Folkehelsearbeidet er blitt sterkare forankra i det lokale planverket i norske kommunar. (Illustrasjonsfoto: Heiko Junge, NTB Scanpix)

Mange planar – få helsetiltak

Kommunane har no fått større ansvar for folkehelsa, men hittil har det blitt mest planlegging og lite nye tiltak.

Om prosjektet

Formålet med prosjektet er å sjå om Samhandlingsreforma har påverka prioritering og koordinering av folkehelsearbeidet i kommunane i perioden 2013–2015. Studien inngår som ein del av prosjektet «Prosessevaluering av Samhandlingsreformen: Statlige virkemidler, kommunale innovasjoner» som er finansiert av Noregs forskingsråd.

Datagrunnlaget er ei spørjeundersøking som er gjennomført blant kommunale leiarar i 76 kommunar, ein gjennomgang av det kommunale planverket i 27 kommunar og ein casestudie som er gjennomført i tre kommunar.

Etter at vi fekk ny folkehelselov i 2012, har kommunane fått større ansvar for helsa vår. I tillegg til å førebyggje sjukdom skal dei ha oversikt over helsa til befolkninga og faktorar som kan ha negativ innverknad på denne, samtidig som dei skal leggje til rette for helsefremming.

Loven er ein del av Samhandlingsreforma som blei innført på same tid. Eit sentralt mål med reforma er å førebyggje meir og reparere mindre.

Folkehelsearbeidet har blitt styrkt

Velferdsforskingsinstituttet Nova ved Høgskulen i Oslo og Akershus har undersøkt om Samhandlingsreforma har påverka prioritering og koordinering av folkehelsearbeidet sidan loven blei innført.

Ifølgje forskarane har folkehelsearbeidet blitt sterkare forankra i det lokale planverket i norske kommunar. I planverket og samarbeidet har kommunane fått eit utvida perspektiv på folkehelsearbeidet: No dreier det seg ikkje berre om konkret sjukdomsførebygging, men også i større grad om aktiv styrking av helsa til innbyggjarane og kamp mot sosiale helseskilnader.

– Vi ser teikn på at kommunane brukar meir ressursar på organisering og planlegging, fortel forskingsleiar Marijke Veenstra ved Nova.

– Men vi kan førebels ikkje sjå noko auka ressursbruk på nye folkehelsetiltak.

– Viss første steg har vore å organisere arbeidet, er det no viktig å overvake om det blir følgt opp med midlar i komande budsjett, understrekar ho.

– Dei store folkehelseutfordringane som mange kommunar har, viser kor viktig dette arbeidet er.

Folkehelseprofilane gjev ikkje nok informasjon

Folkehelseinstituttet samlar saman folkehelsestatistikk og lagar folkehelseprofilar for alle kommunar i Noreg. Desse gjev god informasjon, men nokre peikar på at profilane er for snevre.

– Kommunane kan bli flinkare til å kartleggje data om lokalmiljøet som folkehelsestatistikken ikkje fangar opp, meiner Gøril K. Løset, som har skrive rapporten saman med Veenstra.

– Det er heller ikkje alt som kan målast i tal, seier Løset.

I ei undersøking som marknadsanalyseinstituttet Yougov har utført for Helsedirektoratet, kjem det fram at 73 prosent av befolkninga meiner deira kommune er ein god stad å vakse opp. Men berre ein tredel meiner at lokalpolitikarane er opptekne av å leggje til rette for god helse og å hindre mobbing i skulane der dei bur.

God førebygging og helsefremming dreiar seg til dømes om å leggje til rette for fysisk aktivitet for alle innbyggjarar, å ha tiltak mot røyking, luftforureining og mobbing og for betre kosthald og gode møteplassar i lokalmiljøet.

Barn og unge i fokus

Kommunane bør prioritere arbeidet for eldre og innvandrarar, som ikkje har fått like mykje merksemd som barn og unge, meiner Gøril K. Løset. (Foto: Nova)

– Så langt har barn og unge har fått mest merksemd i folkehelsearbeidet i kommunane, noko som gjev eit godt grunnlag for helse gjennom livet.

– Fleire tiltak for dei som allereie er middelaldrande eller gamle manglar – særleg for heimebuande eldre. Folkehelsearbeid blant flyktningar og innvandrarar bør også vere eit prioriteringsområde framover, seier Løset.

Referanse:

Løset og Veenstra: Forebyggende helsearbeid i kommunene. Prosessevaluering av Samhandlingsreformen, NOVA-rapport 6/15.

Powered by Labrador CMS