Den blodige journal

I Universitetsbiblioteket i Bergen (UB) sine samlingar over gamle bøker og handsskrift, finnast ei svært blodig forteljing. Katalogen over biblioteket sine gamle skattar er no på nett.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Universitetsbiblioteket si utgåve av manuskriptet stammar truleg frå 1824 og er ein av mange avskrifter av Davidsons originalmanuskript. Den tidlegare eigaren har utstyrt boka med skinninnbinding og gullskrift. (Foto: Gudrun Urd Sylte)

Manuskriptet med namn WM. Davidson’s Bloody Journal er ei forteljing frå ein engelsk sjømann som mønstrar på eit russisk kaperskip og deltek i kapertokt i Middelhavet i åra 1788-89.

Kaperi, væpna piratfarty som tok fiendens handelsskip, var nemleg eit vanleg verkemiddel under sjøkrigane i det 17. og 18. hundreåret for å øydeleggje fiendens handel.

Væpna private skip fekk fullmakt til å plyndre fiendens handelsskip, men kaperskipa var ikkje alltid like nøye med kva for nasjon eit freistande skip høyrte til.

”Distinksjonen mellom kaperi og regelrett sjørøveri var høyst illusorisk” skriv Sigurd F. Jacobsen i ein artikkel om sjørøvarens dagbok.

Den engelske piraten Davidson verva seg til teneste for Katarina den store av Russland som då låg i krig med Tyrkia. Sjørøvaren skildrar plyndringar av skip der mannskapet vert drepen til siste mann.

– Det er groteske skildringar, der mannskap vert halshogde og spring rundt på dekk som blodige, hovudlause høns, seier Rune Kyrkjebø, leiar for avdeling for spesialsamlingar ved UB.

Frå handskrift til nett

Varene som vart erobra var vin, brennevin, kaffi, bomull, hamp, honning, tobakk og pengar.

Etter ni månader på tokt, mønstra Davidson av i Trieste og fekk klekkeleg betalt for innsatsen.

UB si utgåve av manuskriptet stammar truleg frå 1824, og er ein av mange avskrifter av Davidsons originalmanuskript.

The Bloody Journal er dessutan berre ei av mange gamle skrifter som er samla i Manuskript- og librarsamlinga til UB. Her finnest også middelalderfragment, fotografisamling over norrøne handskrift, diplomsamling, gamle bøker og gjenstandar.

Tidlegare måtte forskarar og andre interesserte sjølv innfinne seg på Sydneshaugen for å kunne leite etter skattane i samlinga.

Men denne våren har Manuskript- og librarsamlinga fått katalogen ut på nett. Det er eit resultat av lang tids arbeid med å lage namneregister, og med inntastinga av den gamle handskrivne katalogen.

– Sjølv om dei er i pdf-filer, utgjer det eit stort framsteg for oss. Før måtte me bla i tre separate katalogar for å finne det me leita etter, seier universitetsbibliotekar Bjørn Arvid Bagge.

Offentleg sist i 1913

Sist katalogen over kva som skjuler seg hos Manuskript- og librarsamlinga vart offentleggjort, var i 1913. Då var alt teikna ned, trykt og sendt ut. Sidan den gong har samlinga vakse, og alt har blitt notert i handskrivne katalogar.

Når katalogen no er digitalisert og er på nett, har ein eit langt lettare leiteverkty, både for publikum og tilsette.

– Me merkar at fleire finn unikt materiale over nettet. Me har fått større tilgang på e-post enn me tidlegare har hatt. Me har fått gode tilbakemeldingar frå andre institusjonar, blant anna Nasjonalbiblioteket, som no lettare kan finne kva som er i våre samlingar, seier Rune Kyrkjebø.

Den gamle handskrivne katalogen har no i seg sjølv blitt eit historisk dokument, eller eit spanande skrift i seg sjølv etter bibliotekarane si meining.

Lenke:

Manuskript- og arkivkataloger ved Universitetesbiblioteket i Bergen.

Referanse:

Sigurd F. Jacobsen: Sjørøverens dagbok, fra Godbitarkivet, Universitetsbiblioteket i Bergen.

Powered by Labrador CMS