Lagar stamceller frå døde hjernar

Celler frå døde personar kan komme til å spele ei viktig rolle i stamcelleterapi, trur forskarar som har dyrka stamceller frå hjernen til lik.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Forskarar hausta levande celler frå døde hjernar, og omprogrammerte dei til stamceller. (Foto: Colourbox)

I samarbeid med:


 

Denne saken er produsert av NRK.

Stamceller

Stamceller er umodne celler som utgjer ei slags ”råvare” for kroppen. Stamceller er celler som kan gi opphav til andre celler og vev og som har evna til sjølvfornying.

Oppdaginga av korleis vanlege celler kan omdannast til pluripotente stamceller vart premiert med Nobelprisen i medisin for 2012.

Det finst ulike typar stamceller:

Totipotente stamceller kan gi opphav til alle typar celler i menneskekroppen.

Pluripotente stamceller kan gi opphav til alle celletypar i menneskekroppen, bortsett frå dei cellene som utviklar seg til morkake.

Multipotente stamceller har eit meir avgrensa utviklingspotensial enn toti- og pluripotente stamceller. Eit eksempel på desse meir spesialiserte stamcellene er bloddannande stamceller i beinmergen, som kan utvikle seg til raude blodlekamar, alle typar kvite blodlekamar og til blodplater.

Kjelde: Regjeringen.no

Forskarar ved Lieber Institute for Brain Development i Baltimore har hausta levande celler frå hjernen til døde personar og dyrka desse til stamceller, skriv LiveScience.

Til no har stamceller blitt hausta frå enten vaksne personar, foster eller frå nokre dagar gamle befrukta egg. No ser det altså ut som at stamceller også kan haustast frå lik.

Resultata er nyleg publisert i tidsskriftet PLoS ONE.

Lommer av levande celler i lik

Sjølv fleire dagar etter at vi er døde, kan små lommer med celler halde fram med å leve i kroppen.

Det er slike attverande levande celler av typen fibroblastar forskarane hausta frå skalpen og det ytste laget av hjernehinna (Dura mater) hos 146 hjernedonorar.

Lika hadde vore døde i opptil to dagar, og hadde blitt oppbevart kaldt sidan.

Parkinson og schizofreni

For å lykkast med å omprogrammering stamcellene til andre celler, er det viktig for forskarane å ha tilgang til prøvar av cellene dei skal herme etter.

Lik gir forskarane tilgang til hjerne, hjarte og andre vev som det er vanskeleg å få frå levande personar.

– Vi kan til dømes samanlikne nerveceller utleia frå fibroblastar med verkelege nerveceller frå det same individet, seier Hyde.

– Det gir oss ein peikepinn på kor påliteleg ein gitt metode for å lage nerveceller frå fibroblastar er. Det kan vere avgjerande, til dømes viss du ønskjer å lage dopaminproduserande nerveceller for å behandle ein pasient med Parkinson, fortel Hyde.

Bileta viser stamceller som er dyrka frå døde menneske. (Foto: PLoS ONE 7(9): e45282. doi:10.1371/journal.pone.0045282)

Hyde og hans kollegaer er også svært interessert i å studere nevropsykiatriske sjukdommar som schizofreni og bipolar liding.

– Ved å forstå kva som går gale med hjernecellene i desse individa kan vi kanskje hjelpe til med å fikse det, seier Hyde.

To tidlegare studiar har også vist at dyrking av stamceller frå døde er mogleg, men studien frå forskarane ved Lieber Institute for Brain development er den største studien på dette så langt.

– Kan ha vesentlege fordelar

Iver A. Langmoen ved Nasjonalt senter for stamcelleforsking og Nevrokirurgisk avdeling, Oslo Universitetssykehus ser eit stort potensial for stamceller frå døde.

– Dette er svært bra. Vi har eit sterkt håp om å kunne bruke stamceller i klinisk medisin, men eitt problem er å få nok stamceller til denne forskinga, seier Langmoen til NRK.no.

Med hausting av stamceller frå døde har forskarane fleire stader å få tak i slike celler på. Tilgang til vevspesifikke celler er også itneressant for forskarane.

Sjølv om forskarar i prinsippet kan omdanne alle slags celler til pluripotente stamceller, ei oppdaging som vart premiert med Nobelprisen i medisin for 2012, er dette likevel ei sanning med modifikasjonar.

Langmoen fortel at induserte pluripotente stamceller kan utvikle seg til kreftsvulstar når dei blir transplantert. Dette ser derimot ikkje ut til å gjelde vevsspesifikke stamceller.

– Så det å bruke vevsspesifikke stamceller som er henta frå eit dødt individ kan ha ganske vesentlege fordelar, seier Langmoen.

– Men korleis dette ser ut om 10-20 år veit vi ikkje. Det kan vere at vi vil bruke vevsspesifikke stamceller, induserte multipotente stamceller, kanskje mest sannsynleg begge. Uansett er det viktig at forskinga på begge celletypar held fram, seier han.

Powered by Labrador CMS