Norsk natur sett i system

Nytt system for norske naturtypar skal gje grunnlag for betre forvalting av naturen, og vil gjera det tydelegare kva vi ikkje veit nok om.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Kulturmarkseng

- I løpet av dei fire åra dette arbeidet har teke, har eg fleire gonger spurt meg sjølv om det var lurt å takka ja til å leia det, seier Rune Halvorsen til rundt 200 entusiastiske tilhøyrarar.

- Men i dag gjer eg ikkje det, smiler han frå podiet.

Halvorsen er midt i presentasjonen av ”Naturtyper i Norge” (NiN) under Artsdatabanken sin årlege konferanse, som i år er vigd til dette nye systemet som skal fanga opp den store variasjonen i norsk natur.

Presist, dekkjande og oversiktleg

- I 2004 kom det framlegg om ei ny lov om naturmangfaldet i Noreg.

- Det innebar behov for eitt felles system for heile landet, inkludert havområda og Arktis, og for ein ny definisjon av kva ein naturtype er, forklarar Halvorsen, som til dagleg er professor ved Naturhistorisk museum ved UiO.

Utfordringa for dei tretten medlemmene i ekspertgruppa som har arbeidd fram NiN, har vore å utvikla eit system som både er dekkjande nok og presist nok, og samstundes så oversiktleg at det er råd å bruka i praksis.

- Vi har løyst dette ved å skildra variasjon i naturen på fem nivå frå fin til grov målestokk: livsmedium, natursystem, landskapsdel, landskap og region. Kvart av desse nivåa er så delt inn i hovudtypar, som igjen er delt inn i grunntypar.

- Ved å kombinera typar frå dei ulike nivåa kan systemet brukast til å skildra all natur som finst i Noreg, seier Halvorsen.

Bildet viser et moderne riksveganlegg, nye E39 ved Teisdal i Feda mellom Kvinesdal og Flekkefjord (Vest-Agder), som har brei vegbane og brei vegkant.

Skarpe diskusjonar

Dette vert demonstrert av seniorforskar Frode Ødegaard frå Norsk institutt for naturforsking i eit litt seinare innlegg:

- Livsmediet for ei møkkbille er møkk. Det er alt den billa ser: møkk, herlig møkk. Men når vi som forskarar skal kombinera dette med natursystem, kan det verta ”møkk på strand” eller ”møkk i skog” eller liknande, forklarar han.

Og legg til at det gjerne vil vera nødvendig å plassera større artar på eit nivå med grovare målestokk. Gaupa kan til dømes plasserast i kupert skoglandskap.

Halvorsen fortel at det har vore mange skarpe diskusjonar undervegs i arbeidet, og rosar ekspertgruppa for konstruktivt arbeid som førde til at ein alltid fann løysingar som kunne aksepterast av alle.

Esperanto for naturforvalting

- Systemet skal ikkje berre fanga opp såkalla uberørt natur, men òg miljø som i større eller mindre grad er påverka av menneske, som vegar, åkrar og flyplassar.

- I gruppa har det vore ulike syn på kor stor vekt vi skulle leggja på denne påverknaden, og det har gjort at vi har vore nøydd til å ta for oss dei vanskelege, men nødvendige spørsmåla, seier han.

Knut Simensen frå Direktoratet for naturforvalting meinte NiN kunne bli naturforvaltinga sitt svar på esperanto, ved at det kan takast i bruk av alle som arbeider med dette.

Han avslutta likevel sitt innlegg med å peika på utfordringa som ligg i å formidla eit så komplekst system på ein enkel måte.

- For oss har det vore eit mål å bruka kjende og etablerte omgrep og uttrykk så langt som råd, kommenterer Halvorsen.

Behov for meir kunnskap

- Gøy at ti års arbeid vil bli lest av mange, seier Rune Halvorsen frå NHM. Studien er publisert i prestisjetidsskriftet Nature. (Foto: Anette Edvardesn, NHM)

- Men innimellom har vi ikkje kome utanom å innføra nye omgrep. Tidlegare har ein til dømes ofte brukt ”økosystem” om det vi kallar ”natursystem”.

- Men sidan økosystem har ei presis tyding som er noko anna enn det vi snakkar om her, måtte vi altså finna eit nytt uttrykk.

Arbeidet til ekspertgruppa avdekka òg mangelen på kunnskap om den norske naturen.

- Mykje veit vi, men det er likevel eit enormt behov for kartleggjing, samanstellingar, og innhenting og spreiing av ny kunnskap, seier Halvorsen.

Naturen bryr seg ikkje om typar

- Vi har eit vedvarande behov for oppgradering og vidareutvikling av systemet, seier Halvorsen.

Han sjølv har brukt mykje av sitt vaksne liv på å argumentera for at naturen ikkje let seg klassifisera, og ser det lett ironiske i at han har hatt oppgåva med å leia dette arbeidet.

- Naturen bryr seg ikkje om våre presise typar, den er gradvis og mangedimensjonal, smiler han.

- Men naturtypar kan vera nyttige abstraksjonar for å skildra variasjonen i naturen. Vi håpar og trur at NiN vil tena dette formålet.

Les meir:

Naturtypebasen vart òg lansert under konferansen - www.naturtyper.artsdatabanken.no

Nytt beskrivelsessystem for norsk natur er klart (Artsdatabanken, 18.9.09)

Powered by Labrador CMS