Sprenging ga Ålesund-skredet

Skredtragedien i Ålesund 26. mars i år var eit direkte resultat av at terrenget vart endra før bygging av bustadblokka. Skråninga var i utgangspunktet stabil. Fem menneske mista livet i ulykka.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

(Foto: Politiets helikopterteneste)

- Utsprenginga av tomta ga ein endra stabilitetssituasjon som førte til skredet, konkluderer utvalet som har granska ulykka.

I dag la utvalet fram sin granskingsrapport for kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

6500 tonn stein

- Skredet i Fjelltunvegen 31 vart utløyst som følgje av at utsprenging av store fjellmassar hadde etablert ei bratt og ustabil skråning, seier geolog og forskar Lars Harald Blikra ved Noregs geologiske undersøking.

Han er ein av fagfolka i det fem personar store utvalet.

Skredet omfatta fjellmassar i eit volum på 2400 til 2500 kubikkmeter, eller om lag 6500 tonn. Blikra opplyser at samanfallet av ulike geologiske strukturar var avgjerande for at skredet vart utløyst. Han peiker på tre uavhengige strukturar som særleg viktige:

  • Uthaldande og bratte forkastingsplan i nordaustleg retning.
  • Steile, og delvis opne sprekker i nordvestleg retning
  • Lagdelinga i fjellet som skrånar til dels bratt ned parallelt med terrenget.

Nedknuste, svake lag 

Undersøkingane viser også at det langs både forkastingsplana og i lagdelinga er påvist soner med nedknust materiale.

Utvalet sin konklusjon er at skredet har blitt initiert av utglidingar langs det bratte forkastingsplanet og ei nedtrapping langs lagdelinga i den nedre delen av skjeringa.

- Det kan vera at utglidinga starta som ein gliding langs lagdelinga i dei nedre delane der ein hadde svært svake, leirhaldige nedknuste lag. Desse utglidingane kan i sin tur ha ført til kollaps i fjellet over.

- Her har skredet følgt ein kombinasjon av dei bratte forkastingane og lagdelinga i fjellet. Det er påvist nedknust materiale og leire både langs forkastinga og lokalt langs lagdelinga i den nedre delen av skredplanet.

- Dette har svekka stabiliteten, seier geolog Lars Harald Blikra.

Utvalet strekar under at det ikkje har vore deira oppgåve å ta stilling til om skredulykka kunne vore unngått:

Gjennomgang av regelverk

- Likevel er ei grundig gjennomgang av den aktuelle byggesaka, og av grunn- og sprengingsarbeida, saman med ein gjennomgang av relevant regelverk, lagt til grunn for utvalet sine vurderingar av tiltak som kan setjast i verk for å redusere risikoen for at liknande hendingar skjer i framtida, heiter det i rapporten.

Utvalet konkluderar samstundes med at ulykka vart handtert på ein god måte. Det er også klart at ingen fleire kunne blitt redda.

- Arbeidet utvalet har utført er svært viktig for å få avklart kva for tiltak som må gjennomførast for å unngå at liknande hendingar skjer igjen, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa i ei pressemelding.

Vurdere tilrådingar

Justisminister Knut Storberget seier at det er grunnleggjande for oss alle å kunne kjenne seg trygg i eigen bustad. 

- Eg er glad for at redningsarbeidet gjekk så bra som det gjorde. Vi vil nå sette oss grundig inn i utvalets tilrådingar og vurdere kva vi kan gjere betre, seier Storberget.

Lenke:

Les heile rapporten: Skredulykka i Ålesund

Det er fylkesmann Ottar Befring i Møre og Romsdal som har leda utvalet. Han har hatt med seg forskar Lars Harald Blikra i Noregs geologiske undersøking (NGU), avdelingsdirektør Marit Heggstad hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, assisterande direktør Gustav Pillgram Larsen i Statens bygningstekniske etat (BE) og seniorrådgivar Finn Mørch Andersen i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB).

Powered by Labrador CMS