Belte av antimaterie omgir jorda

For første gong er det oppdaga at jordas magnetfelt held antimateriepartiklar fanga i eit belte utanfor jorda. Spennande funn, seier norsk astrofysikar.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Jordas magnetosfære som er representert med lilla linjer på denne illustrasjonen, fangar antimateriepartiklar som blir danna i øvre del av jordas atmosfære. (Foto: NASA/SOHO)

Dette er antimaterie

Antimaterie blir ofte kalla spegelbilete til den vanlege materien som alt omkring oss er laga av.

Antimaterie har motsett ladning i høve til vanleg materie. Eit antihydrogenatom består såleis av ei negativ kjerne og eit positivt lada elektron (positron).

Antipartiklar er til no berre sett i kosmisk stråling eller framkalt kunstig i eit laboratorium.

Ved universets byrjing skal det ha blitt laga like store mengder av materie som antimaterie, men av ein grunn som fysikarane enno ikkje forstår, har størstedelen av antimaterien forsvunne frå dagens univers.

Antimaterie har ein teknologisk bruksmåte i PET skanning, positronemisjonstomografi.

(Kjelde: snl.no)

2011 ser ut til å bli eit godt år for materiens mystiske motsats, antimaterien.

I juni i år klarte fysikarar ved CERN å halde antimaterie fanga i heile 1000 sekund, noko som er ny rekord i levetid for antimaterie produsert her på jorda.

Nyleg vart det også kjent at antimaterie blir produsert i toreskyer, i samband med høgenergetiske gammaglimt som oppstår i skyene når det er torever.

No har ei gruppe forskarar funne at vi har eit belte av antipartiklar omkring jorda.

Nyheita vart publisert i The Astrophysical Journal Letters 7. august.

 

______________________________

Les hele saken på NRK.no

 

Powered by Labrador CMS