Ein livsviktig dialog

Det finst islamske intellektuelle som ønskjer å innføre sharialover i vestlege demokrati. Kva gjer vi med dei?

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Norske styresmakter har fått mykje skryt for taklinga av ståket etter Muhammed-teikningane. Såleis har utanriksminister Jonas Gahr Støre hatt ordet “dialog” som sitt mantra gjennom krisehandteringa av denne saka.

Respekt går begge vegar

Men denne konfrontasjonen - med vestlege demokrati og vestleg forståing av ytringsfridom på den eine sida, og islamske fundamentalistar og politiske islamistar på den andre - har også synt ålmenta at det finst prinsipp ein ikkje kan gå på akkord med. For alle partar.

Det er ikkje berre vestlege ikkje-muslimar som skal vise respekt for islam. Muslimar må også syne at dei respekterer grunnprinsippa i vestlege demokrati. Ikkje alle gjer det. Kan ein føre dialog med dei?

Byr på motstand

Førsteamanuensis Ulrika Mårtensson er islamforskar ved Institutt for arkeologi og religionsvitskap, NTNU. Ho ser ingen grunn til å stikke under stol at det finst sider ved politisk islam som er til dels særs ubehagelege. Desse sidene må vi våge å sjå i augo:

- Det handlar om ein samanblanding av religion og politikk, som fører til ein politisk ideologi som er direkte antidemokratisk, slår ho fast.

- Men det store fleirtalet av muslimar ønskjer ikkje å blande saman religion og politikk. For å styrke desse kreftene er den konstruktive, vedvarande samtalen viktigare enn nokon gong. Dialog tyder ikkje at ein gir etter, men at ein byr på motstand, og syner til alternativ.

Dei mot oss

For det er slik at ekstremistane på kvar si side av frontlinjene (islamistar på den eine, kristne fundamentalistar og ideologisk konservative muslimskeptikarar på den andre) har felles interesser på nokre sentrale punkt.

- Dei har begge interesse av ein “dei mot oss”-haldning som seier: Muslimar er annleis - muslimar er noko heilt for seg sjølv. Dette synet kan få farlege konsekvensar om det vert teken til følgje, seier Mårtensson.

Ateist og muslim

"Koranen kan lesast på ulikt vis, seier Mårtensson. Men fundamentalistane vil ha monopol på korleis den skal fortolkast."

- I praksis er muslimar like ulike som alle andre. Det finst muslimar som er ateistar; muslimar som er marxistar, og så bortetter.

- Her nyttar du “muslim” som eit kulturelt omgrep, ikkje som ei religiøs nemning?

- Korrekt. Å seie at du er muslim, er like mykje eit utsegn om ditt kulturelle opphav, som om di religiøse tru. Slik forstått, er ordet muslim eit svært romsleg omgrep. Men dei radikale islamistane ønskjer det annleis.

Mårtensson meiner dette handlar om makt og kontroll. Ved å snevre inn definisjonen av kva det vil seie å vere muslim, og insistere på religiøs og politisk kontroll over alle som hamnar i kategorien “muslim”, får islamistiske leiarar stor makt.

Sharia inn i Vesten

Det finst ein del muslimske intellektuelle som ønskjer å innføre sharia - islamsk lovgiving - for muslimar i vestlege land.

Sharia omfattar to kategoriar lover: Gudstenesta, som er dei fem pilarane (truvedkjenninga, bøn, faste, pilegrimsreisa, forsamlingsskatten), og “Menneskelege tilhøve” som er den verdslege delen. Denne er igjen todelt, i føreskrifter for rituell reinsing ved bøn, reglar for kva ein kan ete, og meir - og prinsipp for rettspraksis når det gjeld brotsverk, familierett, forretningsjuss og jordbruksrett.

Muslim i hjertet

- Tradisjonelt har det vore akseptert at muslimar i vestlege land er gode muslimar sjølv om dei berre praktiserer truvedkjenninga, og elles er “muslim i sitt hjerte.” Men dagens islamistar krev etterleving av heile pakka, med begge kategoriane, seier Mårtensson.

Den sveitsiske professoren og forfattaren Tariq Ramadan har skrive ei bok om å vere muslim i Europa, og han er mellom dei som ønskjer full innføring av sharia. Samstundes har den feministiske muslimen Raheel Raza forsøkt å få innført sharia i Canada.

Den norske islamforskaren Anne Sofie Roald, som sjølv er muslim, seier at ein del konservative muslimar ønskjer å innføre sharia, men då i første rekke familieretten, som tek for seg tema som barnefordeling og skilsmisse.

Sjølvvald segregasjon

Ei slik segregering, med delvis sjølvstyrte, muslimske gettoar i vestlege samfunn, treng ikkje føre til konflikt, poengterer Mårtensson.

- Slike samfunn kan godt leve side om side på eit vis som ikkje fører til open konfrontasjon: Men det motverkar integrasjon, som er det vi må søke. Derfor er dialogen viktigare enn nokonsinne. Vi ser også at den fungerer.

- Korleis?

- Eit konkret døme er den dialogen vestlege intellektuelle fører med Tariq Ramadan. Den kan ha noko av æra for det faktum at han etter kvart har lagt større vekt på utsiktene til å reformere sharia, slik at lova passar betre saman med ålmenne menneskerettar. Her er dialog viktig, ikkje berre for å påverke folk som Ramadan, men også for å få meir kunnskap om utviklinga i bodskapen han og andre fører fram.

Vern om felles friminutt

Mårtensson åtvarar styresmaktene mot å gje slepp på dei arenaene i våre samfunn kor dialogen kan spele seg ut. Ho nemner grunnskulen særskilt.

- Eg er sterkt imot utbreiinga av private friskular. Det er nemleg i den offentlege, ikkje-religiøse barne- og ungdomsskulen at unge menneske med ulik kulturell og religiøs bakgrunn møter kvarandre i det daglege. Om muslimske barn skulle forsvinne inn i private, religiøse friskular og slik misse denne møteplassen, vil det vere tragisk. Like synd vil det vere for ikkje-muslimske barn å ikkje kunne lære muslimske skulebarn å kjenne. Friminuttet er dialogarena så god som nokon, seier Ulrika Mårtensson.

Siste: Svenske muslima ønskjer særlov

I eit brev til alle politiske parti i den svenske Riksdagen foreslår ein muslimsk leiar å innføre element frå Sharia for svenske muslimar. Brevet er underskrive leiaren i Sveriges muslimske forbund, Mahmoud Aldebe. Forbundet har 70 000 medlemmer.

Får Aldebe det som han vil, skal skilsmisser muslimar i mellom godkjennast av ein imam. Imamar skal også gje separat undervisning i morsmål og i islam for muslimske barn i svensk grunnskule. Vidare skal muslimske gutar og jenter få separat symjeundervisning.

Den svenske integrasjonsministeren Jens Orback karakteriserer i følgje NTB forslaga som totalt uakseptable.

Powered by Labrador CMS