UiB ligg på 164 plass i årets QS-ranking. Dei har klatra 13 plassar frå i fjor. (Foto: UiB)

UiB skårar høgt på internasjonal ranking

UiB er landets mest siterte universitet. Det viser resultata frå ny stor, kartlegging. Også på verdsbasis klatrar UiB på rangeringa på grunn av godt siterte og internasjonale forskarar.

Universitetet i Bergen er også i år inne blant topp 200 blant universiteta i verda på den prestisjetunge QS-rankinga. UiB har klart å holde stand i denne gruppa sidan 2009 og klatrar i år fleire plassar på tabellen. Totalt går UiB fram 13 plassar frå i fjor og ligg dermed på 164 plass i årets rangering. 

Det er spesielt på dei to punkta som omhandlar siteringar og internasjonale forskarar at UiB kjem godt ut. Det gledar rektor Dag Rune Olsen.

– Siteringar er så nært vi kjem eit objektivt mål på vitenskapleg kvalitet. At vi viser godt igjen på dette feltet, er noko som er viktig for oss. Vi er også eit universitet med klare internasjonale ambisjonar, og er glade for å ha internasjonale forskarar og forskingsmiljø. Det viser også igjen i desse resultata frå QS, seier Olsen.

Powered by Labrador CMS