Meteoritten på verandaen

I nesten to år har ein veranda på Grefsen husa delar av Oslo-meteoritten som fall ned i 2012.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Meteoritten som vart funnen på ein veranda på Grefsen, og delar av blikket frå verandaen. (Foto: Rune S.Selbekk, NHM/UiO)

– Dette viser kor tilfeldig det er når meteorittar vert funne. Oslo-meteoritten fekk mykje medieomtale i 2012, og systematiske meteorittleitarar sytte for at det vart funne fleire bitar av den.

– Likevel kan det altså dukka opp nye bitar to år seinare, på ein så lett tilgjengeleg stad som ein veranda, seier fyrsteamanuensis Rune Selbekk ved Naturhistorisk museum (NHM), Universitetet i Oslo.

Istappar over terrassen

Selbekk har ansvaret for meteorittsamlinga ved NHM, som husar 14 av dei 15 offisielt godkjende meteorittane som er funne i Norge, i tillegg til den 16., som ikkje er vitskapleg beskrive endå og dermed ikkje offisiell.

Det nye meteorittfunnet vart gjort av Steinar Engh i bydelen Grefsen, som la merke til at det hadde danna seg istappar i taket over terrassen.

– Eg tenkte at det hadde samla seg vatn på verandaen til leigebuaren, og klatra opp ved hjelp av ein stige. Der fann eg denne steinen, seier Engh til Dagbladet 18. februar.

Finnaren Steinar Engh med meteoritten (Foto: Rune S.Selbekk, NHM/UiO)

Liknar veldig

Han kontakta ein nabo som arbeidde ved NHM, og fekk bekrefta at det verkeleg var ein meteoritt han hadde funne.

No skal Selbekk analysera verandameteoritten for å fastslå om den verkeleg skriv seg frå meteorittfallet i 2012.

– Med det blotte auga liknar den veldig, og den er òg funnen i det området der vi ville venta å finna større deler av Oslo-meteoritten.

– Men det vil ta nokre veker med analyser før vi får svar. Dersom den skriv seg frå same meteoritten, vil det vera den største biten av den som er funne – i alle fall til no, smiler Selbekk.

Kontakt forskarar

– Det er òg den fjerde største meteoritten som er funne i Norge.

Selbekk oppmodar alle som har funne noko som dei trur er ein meteoritt, til å kontakta Norsk meteornettverk, slik at funnet kan analyserast og registrerast vitskapleg.

– Etterpå er det opp til eigaren å gjera med meteoritten kva vedkomande måtte ynskja. Ideelt sett skulle vi ynskja oss ei ordning der meteorittar tilfall staten, mot at finnaren fekk ei finnarløn, seier Selbekk.

Sjå òg:

Tynnslip av Oslo-meteoritten. Dei runde kulene vert kalla kondrular, og områda rundt matriks. (Foto: Naturhistorisk museum, UiO)

Powered by Labrador CMS