– Altfor fokuserte på helse

– Ulykker, sjukdom og død vert nærmast sett på som administrative tabbar i dagens samfunn, sier Jon Hellesnes.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Årsaka er fokuset på helserisiko og trua på at det meste ligg innanfor menneskelig makt, seier Hellesnes.

Han er filosof og professor emeritus ved Universitetet i Tromsø.

Som befolkning har vi aldri vore friskare enn vi er i dag. Likevel er vi fikserte på å unngå sjukdom og ulykker.

– Det vi ser i dag, er at stadig fleire ønskjer seg stadig sterkare forsikringar om at dei er friske. Privatlivet til friske menneske blir i aukande grad gjort til eit medisinsk problem. Kampen mot det unormale blir skjerpa, og toleransen for avvik mindre, seier Hellesnes.

Uakseptable uhell

Han påpeikar at altfor mange trur at det meste ligg innanfor menneskeleg makt. Dei trur at alle problem bør kunne løysast, særleg av andre. Det vil si styresmakter, politi eller helsevesen.

Det er ofte difor ein kan lese i avisa etter ei ulykke at «no må det gjerast noko for å hindre at det skjer igjen». Vi forventar at alle moglege ting vert gjort for å redusere alle trugsmål mot helsa vår.

– Ekstremvarianten går ut på at uhell, ulykker, sjukdom og død nærmast er administrative tabbar. Ut ifrå ein slik idé skal ingenting lenger aksepterast som eit hendeleg uhell, ein tilfeldig katastrofe, ein uavvendeleg sjukdom eller naturleg død.

– I staden skal alt tolkast som eit vitnemål om ein kritikkverdig mangel ved dei administrative rutinane, den politifaglege planlegginga, den medisinske forskinga, dei statlege sikringstiltaka eller den politiske prioriteringa, seier Hellesnes.

Medikalisering

Han meiner dette kjem av at det er altfor mykje fokus på helse i dagens samfunn.

– Mange har nok lagt merke til at distinksjonane mellom sunt og usunt, helse og uhelse, normalt og normalt har tatt over ein del funksjonar som distinksjonane mellom godt og vondt, ikkje-syndig og syndig hadde tidlegare. Helseprofesjonar er hamna i det åndelege landskapet der kyrkja før heldt til.

Ifølgje filosofiprofessoren visar dette seg blant anna som ein aukande tendens til medikalisering:

– Medikalisering betyr at stadig fleire livsområde blir ein del av det helsefaglege feltet, og at for eksempel livskriser blir oppfatta som sjuklege. Eit menneske i krise blir oppfatta som hjelpetrengjande, som ein pasient.

– Kort sagt: Meininga med livet ligg i det å ta vare på helsa. Før oppfatta ein det omvendt; det å finne livet meiningsfullt gav eit poeng til det å ta vare på helsa, seier Hellesnes.

Øydelegg meistringsevna

Han vil ikkje legge skulda for helsefikseringa på legar og anna helsepersonell:

– Det er eit lyspunkt at helsefikseringa hos folk ikkje møter velvilje hos alle medisinarane. Det er faktisk blant medisinarane vi finn dei hardaste kritikarane av denne tendensen.

– Fleire samfunnsmedisinarar og epidemiologar har levert solide argument for følgjande standpunkt: Den helseideologiske risiko-orienteringa, verstefallstenkinga og medikaliseringa av livsproblema er sjølv eit helseproblem.

– Slike tendensar øydelegg meistringsevna som er ein viktig del av folkehelsa. Dessutan fører den ideologiske sjukdomsfikseringa til eit atferdsmønster som inneber overbelastning av eit offentleg helsevesen. Sjølve prinsippet om ei statleg helseteneste kjem i fare, meiner Hellesnes.

Powered by Labrador CMS