Rekordmange i bustadkø

15 626 norske studentar ventar på å få tildelt studentbustad. Det er fleire enn nokon gong før, skriv Universitas.

– Fredag stod 15 626 studentar i kø for å få studentbustad. Det er det høgste talet NSO nokon gong har målt, og meir en 1000 fleire enn den same dagen i fjor, seier Anders Kvernmo Langset, leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO), til Universitas.
Berre i Oslo stod 3529 studentar i bustadkø då tala vart samla inn. Det er 80 fleire enn på same tid i fjor, trass i at Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO) har bygd 600 nye studentbustader det siste året.

– Regjeringa har gått til val på å byggja fleire studentbustader. Me forventar at dei skal oppfylla det dei sjølve har gått til val på. Samskipnadene er klare til å byggja meir, men manglar tilskotet som trengst for å kunna starta bygginga, seier Langset.
NSO krev minst 3000 studentbustader i statsbudsjettet i haust.

Leiar for Velferdstinget i Oslo og Akershus, og for tida husvert for vennen Monica Haugen (se sidesak), Kaia Marie Rosseland, er samd med NSO-leiaren.

– Dekningsgraden går nedover, leigeprisane på den private marknaden går oppover, og studentøkonomien går nedover. Det er uheldig. Om ein hadde hatt ein dekningsgrad på 20 prosent ville det òg ha redusert presset i den private marknaden, og gjort det lettare også for andre studentar, seier Rosseland.
Også ho håpar at regjeringa no tek bustadsituasjonen for studentar på alvor.
– Eg håpar dei vil setja bustadsituasjonen meir på dagsorden og realisera det dei har sagt.

Når ein har ei Høgre-regjering som ynskjer å satsa på kunnskap håpar eg dei ser at rimelege bustader er ein føresetnad for prinsippet om lik rett til utdanning. Alle må ha råd til å studera, seier no.

Powered by Labrador CMS