Den norske skolen har alltid vore statleg og sentralstyrt

Framveksten av det norske utdanningssystemet er prega av den sterke rolla staten har spela i skolen - heilt sidan reformasjonen.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no)

I mange land er skolehistoria prega av ein sterk integrasjon mellom kyrkja og skolen.

- Dette er ikkje dekkande for norske forhold, sidan her har staten like mykje som kyrkja vore tidleg inne og forma skolen, seier sosiolog Tone Skinningsrud.

Ho disputerte nyleg ved Universitetet i Tromsø.

Statleg einsretting

Etter reformasjonen vart Danmark-Noreg svært einsretta og eineveldig styrt med eit lite utvikla sivilt samfunn.

I motsetning til i England, til dømes, der det voks fram misjonsforeiningar og andre slike private organisasjonar, var det meste her til lands styrt og initiert av kongen i København.

Tone Skinningsrud. (Foto: Sigrun Høgetveit Berg)

- Og sjølv om kyrkja var underlagt staten med kongen på toppen, meiner eg likevel, med eit sosiologisk utgangspunkt, at dei var to ulike institusjonar med differensierte og særeigne arbeidsoppgåver, seier Skinningsrud.

- På 1700-talet var det kongen og pietistane som gjekk i bresjen for misjonen, mot dei ortodokse som styrde i den offisielle kyrkja.

Latinskulen dominerte, men på slutten av 1700-talet og utover 1800-talet byrja så skolestrukturen å endre seg, men nye typar skolar med anna innhald og anna pedagogikk enn latinskolane.

Det norske utdanningssystemet oppstod i 1896

I Noreg var ikkje overgangen så stor som i andre land, sidan staten hadde vore inne i skolen så lenge. Men parlamentarismen på 1880-talet fekk avgjerande tyding for skoleutviklinga, og la grunnen for nokre reformar på tampen av hundreåret.

- Folkeskolereformen for by og land av 1889 og ikkje minst lova om høgre allmenndannande skolar frå 1896 - som knytte folkeskolen til den høgare skolen, og mellom anna tok vekk latinen - var avgjerande.

- Ein konsekvens av denne lova vart innføringa av ein moderat einskapsskole, og samstundes kan me seia at det norske utdanningssystemet - som system - oppstod i 1896, seier Skinningsrud.

Sentralisert system med staten i ryggmergen

- Denne utviklinga førde også til at me på eit mykje tidlegare tidspunkt enn dei fleste andre europeiske land fekk eit sentralisert utdanningssystem.

Storbritannia fekk til dømes sitt første National Curriculum i 1988, medan Noreg fekk nasjonale rammeplanar allereie i 1939.

- Den statlege styringa av skolen sit i ryggmergen på oss, avsluttar Skinningsrud.

Referansar:

Skinningsrud, Tone: Fra reformasjonen til mellomkrigstiden. Framveksten av det norske utdanningssystemet. Universitetet i Tromsø 2013.

Archer, Margaret: Social Origins of Educational Systems. London 1979.

Powered by Labrador CMS