Trass visjonar om ein inkluderande skule, aukar ekskluderinga av elevar med utviklingshemming. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock, NTB scanpix)

– Inkludering kjem ikkje av seg sjølv

Barn med utviklingshemming og store samansette lærevanskar blir møtt med låge forventningar og mangelfull pedagogisk innsats. Haldningsarbeid, kompetanseheving og bruk av teknologi ser ut til å auke det faglege og sosiale utbyttet for gruppa.

Stortingsmelding nummer 18 «Læring og fellesskap» frå 2010 peiker på at barn og unge med utviklingshemming og store samansette lærevanskar blir møtt med for låge forventningar og ein mangelfull pedagogisk innsats i barnehage og skule.

På oppdrag frå Utdanningsdirektoratet utviklar difor Statped tiltak for å fremje inkludering og auke læringsutbyttet for gruppa. I prosjektet «Vi sprenger grenser» har Statped gjennomført forsøksstudiar på barnehagar og skular rundt om i landet, i tett samarbeid med PP-tenesta, leiarar ved institusjonane og føresette.

Tiltaka som er prøvd ut, har overordna gått ut på å:

  • Skape medvitne haldningar til inkludering og utvikle ein inkluderande praksis.
  • Styrke laget rundt læraren. Alle involverte treng naudsynt kompetanse og må jobbe saman.
  • Nytte teknologi og alternative kommunikasjonsformer.

Haldningsarbeid

Og det viser seg at haldningsarbeid nyttar.

– Inkludering kjem ikkje av seg sjølv. Det krev ei leiing som jobbar fram inkluderande haldningar og praksis. Det handlar om å skape ein kultur der inkluderingsarbeidet vedkjem alle barn og tilsette, seier seniorrådgjevar Anita Sande i Statped.

Trass visjonar om ein inkluderande skule, aukar ekskluderinga av elevar med utviklingshemming. I dag går fleire på spesialskular eller i spesialavdelingar enn då Noreg hadde statlege spesialskular.

– Det er dessverre ei utbreidd oppfatning at spesialundervisning skal skje utanfor klasserommet. Jo meir spesialundervisning ein elev har, jo meir er han utanfor fellesskapet. Slik treng og bør det ikkje vere. Spesialundervisning i klasserommet betyr ofte ein ekstra vaksen, noko som er ein ressurs både for lærar og medelevar, påpeiker Sande.

Styrke laget rundt læraren

Kompetanse og samarbeid er også viktig for å auke læringsutbyttet til elevar med utviklingshemming og store samansette lærevanskar.

– Det er krevjande å ha ansvar for elevar med store avvik frå læreplanen. Låge forventningar til barnet skuldast ofte mangel på tilleggskompetanse. Det er vanskeleg å sjå for seg arbeidsmåtar og resultat når ein ikkje har bilete i hovudet av kva som er mogleg å få til, meiner Sande.

Ho seier det er naudsynt at lærarar får nytte den lovfesta retten til kompetanseheving, slik Opplæringslova seier at personale med særoppgåver har. Dette må skuleleiinga lette til rette for.

Det er også avgjerande at læraren ikkje står åleine om ansvaret for barnet med særskilde behov. Skulen må styrke laget rundt læraren gjennom organisatoriske grep, som fast samarbeidstid for dei som jobbar med eleven. Støtte frå PP-tenesta, leiinga og kollegaer i arbeidet med å skrive individuell opplæringsplan er også viktig.

– Rolleavklaring og godt samarbeid mellom kontaktlærar, spesialpedagog og assistent er avgjerande for godt fagleg og sosialt utbytte på skulen.

Teknologi

Statped har testa ut å nytte teknologi for å auke det faglege og sosiale utbyttet for barn med utviklingshemming og store samansette lærevanskar. Erfaringane er gode, gitt at appar, programvare og utstyr blir nytta på ein høveleg og pedagogisk måte.

– Med god pedagogisk tilrettelegging kan teknologi som interaktive tavler og nettbrett gjere det lettare å delta i klassefellesskapet, påpeiker Sande.

Mange appar og program gir høve til differensiering slik at oppgåvene kan tilpassast den enkelte eleven. Dette kan gi meistring og auke sjølvkjensla for eleven.

Positiv utvikling for både elevar og tilsette

NTNU Samfunnsforskning har evaluert «Vi sprenger grenser»-prosjektet. Seniorforskar Anna Kittelsaa og professor Jan Tøssebro har intervjua foreldre, tilsette i barnehagar, skular, PP-tenesta og Statped. Dei har også deltatt på samlingar med foreldre og representantar frå skulane og barnehagane.

– Tiltaka i har gitt ei positiv utvikling for både elevar og tilsette. Barna har fått god oppfølging, dei tilsette har auka kompetansen sin og foreldra opplever å bli tatt på alvor, seier Kittelsaa.

Men sjølv om arbeidsmåtane er verknadsfulle, ser forskarane utfordringar.

– For å auke læringsutbyttet og inkluderinga er det truleg ikkje nok med innsats frå Statped og andre aktørar rundt barnet, seier Kittelsaa.

Ho trur det trengst politiske signal om at undervisninga av barn med utviklingshemming og store samansette lærevanskar blir ei meir sentral oppgåve for barnehagar og skular.

Gode døme

Statped innlemmar no erfaringar frå prosjektet i arbeidet med å støtte PP-tenesta i å følgje opp barn med særskilde behov.

– Dette er gode døme på at det er mogleg å auke læringsutbyttet og inkluderinga av barn med utviklingshemming og store samansette lærevanskar. Alle barn har rett på ein inkluderande skule der dei når potensialet sitt, sjølv om dette av og til kan vere krevjande å få til, seier Monica Fjelldal, fagansvarleg for samansette lærevanskar i Statped.

– Å gå i klasse med nokon som ikkje er lik ein sjølv, kan ha mykje å seie for å utvikle eit godt menneskesyn og positive haldningar til andre, seier Fjelldal.

Powered by Labrador CMS