Det kan vera mange grunnar til at folk synest det er vanskeleg å ringja etter ambulanse, men det klarar ikkje spørjeskjemaet å fanga opp. (Foto: pixelaway / Shutterstock / NTB scanpix)

Store svakheiter i EU-undersøking om helse

Spørjeskjema som skal kartleggja kor godt folk forstår og kan handla ut frå informasjon dei tek imot om helse, har betydelege metodiske svakheiter.

Pasientar med kroniske sjukdommar har krav på opplæring om eigen sjukdom, og opplæringa må vera tilpassa pasienten sin health literacy, som det heiter på engelsk. Eit dekkjande norsk omgrep har ein ikkje einast om endå, men «helsefremjande allmenndanning» er eitt av forslaga.

Professor Kjell Sverre Pettersen ved Høgskolen i Oslo og Akershus har health literacy som eit av sine fagfelt. Han var heilt på det reine med at nivået på den helsefremjande allmenndanninga i Noreg ikkje er tilfredsstillande.

Fleire EU-land har brukt eit spørjeskjema for å kartleggja denne kompetansen. Skjemaet har namnet HLS-EU-Q47, og mange i helsesektoren ynskjer at skjemaet skal takast i bruk i Noreg òg. Spørsmålet Pettersen ynskte å finna svaret på, var om skjemaet faktisk gav dei svara ein var ute etter. Han fekk løyve til å testa ut skjemaet i Noreg.

– For dårleg

Jobben med å evaluera skjemaet og svara derfrå gjekk til Hanne Søberg Finbråten ved Høgskolen i Innlandet og Karlstad Universitet, og danna grunnlaget for doktorgradsarbeidet hennar. Funna tyder på at det nok er best å venta litt endå med å ta spørjeskjemaet i bruk her til lands.

Hanne Søberg Finbråten ved Høgskolen i Innlandet og Karlstad Universitet seier at vi treng betre spørjeskjema for å kartleggja den helsefremjande allmenndanninga i Norge. (Foto: privat)

– Når ein legg saman svara frå mange respondentar i spørjeskjema som dette, kan det potensielt gje eit kunnskapsgrunnlag for å setja i gang fornuftige tiltak, både overfor pasientgrupper og overfor befolkninga generelt, seier Søberg Finbråten.

– Problemet med HLS-EU-Q47 er at det kunnskapsgrunnlaget ein får, er for dårleg. Ein risikerer å setja i gang feil tiltak på sviktande grunnlag.

Stussa ved resultat

Fyrsteamanuensis Øystein Guttersrud ved Naturfagsenteret ved Universitetet i Oslo har vore metodisk rettleiar for Søberg Finbråten. Han stussa fyrste gongen han såg resultat frå spørjeskjemaet.

– Dei hevda at rundt halvparten av befolkninga i EU-landa der undersøkinga var gjort, hadde for dårleg helsefremjande allmenndanning. Det høyrdest mykje ut, så vi bestemte oss for å etterprøva undersøkingane under norske forhold, seier han.

Forskarane sette om spørjeskjemaet til norsk, og etter litt utprøving og tilpassing gjennomførte dei undersøkinga både blant personar med diabetes 2 og blant befolkninga generelt.

Deretter køyrde dei ein såkalla Rasch-analyse på svara. Enkelt sagt er ein Rasch-analyse ein metode for å vurdera kvaliteten på data frå spørjeskjema eller kunnskapstestar. Funna var opplysande og nedslåande.

– Svara gjev rett og slett ikkje grunnlag for å seia noko generelt om helsefremjande allmenndanning. For å setja det på spissen: Det er som å kartleggja naturfagkunnskap med eit skjema der nokre av spørsmåla handlar om religionskunnskap, seier Guttersrud.

Utydelege spørsmål

Rasch-analysen avdekkjer kva spørsmål som gjev minst påliteleg informasjon. Dermed kan ein gå tilbake til skjemaet og sjå om ein kan identifisera kva som gjer det enkelte spørsmålet problematisk. Guttersrud nemner som eksempel spørsmålet «Kor lett vil du seia det er å ringja etter ambulanse i ein nødssituasjon?»

– Det kan jo vera mange grunnar til at folk kan synast dette er vanskeleg. Bur dei ein stad med dårleg dekning? Skal dei vurdera om det er nødvendig med ambulanse? Er spørsmålet om dei trur at dei klarar å halda hovudet kaldt i ein nødssituasjon og tilkalla hjelp? Kanskje nokre grupper, som eldre personar, synest det er vanskeleg å bruka mobiltelefon?

– Utan at ein veit kvifor respondentane svarar som dei gjer, er det problematisk å bruka eit slikt spørsmål til å seia noko om helsefremjande allmenndanning generelt, seier Guttersrud.

Forskarane fortel at dei møter helsepersonell på seminar og andre stader som gjerne ynskjer å ta i bruk skjema som dette. Nettopp derfor er det så viktig at skjemaa er gode nok.

– Det er jo ikkje slik at resultata frå HLS-EU-Q47 nødvendigvis er feil. Det kan godt henda at eit tilstrekkeleg godt spørjeskjema ville ha gitt liknande resultat. Det veit vi rett og slett ikkje, seier Søberg Finbråten.

– Derimot kan vi seia oss ganske sikre på at om ein jobbar vidare med HLS-EU-Q47 og utbetrar svakheitene, kan vi etter kvart få eit spørjeskjema som vil gje oss det vi vil ha: eit godt grunnlag for å kartleggja reell helsefremjande allmenndanning og for eventuelt å setja i verk tiltak.

Referanse:

Søberg Finbåten m.fl.: Validating the European Health Literacy Survey Questionnaire in people with type 2 diabetes. Latent trait analyses applying multidimensional Rasch modelling and confirmatory factor analysis. Journal of Advanced Nursing, May 2017, DOI: 10.1111/jan.13342 Sammendrag

Powered by Labrador CMS