To av tre instituttleiarar er tilsett

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Petter Bjørstad får fire nye år som instituttleiar ved Institutt for informatikk på Universitetet i Bergen (UiB). Sigmund Selberg frå NTNU har fått tilbod om å leie Matematisk institutt. Den siste tilsettinga på mat.-nat. er enno ikkje klar, skriv På Høyden.

– Vi fekk rett og slett ikkje ferdigbehandla tilsettinga av leiar ved Institutt for fysikk og teknologi (IFT) før dette møtet i fakultetsstyremøtet, seier dekan Helge Dahle.

Tilsettingskomiteen har bedt om noko meir tid til å kome med innstillinga si.

Powered by Labrador CMS