Før vart det drive kommersiell fangst av grønlandskval. Arten vart freda alt i 1935, og forskarane reknar no med fire bestandar. (Foto: Ansgar Walk / Wikimedia)

Stabilt for grønlandskvalen

Kval vert telt på to måtar: frå fly og frå hudprøver. Målingane viser positive tal for bestanden mellom Grønland og Canada. 

Prosjektet

Prosjektet i Diskobukta er eit samarbeid mellom Grønlands Naturinstitutt, Nuuk, og NHM, under leiing av Mads Peter Heide-Jørgensen frå fyrstnemnde, og Lutz Bachmann og Øystein Wiig frå NHM.

Diskobukta på Vest-Grønland var tom for grønlandskval i mange år. Men rundt år 2000 begynte dei store kvalane å dukka opp att, og det vart stadig fleire. Dei siste åra har talet vore stabilt.

– Kvalane i Diskobukta tilhøyrer ein bestand som lever i området Vest-Grønland og Aust-Canada. Vi anslår det er rundt 7000 dyr, seier Silje Rekdal, som tok masteroppgåva si på teljing av grønlandskval ved Naturhistorisk museum (NHM), Universitetet i Oslo. Silje tek no doktorgraden på fugl same stad.

Prøvar i 14 år

Forskarane brukar to ulike metodar for å telja kvalar i Diskobukta. Den eine er teljing av dyr frå observasjonsfly. Den andre er å ta prøver frå huda for å gjera genetiske analysar. Dei to metodane utfyller kvarandre, forklarar Rekdal:

– Teljingane frå lufta gjev eit bilete av kor mange grønlandskvalar som er i Diskobukta på eit gitt tidspunkt. Dei genetiske prøvane strekkjer seg over ein periode på 14 år, frå 2000 til 2013. Dei gjev oss eit betre grunnlag for å anslå størrelsen på den totale bestanden, ikkje berre på den delen som oppheld seg i Diskobukta.

For det er langt frå alle kvalane i Vest-Grønland/Aust-Canada-bestanden som er innom Diskobukta. Forskarane reknar med at grønlandskvalen er rundt 14 meter lang når han er kjønnsmoden, men det er så godt som ingen observasjonar av så små dyr i Diskobukta.

Ein vaksen grønlandskval kan bli opp mot 20 meter lang.

Ingen unge dyr

Lengda på dyra og registreringar av kvalsong tyder på at dei kjem til bukta for å para seg. Diskobukta er òg ein av dei rikaste beiteområda på Grønlandskysten, forklarer Rekdal.

Men det er ikkje berre alderssamansetjinga som er skeiv. Kjønnsfordelinga er om lag fire hoer for kvar hann.

– Sidan grønlandskvalen kalvar kvart tredje eller fjerde år, og vi nesten ikkje observerer ungdyr i Diskobukta, må både dei og hannane vera andre stader i mellomtida, fortel Rekdal.

Blåst av grønlandskval. (Foto: Silje Rekdal, NHM)

Flust av damer og flust av mat

Sjølv så svære dyr som grønlandskvalen kan vera utsette for rovdyr når dei er små. Dermed kan det henda at hoene som har kalvar, held seg i område der faren for spekkhoggarar er mindre.

– Men det forklarar ikkje kvifor det er så få hannar som dukkar opp i Diskobukta, der det er flust av damer og flust av mat. Slik er det i alle fall ikkje hjå vår eigen art, seier Rekdal med ein blunk.

Silje Rekdal tok mastergraden på kval og skal ta doktorgraden på fugl. (Foto: Karsten Sund, NHM)

Frå 1600-talet vart det drive utstrekt kommersiell fangst av grønlandskval. Arten vart freda alt i 1935, og forskarane reknar no med fire bestandar: Vest-Grønland/Aust-Canada, Okhotskhavet, Beringstredet og ved Svalbard.

Måler for forvalting

– Bestanden ved Svalbard vert anslått å ha 10–100 dyr, så det spørst kor livskraftig den er. Dei siste tiåra har det vore ein auke i talet på observasjonar av grønlandskval ved Aust-Grønland og ved Svalbard. Nyleg vart det òg observert ein kalv ved Aust-Grønland, så det er nokon positive teikn i det området òg, seier Rekdal.

Det er slike observasjonar og målingar som dannar grunnlaget for forvaltinga av bestandane. Oppgåva til forskarane er å skaffa til veges så gode målingar som råd.

Skyta pil

Rekdal tok mastergrad på grønlandskval i Diskobukta utan å ha sett så mykje som blåsten av ein kval, men dei to siste åra har ho vore med på prøvetaking.

– Vi køyrer rundt i ein bitteliten båt med påhengsmotor, saman med ein lokal jeger. Så brukar vi armbrøst for å skyta ei pil inn i huda til kvalen. Pila er festa til ein isoporbit, slik at ho vert trekt ut når kvalen dukkar, fortel Rekdal.

Referanse:

S. Rekdal m.fl.: Trends in bowhead whales in West Greenland: Aerial surveys vs. genetic capture-recapture analyses, 2015, Marine Mammal Science. Samandrag

Powered by Labrador CMS