Misjonen som ikkje ville misjonere

Misjonen førte eventyrlystne kvinner ut i verda på 1800-talet. Hundre år seinare gjentek historia seg, men denne gongen reiser kvinnene ut som bistandsarbeidarar.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Det er ein sterk slektskap mellom misjon og bistand, seier historieprofessor Ruth Comtpon Brouwer.

Etter kolonimaktene byrja å trekke seg ut av sine tidlegare koloniar kring midten av det førre århundre, oppstod ei veksande interesse for utviklingslanda.

På 1960-talet tok unge idealistiske studentar initiativ til bistandsorganisasjonen Peace Corps i USA. Den fekk avleggjarar i fleire land, i Canada vart CUSO (Canadian University Students Overseas) danna i 1961, i Noreg kom Fredskorpset i 1963.

Dei unge idealistane ville styrke demokratisering i utviklingslanda, kjempe for menneskerettar og rettferd. Unge studentar hjalp der dei hadde kompetanse, til dømes som lærarar og legar.

Mange kvinner

Som i misjonsrørsla hundre år tidlegare, var ein stor del av medlemmene var kvinner.

– Sjølv om kvinner inntok universiteta på 1960-talet, hadde dei framleis ikkje så mange utsikter til ein karierre. Bistandsarbeidet gav dei eit høve til å reise ut, akkurat som kvinnene hadde gjort i misjonen på slutten av 1800-talet, seier Ruth Compton Brouwer.

Brouwer er professor i historie ved King’s College at the University of Western Ontario, Canada. Nyleg var ho på besøk i Bergen då misjonsforskarar frå åtte ulike land samlast til konferanse, der eitt av tema var nettopp forholdet mellom misjon og bistand.

Modernisering som kur

Dei unge bistandsorganisasjonane tok sterk avstand til misjon og evangelisering i utviklingslanda. Likevel var dei avhengige av misjonsorganisasjonane for å lukkast i arbeidet sitt.

– Dei var nøydde til å samarbeide med misjonsorganisasjonane. Det var tidlegare misjonærar som hjalp til med rekruttering, misjonærane førebudde dei unge på utreisa, og gav dei orientering om landa dei skulle til.

– Dei frivillige som reiste ut, enda også ofte opp i arbeid på misjonsinstitusjonar, skular og sjukehus, seier Brouwer.

Sekularisering

Samstundes som dei sekulære bistandsorgansiasjonane vaks fram, vart det også ei endring i den største protestantiske kyrkja i Canada, United Church of Canada.

Brouwer har forska på deira misjonsarbeid frå 1925-1970 og ser at kring 1960-talet vert fokuset endra frå evangelisering til utviklingsarbeid. Også i kyrkja fekk sekulariseringa i vesten fotfeste.

– Dei slutta ikkje med evangelisering, men fokuset vart endra. Ei tid brukar dei ikkje ein gong omgrepet misjon. Sjølvsagt kom det eit opprør mot denne sekulære lina, fleire nye, meir konservative kyrkjer oppstod, seier Brouwer.

Misjoneringa som føregjekk i utviklingslanda har blitt anklaga for å ha eit koloniserande blikk overfor dei kulturane dei kom til. Det var vesten sitt morderne samfunn som stod høgast på rangstigen.

– Klarte dei frivillige frå bistandsorgansisasjonar som CUSO å fri seg frå det koloniserande blikket?

– Basert på mi forsking vil eg seie at dei prøvde å unngå det. Men innan berre eit par år, måtte dei innsjå at også dei hadde ein koloniserande mentalitet. Dei hadde vakse opp i vesten med ideen om at vår vestlege moderne samfunn er kuren for alt. Også dei var påverka av sin vestlege bakgrunn, seier Brouwer.

Frå den andre sida

Ei side av misjonshistoria er korleis misjonærane jobba, og kva historier som vart fortald til heimepublikumet. Ei anna side av historia er korleis misjonen verka på dei innfødte der misjonsorganisasjonane slo rot.

Den indiske historikaren Maina Singh er ein av dei få som har forska på misjonshistoria med dei lokale som utgangspunkt. Også ho var tilstades under misjonskonferansen i Bergen.

– Mitt utgangspunkt er å vise at det å gje er ein tosidig prosess. Heile biletet av det å gje og ta er komplekst. Også misjonærane måtte tilpasse seg, men misjonshistoria har lenge vist historia einsidig frå misjonærane si side, seier Singh.

Ho peiker på at også misjonærane måtte tilpasse planane og arbeidet sitt til den kulturen dei kom til. Det var ikkje berre å dra planane opp frå kofferten og setje i gang.

– Det var ikkje berre å praktisere som lege eller lærar på same måte som i heimlandet. Dei var nøydde til å sjølv lære seg sosiale normer for å kunne fungere i landet dei kom til, seier Singh.

Ho meiner misjonærane, særleg i India, snart måtte gje opp den aggressive evangeliseringa.

– Det vart tidleg klart, kan hende allereie i 1910, at India ikkje ville verte eit kristent land, seier Singh.

I 2000 gav ho ut boka Gender, Religion and ”Heathen lands”, der ho intervjua eldre kvinner som gjekk på ein prominent misjonshøgskule i India. Rammene på skulen var engelske og kristne, men det endra lite blant elevane.

– På skulen snakka elevane engelsk i timen og sine lokale språk i friminutta. Dei feira kristne høgtider på skulen, men også høgtider til alle dei andre religionane som var representert.

– Det er noko som ein ikkje finn noko om i misjonsarkiva rundt om i verda. Dette var ikkje slikt som heimepublikummet ville høyre om, dette er slikt det ikkje vert skrive heim om, seier Singh.

Powered by Labrador CMS