Null effekt av regionalt samarbeid

Regionalt samarbeid har ingen effekt på nyskapinga i norske bedrifter. Internasjonale partnarar derimot, gjer susen.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Om prosjektet

“Det vestlandske innovasjonssystemet i ein global økonomi”

Prosjektansvarleg: International Research Institute of Stavanger (IRIS)
Forskingspartnar: Senter for Innovasjonsstudier
Varigheit: 2011-2012

– Funna våre viser nok at det er grunn til å revurdere innovasjonsstrategiar der reine regionale nettverk og klyngedanningar står sentralt, seier Martin Gjelsvik.

Han er forskingsleiar ved International Research Institute of Stavanger (IRIS), og ansvarleg for eit omfattande samfunnsvitskapeleg forskingsprosjekt støtta av Regionalt forskingsfond Vestlandet.

Målsettinga har mellom anna vore å finne ut kva som kjenneteiknar innovative bedrifter i Bergens- og Stavanger-regionen, og kva som skil næringslivet i desse regionane frå andre norske storbyregionar.

Iris har gjennomført ein omfattande survey med drygt 1600 bedrifter i storbyregionane Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger og Kristiansand. Prosjektet held fram ut 2012, men allereie no ligg det føre fleire oppsiktsvekkande funn.

– Vi ser mellom anna at talet på regionale partnarar ikkje speler nokon rolle for kor nyskapande ei bedrift er. Dei mest innovative, er dei som har flest internasjonale partnarar. Denne samanhengen er sterk og tydeleg. For kvar ny internasjonal partnar, aukar  sjansen for produktinnovasjon med 21 prosent, forklarer Gjelsvik.

Bergen på botn

I snitt har bedriftene i undersøkinga 2,5 regionale innovasjonspartnarar og mindre enn éin internasjonal. Oslobedriftene skil seg ut med sterkare internasjonal og lågare regional orientering. Osloregionen er og klart mest innovativ.

Dei gjennomgåande minst innovative bedriftene, finn ein i Bergensregionen. Mangel på internasjonale partnarar kan vere ein årsak, men Gjelsvik peiker og på eit anna interessant funn:

– Vi har sett på tre ulike typar innovasjon. Den som skjer internt i bedrifta, den som skjer i samarbeid med eksterne partnarar, og den som er basert på innkjøp frå forskingsinstitusjonar, konsulentar og andre.

– Bergensbedriftene driv mykje med den siste typen, og utviklar kanskje ikkje same interne kompetanse på innovasjon som bedrifter i dei andre regionane.

Forskingsdrivne trøndarar

Når det gjeld kva faktorar som driv innovasjonen i næringslivet, er det to regionar som står tydeleg ut. Den eine er Trondheimsregionen, der innovasjonen er veldig forskings- og teknologidriven.

– Det har heilt klart samanheng med at Sintef  og NTNU ligg i Trondheim, og at regionen har lange tradisjonar for forskingsbasert næringsutvikling, seier Gjelsvik.

Den andre regionen som skil seg ut, er Vestlandet samla. Regionen er prega av rik tilgang på naturressursar, og innovasjonen i bedriftene veks i stor grad fram frå behovet for å finne praktiske løysingar, særleg for olje- og gassindustrien.

– Litt forenkla kan ein seie at drivkrafta har vore først å finne olje under krevjande fysiske og geologiske forhold, deretter å få opp mest mogleg av den. Innovasjonar i denne næringa gjev svært god avkasting, og har resultert i teknologi og løysingar i verdsklasse, seier forskingsleiaren.

Lite samarbeid med UiB

Studien viser og at bedriftene i Bergensregionen samarbeider lite med Universitetet i Bergen (UiB), og næringslivet i Stavanger like lite med ”sitt” universitet. På Sørlandet derimot, er det mykje tettare samarbeid mellom bedrifter og det nye Universitetet i Agder (UiA).

– Ei forklaring kan vere at UiB er eit eldre og meir etablert universitet, med større fokus på bredde og grunnforsking enn UiA. Universitetet på Sørlandet er ungt og nok i større grad tufta på og retta mot behova i næringslivet, seier Gjelsvik.

– Men Stavanger har og eit ungt universitet. Kvifor ser ein ikkje det same der?

– Ei av forklaringane kan rett og slett vere eksistensen av min eigen arbeidsgjevar, IRIS. Universitetet og IRIS har på ein måte ei uformell arbeidsdeling der IRIS, som og er ein stor institusjon, arbeider tett med næringslivet, og då særleg med oljeindustrien.

Spesialisering

Tittelen på forskingsprosjektet er ”Det vestlandske innovasjonssystemet i ein global økonomi”. Men gir det eigentleg meining å snakke om eitt vestlandsk innovasjonssystem?

– Både – og. Både Bergens- og Stavangerregionen er tufta på verdiskaping knytt til naturressursar. Innovasjonane er motiverte av å finne nye løysingar og har opphav i praksis og erfaringsbasert kunnskap, meir enn i grunnforsking.

– Som nemnt er Trondheimsbedriftene meir forskingsdrivne, og hovudstadsregionen er meir oppteken av tenesteinnovasjon. Det som uansett er ein viktig bodskap frå dette prosjektet, er at skilnadene mellom storbyregionane gjer at det som er fornuftig innovasjonsstrategi éin stad, ikkje treng å vere det ein annan, seier Gjelsvik.

– Meir generelt, korleis vil du seie at næringslivet er påverka av globaliseringa?

– Eg vil peike særleg på to ting. Det eine er behovet for spesialisering. Når marknaden vert global, vert alle målt opp mot det som er internasjonalt leiande. Det gir eit aukande behov for å skaffe seg spesialisert kompetanse, som ofte ikkje finst her i regionen.

– Det andre er at tilgangen på informasjon, på kva produkt og ekspertise som finst ute i verda, er så stor at det er lett å finne fram til relevante, internasjonale partnarar.

Analyse av næringsutvikling

Neste fase i prosjektet, vert ei analyse av satsinga til Greater Stavanger og Business Region Bergen på bedriftsutvikling innanfor energi og miljø.

– Vi skal mellom anna sjå på korleis dei to næringsutviklingsaktørane har samarbeidd med Kristiansand kommune for å stimulere utviklinga av bedrifter og klyngerelasjonar knytt til fornybar energi, seier Gjelsvik.

Målsettinga er å få fram kunnskap om korleis byregionale myndigheiter kan bidra til innovasjon og internasjonalisering i lokalt næringsliv.

Referanser:

Fitjar & Rodríguez-Pose: When Local Interaction does not Suffice: Sources of Firm Innovation in Urban Norway, Environment and Planning A, vol. 43, no. 6 2011, pp. 1248-1267, doi: 10.1068/a43516.

Fitjar & Rodríguez-Pose: Innovating in the Periphery: Firms, Values and Innovation in Southwest Norway, European Planning Studies, vol. 19, no. 4 2011, pp. 555-574, doi: 10.1080/09654313.2011.548467.

Powered by Labrador CMS