Sjølvskading vrient for helsepersonell

For helsepersonell er sjølvskading eit problem det er vanskeleg å ta tak i, samstundes som fenomenet aukar i omfang. Universitetslektor Anne Marie Rovik ved Universitetet i Stavanger har forska på fenomenet sjølvskading.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

På førespurnad frå helsepersonell i praksisfeltet gjekk Rovik i gang med å kartleggje kva for utfordringar helsepersonell opplever når det gjeld sjølvskading hjå pasientane. I den kvalitative studien fann ho fleire interessante samanhengar.

- Sjølvskading er eit vanskeleg problem å jobbe med. Mange sjukepleiarar opplever det som veldig valdsamt når nokon skadar seg sjølv, seier ho, og forklarer sjølvskading i hovudsak som det å skade eiga hud.

Tatoveringar og piercing er døme på kulturelt aksepterte former for sjølvskading og er ikkje rekna med i studien.

Utbreitt og aukande

Ifølgje Rovik er sjølvskading utbreitt over heile verda og i alle sosiale lag. Ho meiner likevel at problemet har auka i omfang, og at mange ikkje får den hjelpa dei treng.

- For å kunne gjere noko må vi forstå problemet. Mange ser på sjølvskading som eit symptom på andre lidingsuttrykk og manglande impulskontroll. Om problemet varer ei tid, kan pasienten oppleve å miste håpet og resignere. For at ikkje det skal skje, må hjelpa kome umiddelbart, seier ho.

- Sjukepleiarar, legar og miljøterapeutar møter mange vanskar i arbeidet med dette problemet, fortel Rovik, som hadde mange års erfaring frå psykiatrien då ho byrja som universitetslektor ved Institutt for helsefag ved UiS.

- Dei kjenner seg ofte hjelpelause og føler gjerne skuld, svik eller avsky. Sjølvskading er noko av det mest utfordrande helsepersonell kan stå overfor, nettopp fordi empati er vanskeleg, og fordi handlingane til pasienten er uføreseielege.

Vrien relasjon

- Helsepersonellet deler utfordringane sine inn i fire område. Dei fortel at det er vanskeleg å forstå pasienten, å handtere pasienten, å gripe inn når sjølvskading skjer, og å forstå eigen rollefunksjon, seier Rovik.

"Anne Marie Rovik, Universitetet i Stavanger (Foto: UiS)"

Mange av informantane snakkar om splitta personalgrupper der nokre vel å gi pasienten auka ansvar medan andre er opptekne av å ta full kontroll. Alle rapporterer om at det er problematisk å vere profesjonell i rolla si og samstundes prioritere tid til pasientane.

- Mange slit med å halde ut i relasjonar og situasjonar. For ikkje å ta inn over seg den valdsamme problematikken dei står overfor, er det mange som reagerer med kynisme, og det er farleg, meiner forskaren.

- For denne pasientgruppa er det ekstra viktig å ta seg tid og vise at du bryr deg. Relasjonen er avgjerande i arbeidet med å førebyggje sjølvskading. Helsepersonell må difor klare relasjonen på ein betre måte skal dei kome pasientane i møte, seier ho.

Tid og omsorg

Tilbakemeldingar frå pasientane tyder på at tid og omsorg er viktige stikkord for arbeidet med sjølvskadingsproblematikk. Mange pasientar føler seg svært einsame og er redde for å bli ignorerte eller avviste. I pasientgruppa er det flest kvinner.

- Fleire pasientar fortel om gode opplevingar når nokon tek seg tid til å sitje ned. Det er ikkje alltid det er nødvendig å seie så mykje. Det viktigaste er å vere til stades, seier Rovik.

Ho meiner den gode praksisen må løftast fram. I tillegg til å jobbe for gode relasjonar til pasientane må helsepersonell også få styrka evna til å forstå det sjølvdestruktive potensialet i mennesket.

- Den indre sjølvdestruktive krafta er ein del av oss i større eller mindre grad. Sjølv om det også kan vere andre årsaker til problema, er det om å gjere å forstå meir av korleis vi kan fortolke desse voldsamme uttrykka som breier om seg i vår tid.

- Vi lever i ei vanskeleg tid, der det er vanskeleg å vere både hjelpar og pasient. Eg trur mykje av nøkkelen til å handtere denne problematikken ligg i å vere meir opne, seier Rovik.

- Å snakke saman i refleksjonsgrupper kan vere eit skritt på vegen for helsepersonell. Samstundes som dei tek seg tid til pasienten og viser omsorg, oppsummerer Rovik.

Powered by Labrador CMS