Mot slutten for pol-isen

Tjukkelsen på isen minkar dramatisk og temperaturen i havet stig. I løpet av berre fem år kan det vere isfri passasje over dei arktiske polområda sommarstid, og det arktiske klimaet slik vi kjenner det vil i så fall vere borte for godt.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Under eit foredrag for Den amerikanske geofysiske union i fjor, antyda forskaren Wieslaw Maslowski at det arktiske polområdet i sommarmånadene vil vere isfritt allereie i 2013.

Dette er ei raskare og langt meir dramatisk nedsmelting av pol-isen enn tidlegare antatt. Den amerikanske klimaforskaren meiner at vi har passert ein terskel der det no vil vere umogleg å få det opprinnelege klimaet på Nordpolen tilbake.

- Mykje tyder på at han har rett, ifølge Tore Furevik, professor ved Geofysisk institutt, UiB.

Varme faresignal

Mykje av klimaforskinga har fokusert på isarealet i dei arktiske områda, og satelittbilete har vist at iskappa minkar i eit dramatisk tempo.

I 2007 var det mindre is enn nokonsinne, og det vil overraske Furevik om isarealet tek seg opp att med det første.

"Professor Tore Furevik ved Geofysisk institutt, UiB, ser mange teikn på at Arktis no har vippa over det kritiske punktet."

Det at det kvite teppet i Arktis stadig vert mindre, er nemleg langt frå det einaste signalet som tyder på at klimaet har passert eit kritisk punkt:

- Endringane når det gjeld tjukkelsen på isen og temperaturen i havet, er vel så foruroligande. Nye undersøkjingar viser at tjukkelsen på isen minkar raskare enn sjølve arealet og at havtemperaturen stig, seier han.

Reduksjon av ismassane og temperaturstigning i havet heng nøye saman i dei arktiske områda. Spesifikk for Arktis er den såkalla Albedo-tilbakekoplinga. Albedo er målet på kor mykje sollys som til ei kvar tid vert reflektert.

I dei arktiske områda vert svært mykje av sollyset reflektert av isen. Etter kvart som ismassane smeltar bort, vert kvit is erstatta av mørkt hav som reflekterer lite sollys.

Ein stadig større del av varmen frå sola vil varme opp vatnet, og vi får ei endå raskare issmelting. Vi er dermed inne i ein sjølvforsterkande, vond sirkel.

Kan få politiske konsekvensar

I fjor haust såg forskarane at varmare vatn førte til at isfrysinga var utsett med ein månad i høve til tidlegare år.

Konsekvensen av kortare fryseperiodar er at islaget ikkje får bygd seg opp. Arktis går dermed våren i møte med eit tynnare islag enn vanleg, og nedsmeltinga vil gå raskare. I første omgang er det først og fremst dyrelivet i dei arktiske områda som vil få merke konsekvensane, ifølge Furevik.

Han understrekar at følgene av ein isfri pol også vil kunne få politiske konsekvensar.

- Når isen trekk seg tilbake og temperaturen i havet stig, vil dette føre til store endringar i fisken sine vandringar. Torsken vil gå lenger aust i Barentshavet, og dette vil kunne få politiske konsekvensar for forholdet mellom Noreg og Russland når det gjeld forvaltingsrettar, seier han.

Nokre næringar vil imidlertid vinne på eit isfritt Arktis.

- Olje- og gassreservane langs Sibirkysten vert lettare tilgjengelege, og skipstrafikken vil også kunne utnytte isfri passasje i løpet av sommarmånadene, seier Furevik.

Ikkje klar skulddeling

Det er heller ikkje sikkert at klimaendringane vil få like store negative konsekvensar for Noreg som det har vorte spådd tidlegare.

Forskarane ser det ikkje lenger som sannsynleg at Golfstraumen kan stoppe opp, og det er heller ikkje sikkert at vi vil få ein like stor auke i nedbørsmengder som ein tidlegare har sett føre seg, ifølge Furevik.

Sjølv om issmeltinga no går endå raskare enn klimamodellane har forutsett, kan ikkje menneskeskapte endringar forklare biletet åleine, ifølge Tore Furevik:

- Ein del av klimaendringane skuldast truleg naturlege variasjonar. Den siste tida har svært mange lågtrykk gått inn i Arktis, og også unormalt varmt vatn har strømma langs norskekysten og inn i Polhavet. Den menneskeskapte drivhuseffekten er i seg sjølv ein gradvis prosess, seier han.

- Ikkje resultat av tilfeldigheiter

Men på toppen kjem altså dei naturlege variasjonane, som somme tider kan forsterke og nokre gonger kan svekke dei menneskeskapte klimaendringane, og det er den samla effekten av naturlege variasjonar og menneskeskapte endringar som no truleg har vippa Arktis over det kritiske punktet.

- Alt i alt tyder teikna på at den siste utviklinga i Arktis ikkje er eit resultat av tilfeldigheiter, men at isen faktisk er i ferd med å forsvinne raskare enn vi trudde. Forholda i Arktis kjem til å bli meir som på ein innsjø, som er open om sommaren og frys att berre i vintermånadene, seier han.

17.-18. april går konferansen Energy, Climate and Technology 2008 av stabelen i Bergen. Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret er med som sponsor og i planleggingskomiteen for denne tilstellinga som er tenkt som eit årleg arrangement.

I år vil politikarar, næringsliv og meir enn 30 internasjonalt anerkjende forskarar diskutere temaet “A knowledge-based sustainable future - Challenges and options for public policy, business strategies and research priorities”.

Powered by Labrador CMS