Saken er produsert og finansiert av Universitetet i Bergen - Les mer

Mindre ekstremvêr i vente?

Den globale oppvarminga kan gi oss mindre ekstremvêr og varmare somrar i nord. Dei polare lågtrykka trekk seg trulig attende når polarisen smelter, hevdar norsk forskar.
12.4 2007 05:00

Erik Kolstad frå Universitetet i Bergen har forska på polare lågtrykk. I nord er det slike lågtrykk som gjev ekstremvêr.

Dei oppstår når iskald luft frå sjøisen i Arktis trekk utover havet. Store temperaturskilnader mellom hav og luft kan skape kraftige lågtrykk, og aktiviteten er spesielt stor i Norskehavet og Barentshavet.

Også Storbritannia og Danmark er godt kjent med polare lågtrykk, og dei er gjerne kjenneteikna av snøvêr.

Lågtrykka trekker seg attende

Men når varmare klima truleg får iskanten på Svalbard til å trekke seg attende, vil dei polare lågtrykka følge etter, og det kan verte mindre ekstremvêr i nord.

Kolstad meiner vi i staden vil få fleire vintrar som vi har hatt dei siste åra: milde og våte, og av og til med store mengder nedbør på kort tid.

- Til gjengjeld ser det ut til at somrane vil bli varmare, og det vil nok mange sette pris på, trur han.

Vanskeleg å varsle


“Erik Kolstad”

Kolstad har undersøkt nøyare kva tid på året og under kva tilhøve polare lågtrykk oppstår. Den viktigaste føresetnaden er stor temperaturskilnad mellom hav og luft, og dei oppstår difor helst om vinteren.

- Tidlegare var varsling av polare lågtrykk eit stort problem. Dei kan oppstå brått, og dei oppstår gjerne i område der det er snautt med observasjonar. No når ein tek observasjonar med satellittar, er det blitt litt betre, hevdar Kolstad.

Meir presise varsel og betre båtar og utstyr gjer at polare lågtrykk sjeldnare fører til store ulukker.

Vanskeleg å nå fram

Kolstad har solid medierøynsle frå mellom anna Ekstremvêrveka på NRK, men han opplever at det kan vere vanskeleg å nå fram med dei gode nyheitene. Han nyttar orkanen Narve, som herja Nord-Noreg i januar i fjor, som døme.

- Narve var først og fremst prega av svært kald vind, men han vart likevel kopla i hop med global oppvarming. Det er heilt tydeleg at folk har teke til seg dette med at vi vil få meir ekstremvêr i framtida, og det kan nok stemme i global samanheng.

- Men eg kan ikkje sjå noko grunnlag for at det vil skje her hjå oss. Det er store globale skilnader, og det er ikkje sikkert at vi kjem til å oppleve det dei opplever andre stader, avsluttar Erik Kolstad.

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse