Bakgrunn: Ville gjere taterane til "gode nordmenn"

Skuggesidene ved bygginga av den norske velferdsstaten kjem etter kvart fram i lyset. I åra 1914-86 vart omlag 1500 barn av taterar tekne frå foreldra sine. Ein lekmannsmisjon var, med styresmaktene si velsigning, drivkrafta bak overgrepa mot taterane.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Gjennom over 70 år dreiv Norsk Misjon blant Hjemløse (Misjonen) aktiv registrering og oppsøking av tatermiljøa i Noreg. Målet var å gjere dei til gagnlege nordmenn, slik at dei gav opp det omreisande livet sitt, og vart “ekte, busette nordmenn”. Misjonen “lukkast” langt på veg med assimileringsarbeidet sitt, men prisen for taterane var høg.

Gjennom fullmakter frå Kyrkjedepartementet og kommunale vergeråd (seinare Barnevernsnemnda), hadde den særeigne lekmannsmisjonen ei makt over taterane som manglar sidestykke i det moderne Noreg.

Svanviken

Svanviken på Nordmøre var Misjonen sin familie- og arbeidskoloni i Midt-Noreg. Her skulle taterfamiliene lære seg å verte fastbuande nordmenn. Greidde dei å leve opp til Misjonen sine krav, fekk dei økonomisk og sosial hjelp til å skaffe seg hus og heim. Problemet var at mange ikkje greidde å leve med den sterke disiplinen og dei harde reglane lekmannsmisjonen krevde. Ikkje fekk dei tale språket sitt, romani, reiseverksemd var strengt forbode og ikkje fekk dei ta imot besøk frå slekt og vener. Mange vart utviste, og andre gav opp frivillig. Resultatet vart ofte at Misjonen, med lova i handa, tok over omsorgen for barna og fostra dei opp på eigne barneheimar. Slik vart barna brukt som eit slags pressmiddel i Misjonen sin kamp for å integrere romanifolket.

Velsigna av styresmaktene

I ei hovudoppgåve i sosiologi, tilknytta programmet “Forskning om taterne”, har Karen-Sofie Pettersen ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet blant anna analysert argumentasjonen rundt omsorgsovertakinga av taterbarna. Ho har tatt utgangspunktet i 68 enkeltsaker, og vurdert tilfella ut ifrå Misjonen sitt eige arkiv og protokollar fra dei lokale vergeråda. Særleg har ho vore interessert i Misjonen og styresmaktene sitt syn på kulturen og levemåten til taterane.

- Eg har ikkje vore ute etter å studere det som skjedde ut ifrå normative vurderingar som rett eller gale, men heller fokusert på å få eit innsyn i dåtidas syn på taterane, fortel Pettersen. Ein viktig konlusjon er at materialet ikkje er eintydig. - Taterane sjølv ser på Misjonen som ein organisasjon som dreiv med rein kidnapping. Men sjølv om misjonsmennene var nidkjære i arbeidet, hadde dei heile tida styresmaktene si velsigning, seier Pettersen. Få kjente til tatermiljøet betre enn den kristne organisasjonen, så han vart sett på som eit kjærkoment reidskap for å få fjerna folk frå landevegen.

- Det var få som stilte spørsmål ved denne assimeleringspolitikken. Den nye velferdsstaten som skulle skapast, hadde ikkje rom for taterkultureren, meiner Pettersen. - Sjølv om mange av romanifolket ytte motstand mot overgrepa, var det òg dei som møtte Misjonen med lua i handa. Mange følte seg makteslause overfor Misjonen. Ofte var han den einaste som kunne yte økonomisk og sosial hjelp i trange tider. I lokalsamfunna var det lite hjelp å få. Dessutan var opposisjon ein farleg strategi å ta i bruk dersom dei ville halde på omsorgsretten for barna sine, slår Pettersen fast.

Først i 1986 miste Misjonen ansvaret for barneverns- og bosettingsverksemda for taterane. Frå då av skulle taterane handsamast på samme måte som nordmenn flest.

Powered by Labrador CMS