Merethe Frølyland og falding sør for Paradisbukta. (Foto frå boka: Jørn H. Hurum)

Guidar deg gjennom Oslos geologiske historie

Visste du at Oslo-området har ein svært spennande geologisk historie? No kjem boka som sender deg ut på tur for å få innblikk i denne historia.

For dryge 20 år sidan kom boka «Oslo-traktenes geologi med 25 turbeskrivelser» av Johannes Dons. Ho var moden for fornying, og forlaget Vett & Viten bad Merethe Frøyland, leiar av Naturfagsenteret, om å ta på seg jobben saman med ektemannen Jørn Hurum, professor ved Naturhistorisk museum.

– Då vi takka ja, såg vi for oss at det skulle halda med nokre oppdateringar og redigeringar, seier Frøyland.

– Så vi gjekk laus på tur nummer ein og tenkte at vi skulle ta dei fortløpande.

Men det viste seg raskt at den planen ikkje let seg gjennomføra. Nokre av turmåla til Dons var overgrodd, andre var rett og slett borte på grunn av utbygging.

– Og då vi gjekk nøye gjennom tekstane til Dons, oppdaga vi at det var ein del geologiske poeng som vart tekne opp att på fleire av turane. Vi ville heller ha eitt poeng per tur og slik at dei til saman fortalde historia til Oslo-feltet.

Som tenkt, så gjort. Dei 25 turane til Dons vart skorne ned til ti. Nokre av turane vart behaldne, medan andre er nye. Turane spenner frå urhav til istid.

Powered by Labrador CMS