilsvarande namn laga til det norrøne kaupangr «kjøpstad, marknadsplass» førekjem fleire stader, som i Kaupanger i Sogn og Koppang i Hedmark. Denne nemninga vart i mellomalderen også nytta mykje om byar, til dømes om Niðaróss (Nidaros).

Grenmarr, som er samansett av folkenamnet grenir og ordet marr, «sjø», er eit eldre namn på Langesundsfjorden. Same føreleddet finn ein i områdenamnet Grenland.

Agðir og Stafangr

Vegen nordetter eller gjennom tronge sund? (Foto: (Illustrasjon: Per Byhring))

Landskapsnamnet Agðir (Agder) heng saman med rota til eit ord som tyder «vera skarp», som i egg (kvass kant), med tydinga «landet som stikk ut i sjøen».

Liðandisnes er den sørlegaste landsenden. Listi (Lista) heng saman med ordet list «kant, rand» og har same tyding som Jaðarrr (Jæren), som også tyder «kant». Liknande innhald har det gamle øynamnet Kǫrmt (Karmøy), som er avleidd med -t frå rota i ordet karmr (karm).

Stafangr (Stavanger) er sett saman av fjord- og vågnemnet -angr og ordet stafr «stav», kan hende med bakgrunn i Vågen og det rette neset Skagen.

Bjǫrgvin og Sogn

Landskapsnamnet Harðangr (Hardanger) er eit opphavleg fjordnamn på  -angr «vik, fjord». Føreleddet har vorte tolka som folkenamnet hǫrðar, men også som adjektivet harðr (hard).

Kjøpstaden Bjǫrgvin (Bergen) har eit namn på -vin som tyder «beite, eng» og med berg eller bjǫrg som føreledd, og tyder altså «enga ved (under) fjellet».

Landskapsnamnet Sogn er eit gammalt fjordnamn.

- Det er truleg ei avleiing frå rota i ordet súga med bakgrunn i straumtilhøva, meiner språkprofessoren.

Lengst nord i området Firðir (fjordane) ligg den vesle, men viktige øya Selja (Selje).

- Namnet er tolka til sel «seterbu» og til salr, «sal» med bakgrunn i Sunnivahola, men det kan også ha samanheng med ei indoeuropeisk språkrot som tyder «strøyma, flyta» om straumtilhøva, fortel Særheim.

- Indoeuropeisk er eit svært gammalt språksteg som går minst 3000 år attende i tid, legg han til.

Landskapsnamnet Mǿrr (Møre) omfatta i tidleg mellomalder kyststrekninga frå Stad til Namdalen, og har samband med ordet marr «hav» med tydinga «landet ved havet».

Trønderane sitt lovområde

Þróndheimr, ein finn også forma Þrándheimr, vart opphavleg brukt om bygdene kring Trondheimsfjorden. Namnet inneheld folkenamnet þrǿndr «trønder», som også landsdelsnamnet Þrǿndalǫg (Trøndelag). Det siste tyder «trønderane sitt lovområde».

Hálogaland omfatta i mellomalderen norskbygd land nord for Namdalen. Føreleddet er folkenamnet háleygir, som har uvisst opphav. Det noverande Helgeland er ei seinare utvikling av det gamle landsdelsnamnet.

Boðin (Bodø) er tolka som eit namn på -vin, altså «beite,eng», med ordet boði «båe, grunnbrot» som føreledd.

Salpti og Salfti (Salten) er truleg eit gammalt fjordnamn, laga til ei indoeuropeisk språkrot som tyder «straum, bølgje, foss» og som viser til Saltstraumen.

Folkegrupper frå Rogaland og Hadeland

Medan nokre områdenamn er reint naturskildrande som Agðir, Sogn og Mǿrr, inneheld andre namn på folkegrupper.

Det gjeld til dømes Þróndheimr og Þrǿndalǫg, men også seks namn på -land: Grenland, Haðaland (Hadeland), Rogaland, Hǫrðaland, Hálogaland og Jamtaland.

- Sisteleddet -land tyder jo «landområde», men kva þrǿndr, grenir, haðar, rygir, hǫrðar, háleygir og jamtar tyder, er mykje omdiskutert og uvisst, men nokre av folkegruppene som er nemnde i gamle områdenamn, som til dømes rygir og hǫrðar, er omtala av greske og romerske historieskrivarar i dei første hundreåra etter Kristi fødsel, seier Særheim.

Også namn på -riki viser til folkegrupper, som ragnar i Ranríki (det noverande Bohuslän), raumar i Raumaríki (Romerike) og hringar i Hringaríki (Ringerike).

Også namn på -mǫrk «mark, skog» er rekna som folkenamn, som heiðnir (frå heiðr som «hei, ubygd land») i Heiðmǫrk (Hedmark), þilir («teler») i Þelamǫrk (Telemark) og finnar («samar») i Finnmǫrk. Det sistnemnde var tidlegare nytta om fjell- og skogstrekningar der samar heldt til, og omfatta eit langt større område enn det gjer i dag.

Powered by Labrador CMS