Hjelper vitskapsfolk på rett kurs

Til hausten får rettsmedisinsk sakkunnige i Norge for første gang tilbod om kursing i å forstå rolla si.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Februar i år: Svensk politi les gjennom rettsmedisinarens rapport etter obduksjonen av pastor Helge Fossmos første kone. Orda «toksisk dose» spring fram. Her står det svart på kvitt at kona døydde av forgifting. Men politimannen som las rapporten første gang, skjøna ikkje fagorda som vart nytta.

Juni i fjor: To professorar i biologi hevdar at Høgsterett misforsto deira analyse av det såkalla barnålprovet, då drapsdømde Fredrik Fasting Torgersen prøvde å få saka si tatt opp att. Provet var sterkt medverkande til at Torgersen fekk avslag.

Meir makt

DRK

DRK skal godkjenne erklæringar som blir gitt i straffesaker, og vere garantist for at sakkunnige erklæringar held nasjonal standard.

Om kommisjonen finn manglar i ei erklæring eller utsegn, skal han gjere påtalemyndigheitene merksam på det, og eventuelt påleggje dei sakkunnige å komme med ei tilleggserklæring.

Dei fleste sakene gjeld obduksjonsrapportar, men omfanget aukar av rettstoksikologiske undersøkingar og saker som gjeld seksuelle overgrep.

4 500 enkeltsaker vart behandla av DRK i år 2000.

Dei rettsleg sakkunnige får meir og meir makt i norske rettssalar. Medisinarar har lenge hatt ei viktig rolle å spele i straffesaker. Men også andre vitskapar vert nytta: alt frå videoanalysen i saka mot Sophia Baidoo, til ekspertane i datakommunikasjon i Baneheisaka.

Trass i den sentrale rolla ekspertane spelar i retten, har det einaste tilbodet vore sporadiske internkurs i regi av Lægeforeningen, og då i første rekke for sivilsaker. Dermed har ikkje ekspertane fått skikkeleg kursing som bur dei på det som blir forventa av dei i strafferetten. Før nå.

Rollespel

Professor i rettsmedisin ved NTNU, Olav A. Haugen, er ein av tre frå Den rettsmedisinske kommisjon (DRK) som skal ta hand om kurset. Han fortel at det mellom anna skal nyttast rollespel for å førebu akademikarane på kva som ventar dei, saman med ekte juristar i ein ekte rettssal.

Kurset består av fire delar: juridisk tankegang; etikk kring teieplikta; utføring av sjølve oppdraget og rapportskriving; og pedagogikk - korleis presentere resultata for retten.

Det er på dette siste punktet at rollespelet kjem inn: Korleis sikre at aktørane i retten faktisk skjønar kva ein seier?

Språklege misforståingar

- Om saka gjeld seksuelt misbruk av barn, og den medisinsk sakkunnige konstaterer at «det er intet å bemerke ved cervix», er det ikkje så greitt å forstå for ein jurist. Då kan det vere greitt å vite at cervix tyder livmorhals, seier professor Haugen.

Dette dømet gjeld ei enkel språkleg misforståing, og kan løysast ved omsetjing av einskildord.

- Ei større utfordring er det når dei sakkunnige ikkje forstår rolla si, seier han.

- Ein skal ikkje uttale seg om noko anna enn det ein er beden om. Då er det viktig å ha klart for seg at sjølv om ein har detaljert innsikt i ei side av saka, kan det vere mykje ein ikkje veit.

Justismord?

I første omgang går tilbodet ut til medisinarar i ulike kategoriar. Etter kvart vil fleire profesjonar få tilbodet: psykologar, tannlækjarar, juristar.

- Kva er den største feilen ein rettslig sakkunnig kan gjere?

- Ein skal vakte seg for å bli for kategorisk. Naturen følgjer ikkje alltid våre naturvitskaplege lover. Då kan det vere ein fordel å late tvilen kome til syne. Ikkje alle ekspertar er like flinke til akkurat det.

"Professor Olav A. Haugen vil kurse rettsmedisinere."

- Fører dårleg handverk frå den sakkunnige til justismord i norske rettssalar?

- Ein kan i alle høve seie at retten i einskilde tilfelle har lagt for einsidig vekt på erklæringane frå sakkunnige på det medisinske feltet. Dette er inga eksakt vitskap, og det er det viktig å få kommunisert til retten. Det er også viktig for den sakkunnige å ikkje identifisere seg med den fornærma, og heller ikkje ta på seg advokatens eller etterforskarens rolle, seier professor Olav A. Haugen.

Powered by Labrador CMS