– Kunstnarisk utviklingsarbeid kan gje innsikter andre vitskaplege metoder ikkje kan, sa Darla Crispin under forskingsseminaret til Fakultet for kunst, musikk og design. (Foto: Mia Kolbjørnsen Opphavsrett: Universitetet i Bergen)

UiB får eigen doktorgrad innan kunstnerisk utviklingsarbeid

Fakultet for kunst, musikk og design ved Institutt for kunst, Institutt for musikk – Griegakademiet og Institutt for design ved Universitetet i Bergen deltar som partnar i Stipendiatprogrammet for kunstnerisk utviklingsarbeid, saman med mange andre kunstutdanningsinstitusjonar i Noreg.

Programmet er ein parallell til doktorgrads-program og er blant dei første innan dette feltet i Europa. Programmet skal bidra til kunstnarisk utviklingsarbeid på høgt internasjonalt nivå og fører fram til kompetanse som førsteamanuensis.

Kunnskapsdepartementet har no bestemt at det skal opprettast ein eigen doktorgrad innan kunstnerisk utviklingsarbeid. Departementet arbeider med kva graden skal heite, og korleis den skal etablerast.

Lydens natur

Kanadiske Darla Crispin er både konsertpianist på høgt nivå og har doktorgrad i musikkvitskap. Ho vart tilsett ved Arne Nordheim Senter for å vere ein pådrivar for kunstnarisk utviklingsarbeid. Darla Crispin meiner at kunstnarisk forsking er i sitt vesen original, fordi du har laga kunsten er det berre du som kan finne ut av kva dette skal vere. Gjennom foredraget sitt med utdrag frå Schønberg, frå Mahler, frå skrift og enkel papirkunst ville Crispin blant anna vise korleis kunstnarisk praksis kan gje idear til kunstnarisk forsking.

– Gjennom å gå inn i slik praksis kan ein utvide territoriet der ein jobbar, og gå inn i kva som er konteksten for ideane. Når eg spelar dette stykket av Schönberg, er det for å vise ein refleksjon over ”the nature of sound”, lydens natur, som kan gje idear til å tenke om korleis Schönberg kan tolkast og framførast.

Crispin streka også under det spesielle ved kunstnarisk forsking. For der forskaren i tradisjonell forsking er forventa å oppføre seg nøytralt, er kunstnaren ein innvevd del av kunstverket, eller i dette tilfellet musikkframføringa.

Powered by Labrador CMS