Saken er produsert og finansiert av Norges geologiske undersøkelse - Les mer
Fire kommunar på Søre Sunnmøre har no heildekkande og høgoppløyselege kart over kva havbotnen er laga av.

Nye skattekart frå Søre Sunnmøre

No føreligg svært detaljerte kart frå havbotnen i fem kommunar på Søre Sunnmøre. Dei viser skipsvrak, bratte bakkar, blanke berg og gode fiskeplassar.

16.6 2016 04:00


Her er noko av Rundeskatten stilt ut på Runde miljøsenter. Fleire titals tusen dukatar vart henta opp frå botnen under dykking og utgraving i 1972. (Foto: NGU)

Rundeskatten er den verdifulle lasten som det nederlandske seglskipet «Akerendam» frakta på jomfruturen sin i 1725. Under ein kraftig vinterstorm forliste skipet nordaust for Runde. Skatten vart funne av dykkarar i 1972.

No skal nye kart peike ut heilt andre skattar langs kysten:

– Vi har slått på lyset på havbotnen i 800 kvadratkilometer, seier prosjektleiar og forskar Sigrid Elvenes ved Noregs geologiske undersøking (NGU). 

Detaljerte botnforhold trer fram på dei nye karta: moreneryggar, skipsvrak, skredavsetningar, gjørme og stein, bratte bakkar og blankskura berg.

Frå tru til kunne

– No får vi ein heilt ny kvardag i arbeidet med kystsona. Vi har gått frå å tru korleis det ser ut på botnen, til å vite det. Satsinga på dette prosjektet gjer oss det mangedobla igjen, meiner utviklingssjef Jarl Martin Møller i Herøy kommune.

Ved hjelp av video, ekkolodd, prøvetaking og detaljerte djupnedata frå Kartverket, er det teikna heildekkande og høgoppløyselege kart over kva botnen er laga av – kart som no kan nyttast i kommuneplanlegging.

Den såkalla marine grunnkartpakken omfattar djupne-, sediment- og temakart, over mellom anna ankringsforhold, skråningar, gravbarheit og botnfelling.

– Som eit eksempel: Når ein får desse karta digitalt på brua til fiskebåtane, veit ein kor lina kan leggjast for å få både brosme og torsk, seier NGU-forskar Oddvar Longva. 

– Det vert òg lettare å finne rett plassering for mellom anna oppdrettsanlegg. Samstundes kan ein finne dei beste ankringsstadene, og dei beste traseane for røyr og leidningar i fjordane, seier han.

Nasjonal dugnad

Direktør Evert Flier i sjødivisjonen i Kartverket ønskjer ein nasjonal dugnad for marine grunnkart i Noreg og stiller seg bak arbeidet med å satse på marine grunnkart over heile landet.

På eit seminar for dei marine grunnkarta på Runde Miljøsenter nyleg var også Forsvarets graderingsregime for djupnedata eit tema. Det er usemje mellom Forsvaret på den eine sida og det sivile samfunnet på den andre om frigjeving av data.

Både seniorrådgjevar Gunnstein Bakke i Fiskeridirektoratet og Evert Flier i Kartverket meiner at dei strenge reglane avgrensar eit best mogleg resultat av kartlegginga.

I prosjektet på Søre Sunnmøre fekk forskarane frigjeve høgoppløyselege djupnedata frå Forsvaret. No er det i gang arbeid i fire kommunar i Sogn og Fjordane. Her har Forsvaret førebels sagt nei.

Arbeidet på Søre Sunnmøre har skjedd i eit samarbeid mellom Kartverket, NGU, kommunane Herøy, Hareid, Ulstein, Sande og Vanylven, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, fylkeskommunen og Runde Miljøsenter.

forskning.no ønsker en åpen og saklig debatt. Vi forbeholder oss retten til å fjerne innlegg. Du må bruke ditt fulle navn. Vis regler

Regler for leserkommentarer på forskning.no:

  1. Diskuter sak, ikke person. Det er ikke tillatt å trakassere navngitte personer eller andre debattanter.
  2. Rasistiske og andre diskriminerende innlegg vil bli fjernet.
  3. Vi anbefaler at du skriver kort.
  4. forskning.no har redaktøraransvar for alt som publiseres, men den enkelte kommentator er også personlig ansvarlig for innholdet i innlegget.
  5. Publisering av opphavsrettsbeskyttet materiale er ikke tillatt. Du kan sitere korte utdrag av andre tekster eller artikler, men husk kildehenvisning.
  6. Alle innlegg blir kontrollert etter at de er lagt inn.
  7. Du kan selv melde inn innlegg som du mener er upassende.
  8. Du må bruke fullt navn. Anonyme innlegg vil bli slettet.

Annonse

Marine grunnkart i Kyst-Noreg

NGU og Kartverket foreslår at det blir etablert eit nasjonalt kartleggingsprogram for heile den norske kystsona.

Kartverket kartlegg djupne ved hjelp av moderne multistråleekkolodd, og gir eit heildekkande bilde av terrengformasjonane på havbotnen.

NGU kartlegg geologien. Ut frå ei detaljert oversikt over sedimenta på havbotnen kan ein utarbeide kart over botntype, botnfelling, ankringsforhold, gravbarheit, botnformer og skred, miljøgifter og marine naturtypar.

Med grøn laser kan ein måle vassdjupet i strandsona og lage ein saumlaus terrengmodell for land og sjø.

Formålet vil vere å kartlegge kystsona frå fjæresteinane og ut til ei nautisk mil utanfor grunnlina.