Oljesøk i små, ørsmå og mikrosmå sjødyr

Fisk og skaldyr vert skorne opp og analyserte for oljepåverknad i indre organ. Men korleis finn ein ut kor mykje olje eit mikroskopisk plankton har fått i seg?

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne krabben frå Langesundområdet er godt tilgrisa, men det er ikkje alltid like lett å finna ut om skaldyr, fisk og plankton er råka av oljeutslepp.

Medan fisk, krabbar og skjel utan altfor store problem lét seg dissekera, er det ikkje like lett å setja kniven i plankton.

Planteplanktona er mikroskopiske, og dyreplankton måler frå brøkdelen av ein millimeter og opp til nokre få millimeter.

Under lupa

Alt dagen etter at lasteskipet ”Full City” gjekk på grunn, vart det teke mat- og miljøprøvar i havariområdet.

Ei knapp veke seinare hadde Havforskingsinstituttet i Bergen motteke i overkant av 100 fiske-, skaldyr- og planktonprøvar samt nokre vassprøvar frå sjølve havaristaden og området rundt. Padmini Dalpadado er ansvarleg for dyreplanktonprøvane.

– Planktonprøvane vert tekne med håv, lagde på formalin og deretter studert under lupa. Vi ser på art og mengde, fortel Dalpadado.

Planktonet kan påverkast av olja direkte eller gjennom matopptaket. Dyreplankton står på menyen til til ein stor del ung fisk, sjøpattedyr og sjøfugl.

Er det høg dødeligheit og/eller mykje gift i plante- og dyreplanktonet, kan det få konsekvensar oppover i næringskjeda.

Kva innmaten fortel

Stepan Boitsov har ansvar for fiske- og skaldyrprøvane. Han og kollegane hans på kjemilabben skal leita etter visse oljekomponentar – PAH (polyaromatiske hydrokarboner) – i innmaten frå blåskjel og krabbe og i lever, galle og filetar frå fisk.

– Oljekomponentar kan vera lettare å finna i marine organismar enn i vatn. Blåskjel til dømes, filtrerer vatnet gjennom seg.

- Ein kjemisk analyse av innmaten viser PAH-verdiane, som i neste omgang fortel oss noko om omfanget av forureininga, seier Boitsov.

Kjemi må til

100 blåskjel er samla inn nær havaristaden. Det er ikkje olje å sjå på skala eller innmaten. Men det treng ikkje bety at skjela er reine, forklarar Boitsov.

Det må nemleg ei kjemisk undersøking til for å påvisa oljekomponentar.

På laboratoriet vert oljekomponentane vert trekte ut av prøvane og konsentrert. Så vert dei køyrde gjennom eit analyseinstrument. Etter denne prosessen veit forskarane nøyaktig kor høge PAH-verdiar i prøvane frå dei ulike stasjonane.

Kjenner ikkje konsekvensane

Tilgrisa sjøfugl og strender vitna om oljeutsleppet frå ”Full City” berre timar etter havariet. Dei langsiktige konsekvensane av eit akutt oljeutslepp er meir kompliserte å sjå for seg.

Dei varierer frå område til område og gjennom året. Giftinnhaldet i olja, vêr og temperatur og overlapp i tid og rom mellom oljeutsleppet og naturressursar spelar også inn, fortel dei to forskarane.

– Havstraumar vil raskt kunna tilføra nytt plankton til området. Det er meir alvorleg om olja påverkar planktoniske fiskeegg og -larver. Men utsleppet skjedde i ein periode der det truleg er låg gyteaktivitet hos fisken i området, seier Padmini Dalpadado.

Har referansar

Førebels er det ikkje sikkert om Havforskingsinstiuttet kan venta seg fleire sendingar frå havariområdet.

– Frå før har vi relativt gode referansar frå området. Det gjer det lettare å sjå i kva grad utsleppet har påverka det marine miljøet. Når vi kjenner miljøpåverknaden, kan vi også seia om det er behov for vidare prøvetaking og analysar, seier Boitsov.
 

Powered by Labrador CMS