Nytt fra akademia

Vil utforske havdjupet under polarisen

7.6 2017 15:35

img_1060_0.jpg

Rolf Birger Pedersen og K. G. Jebsen-senter for dyphavsforskning vil at Bergensforskarar skal vere dei første til å utforske under isen på Nordpolen. Bak Pedersen ser ein den fjernstyrte ubåten Ægir 6000, som kan dykke ned på 6000 meters djup.

Rolf Birger Pedersen og K.G. Jebsen-Senter for dyphavsforsking sin største ambisjon er å utforske havdjupet under polarisen, der ingen tidlegare har vore. Skal kappløpet vinnast, må statlege midlar til.

– Vi lever i ei tid der vi framleis utforskar planeten. Under pol-isen er det eit landskap ingen har sett, seier han. 

Pedersen trur forskarar frå Bergen kan vera dei første til å ferdast der ingen andre har vore før.

– Vi var dei første til å utforske Norskehavet med fjernstyrte undervassfarkostar. Den fremste ambisjonen er å vere dei første til å gjere dette under isen i Polhavet. Nokre forskarar har prøvd seg, men har hatt store problem fordi utstyret ikkje har vore tilpassa dei ekstreme tilhøva. 

– Saman med Havforskingsinstituttet har vi i fleire år planlagt korleis UiB sin nye fjernstyrte undervassfarkost «Ægir-6000» skal kunne opererast frå Noregs nye isbrytar. Forskingsskipet «Kronprins Haakon» saman med Ægir-6000 kan verte ein nøkkel i å knekke polis-koden. Med vårt utstyr og kompetanse kan vi få det til, seier Pedersen.

Annonse